Ny utstilling til hausten
Arbeidet med å utvide og byggje opp den nye faste utstillinga er godt i gang. Til hausten kan vi invitere til ei endå betre museumsoppleving.
Men arbeidet med den nye utstillinga tyder ikkje at museet er stengt. Museet er ope alle kvardagar frå 12 til 16 heile sommaren bortsett frå veke 27 og nokre ekstra dagar utover sommaren når arbeidet med å montere den nye utstillinga gjer det umogleg å ta imot museumsgjester. Sjekk gjerne heimesida før besøket eller ta kontakt på telefon 70 25 30 03/ 902 01 231.
Gründer-minne samla møbelvener
Sonja Hjelle Røv er endå ein ung og dyktig songfugl frå Sykkylven. Søndag underheldt hp på kulturkvelden om møbelgründerane på kulturhuset i Sykkylven (Foto: Kjetil Tandstad)
|
Dei var engasjerte og kreative, sparsame med pengar og hadde klokkartru på eigne planar. Dette er nokre av kjenneteikna på ein ekte gründer, kom det fram på kulturkvelden tileigna industripionerane på Sunnmøre.
Eit førtital interesserte møtte opp på kulturhuset i Sykkylven søndag 14. april kveld for å få vite meir om dei første pionerane i møbelindustrien.
Eldar Høidal og Kjetil Tandstad frå Norsk Møbelfaglig Senter opna programmet med å liste opp ein del av kjenneteikna som pionerar som til dømes Jens E Ekornes, Karl Emdal og Otto Hjellegjerde hadde til felles.
Ragnar Sandnes - med eit halvt hundre år bak seg i møbelindustrien og leiar i Rajo Møbler gjennom 30 år - fortalde frå sitt liv og om korleis det var å starte si eiga bedrift. Han kom frå heimstaden Eidså til Sykkylven som 15-åring og fekk seg møbeljobb. Som så mange andre greip han etter kvart sjansen og starta si eiga bedrift.
Jarle Tusvik skildra den talrike og fargerike gjengen som sette i gang med eigen fabrikk på Sørestranda.Unge Sonja Hjelle Røv underheldt med song til eige gitarakkompagnement.
Veneforeininga til Norsk Møbelfaglig Senter arbeider for av møbelmuseet i Sykkylven og har medlemmer frå heile landet. Betal inn 100 kroner på konto 3910.31.62290. Hugs å gi opp namn og adresse,
Kulturkveld om gründeren
Søndag lagar møbelvener i Sykkylven kulturkveld til sunnmørsgründerens pris.
Sparsame og risikovillige. Initiativrike, optimistiske og eigenrådige. Mange karakteristikkar er gitt av den klassiske sunnmørske gründertypen som skapte gull av gråstein og blomstrande industri i bondebygdene. Det var ei samling sterke personlegdommar, men kven var dei eigentleg? Det vil Venneforeininga for Norsk Møbelfaglig Senter prøve å finne ut av på ein kulturkveld i Sykkylven søndag kveld.
Arrangementet, som går av stabelen i kulturhuset søndag 14. april, vil ta føre seg kjende profilar frå møbelindustrien og kaste lys over dei gjennom alvor og skjemt. Ragnar Sandnes og Jostein Gjerde har begge skapt sine eigne bedrifter i Sykkylven og vil fortelje om eigne erfaringar. Møbelhistorikarane Eldar Høidal og Kjetil Tandstad vil supplerte med synspunkt og historier om andre møbelpionerar som bygde opp eigne bedrifter langt frå råvarene og langt frå marknadene.
Kulturkvelden er ein i ein serie arrangement i regi av Veneforeininga for Norsk Møbelfaglig Senter der ein prøver å kaste lys over utviklingstrekk frå møbelhistoria. Som vanleg blir det servering og utlodding og tradisjonen tru blir det også musikalske innslag – denne gongen med den unge songarinna Sonja Hjelle Røv, som alt er godt kjend for mange for sine gode songprestasjonar.
Ny møbelquiz på FØNIX
Har du fartstid i møbelindustrien? Eller er du berre interessert i seiemåtar, ord og uttrykk frå ein industri i endring.
Tysdag 9. april klokka 18 blir det møbelkafe på Fønix med quiz om ord og uttrykk frå møbelindustrien. Møbelkafeane på møteplassen Fønix i Sykkylven er ein stad der folk med tilknyting til møbelbransjen kan vere saman sosialt og treffe møbelveteranar med kunnskap om møbelindustrien i tidlegare tider.
Tysdag kveld blir det møbelkafe på Fønix med quiz om ord og uttrykk frå møbelindustrien. Møbelkafeane på møteplassen Fønix i Sykkylven er ein stad der folk med tilknyting til møbelbransjen kan vere saman sosialt og treffe møbelveteranar med kunnskap om møbelindustrien i tidlegare tider.
Ein populært programpost har vore møbel-quiz der dei frammøtte får testa sine kunnskapar om ord og uttrykk frå møbelhistoria og faguttrykk frå møbelbransjen. I tillegg til konkurransen, er det også utsikt til muntre minne og historier. Det blir også servering, fortel leiar for Veneforeininga til Norsk Møbelfaglig Senter, Grethe Østerhus Røyr.
små som heng med
Talet på møbelbedrifter minkar, anten fordi nokre går inn eller fordi dei slår seg saman. Men enkelte små verksemder held koken, enda drivarane er langt over pensjonsalderen. Sjekk ut denne linken
Henco Møbler A/S – Møbelservice
Kurs i møbeltrekking
Har du ein stol du gjerne skulle ha trekt om. Veneforeininga til Norsk Møbelfaglig Senter i Sykkylven planlegg eit kurs i møbeltapetisering til hausten om interessa er der. Røynde fagfolk frå møbelindustrien vil instruere i stopping og sying.Interesserte kan ta kontakt med Norsk Møbelfaglig Senter, telefon 70 25 30 03.
Kulturprisen til Veneforeininga
Veneforeininga til Norsk Møbelfaglig Senter fekk Sykkylven kommune sin kulturpris for 2010. Foreininga fekk prisen for innsatsen dei har gjort for å ta vare på møbelhistoria i kommunen.
Møbelindustrien har dei siste åtti åra vore den viktigaste næringa i Sykkylven både når det gjeld talet på sysselsette og når det gjeld verdiskaping. For å forstå det moderne sykkylvssamfunnet, må ein lære å kjenne møbelindustrien. Veneforeininga til Norsk Møbelfaglig Senter har sidan skipinga hausten 2006 bidrege aktivt til å verne om og formidle den gode møbelarven i kommunen.
Grethe Østerhus Røyr har vore leiar i foreininga heilt frå starten og med glødande engasjement har ho og resten av styret gjennomført ei rekkje tiltak og arrangement innanfor feltet lokal møbelhistorie, heiter det i grunngjevinga frå kulturprisjuryen.
Juryen held fram ei rekkje aktivitetar som Veneforeiniga har stått for: Dei har arrangert ein serie kulturkveldar, som har sett søkjelys på ulike tiår i møbelproduksjon og møbeldesign. Veneforeininga tok initiativet til Møbelkartet, som har registrert og kartfest 111 møbelbedrifter i Sykkylven og har også fått digitalisert og sikra møbelbileta i det rikhaldige arkivet etter fotograf P.P. Lyshol i Sykkylven.
Foreininga har også arrangert ein kulturkveldar for å presentere møblar frå 70-åra og også laga ein kulturkveld for designaren Peter Opsvik. Veneforeininga driv også innsamling av møbelord for Norsk Ordbok, arrangerer treff for møbelveteranar og har arrangert kurs i omtrekking av gamle møblar.
- Dette er ei svært stor ære, sa leiar i foreininga Grethe Østerhus Røyr då ho tok imot prisen - ein diplom og 15.000 kroner - under kommunestyremøtet i Sykkylven måndag 7. februar.
Forum for møbelhistorie
Er du på Facebook og interessert i møblar? Prøv Forum for møbelhistorie - der møbelfolk møtest og utvekslar møbelminne, kunnskap og historier.
Møbelfolk møtest på Forum for møbelhistorie. Der får du hjelp til å aldersbestemme den gamle sofaen på loftet eller gode råd om omtrekking av møblar. Der kan vi også lese dei gode møbelhistoriene og her kan møbelfolk slenge med leppa eller bli ein tanke nostalgiske over fabrikkar som forsvinn og modellar som går ut av produksjon
.Facebook-gruppa Forum for møbelhistorie har per dato 193 medlemmer og talet på møbelvener er stigande. Velkommen skal du vere!
Ver så god, sitt!
Swingbed frå Ekornes - ei moderne og poulær ekteseng då ho vart lansert i 1948 - kan sjåast på den faste utstillinga ved Norsk Møbelfaglig Senter. Senga kunne enkelt svingast frå kvarandre slik at det var lett å kome til med reingjering og oppreiing. (Foto: NMFS) |
Den nye faste utstillinga ved Norsk Møbelfaglig Senter i Sykkylven er open mandag - fredag heile året. I bakgrunnen blir det arbeidd for å utvide og utvikle utstillinga framfor sommarsesongen.
Den nye faste utstillinga Ver så god, sitt! vart opna våren 2012. Dette var ei rein gjenstandsutstilling. Dete blir no arbeidd med å fornye utstillinga med fleire gjenstandar og ikkje minst meir engasjerande formidling. Det skal bli meir prøvesitting, fleire oppgåver og konkurransar og formidling av større mengder fakta via skjermar og høgtalarar, seier dagleg leiar Kjetil Tandstad ved Norsk Møbelfaglig Senter. Konsulentfirmaet Inventas er henta inn for å gi utstillinga ei meir spennande og tiltalande form.
Utstillinga vil stort sett bli open under arbeidet, men det blir truleg behov for kortvarige stengingar på grunn av monteringsarbeid. Utover våren står både besøk av skuleklassar og grupper på programmet.
Heis på plass og snart
kjem Norway Says
Norsk Møbelfaglig Senter er prega av ombygging, men ny trapp og heis til andre etasje er på plass. I løpet av 2011 opnar ei ny stor fast utstilling over 200 kvadratmeter i andre etasje. (Foto: Kjetil Tandstad) |
Ombygginga av lokala til Norsk Møbelfaglig Senter er i full gang. Tidleg neste år skal ein nyoppussa første etasje stå klar med trapp og heis til andre etasje der ei ny fast utstilling skal byggjast. Og til sommaren kan vi sjå Nasjonalmuseet si store vandreutstilling over møblar frå Norway Says.
Oppussinga, som er kostnadsrekna til vel 800.000 kroner, har kome i stand som eit spleiselag mellom utleigar og Stiftelsen Norsk Møbelfaglig Senter, medan Stiftinga Sunnmøre Museum, som NMFS er ei avdeling av, har teke ansvar for å sikre møbelmuseet større areal.
I første etasje blir det kontor til tre, arkiv, bibliotek og eit område som kan brukast både som møtelokale og utstillingsareal. Her blir det også handikaptoalett og trapp og heis opp i andre etasje. I etasjen over skal ei ny fast utstilling over 200 kvadratmeter monterast. Første etasje vil kunne takast i bruk tidleg neste år. Den faste utstillinga vonar ein kan opnast seint i 2011, seier dagleg leiar ved Norsk Møbelfaglig Senter, Kjetil Tandstad.
Sjølv om den nye utstillinga ikkje vil vere klar til sommarsesongen, blir det ikkje tomt i lokala. Nasjonalmuseet i Oslo har sendt ei stor vandreutstilling av produkt frå designfellesskapet Norway Says ut på landevegen og naturleg nok skal denne utstillinga også visast hos Norsk Møbelfaglig Senter. Utstillinga vil dekkje 100 kvadratmeter og vil vise eit breitt utval av moderne møbeldesign i Norway Says-tapping. Utstillinga bør ha spesiell interesse for Sykkylven sidan delar av designfellesskapet blir produsert hos L.K.Hjelle.
attval i veneforeininga
Grethe Ø. Røyr går på eit nytt år som styreleiar i Veneforeininga for Norsk Møbelfaglig Senter.
Årsmøtet i Veneforeininga gjorde attval på Grethe Østerhus Røyr som styreleiar. Norvall Hjellegjerde og Karl Johan Emdal er nye i styret som elles har Ole-Petter Solnørdal og Petter Kirkebø som medlemmer. Ola Kvistad og Ingjerd Asbjørnsen er varamedlemmer.
Veneforeininga hadde 54 personlege medlemmer i tillegg til bedriftsmedlemskapa i året som gjekk. Veneforeininga arrangerte to kulturkveldar og ein quiz-kveld i løpet av året som gjekk. I tillegg til kulturelle innslag hadde den første kulturkvelden temaet underleverandørar og nyskaparar. Songgruppa Øss tre stod for dei musikalske innslaga.
Andre kulturkveld gjekk føre seg i kantina på Ekornes og hadde 90-talet som tema. Her vart det vist møblar produserte på 1990-talet. Roar Hauge-Nilsen fortalde om nasjonale trendar og utfordingar i dette tiåret medan Arve Ekornes tok for seg det som skjedde lokalt og spesielt innanfor Ekorneskonsernet. Credo Brass og Credo Vokal tok seg av dei musikalske innslaga.
Det vart også rangert ein møbel-quiz der faguttrykk frå møbelbransjen var tema. 100 år gamle Tomas Tandstad var ein av dei som gjorde heiderleg innsats på vinnarlaget.
Kulturfest for Nittiåra
Arve Ekornes fortalde inspirert om utviklinga hos Ekornes på nittitalet. (Foto: Eldar Høidal). |
Rundt 120 personar var til stades då Veneforeininga for Norsk Møbelfaglig Senter arrangerte kulturkveld om nittiåra søndag.
Furumøblar frå nesten alle produsentar og aukande kjedemakt er to særtrekk ved nittitalet i norsk møbelindustri. Furutrenden, som alle heiv seg på, øydela den retninga som norsk møbleindustri byrja på med si satsing på funksjon og design. Den sterke makta som møbelkjedene fekk dette tiåret, førte også til ei einsretting i vareutvalet.
I praksis var det kjedene som bestemte kva som skulle produserast. Mange produsentar var ikkje sterke nok til å stå på sitt særpreg, sa Roar Hauge-Nilsen i si orientering om 90-talet under kulturkvelden hos Ekornes i Sykkylven søndag ettermiddag. Arrangementet er det førebels siste i ein serie der Veneforeininga og Norsk Møbelfaglig Senter har kasta lys over dei ulike møbeltiåra etter krigen.
Roar Hauge-Nilsen var direktør i Stokke, han var styreleiar i bransjeforeininga og leia også Modi Skandinavia i Stordal. Som leiande aktør i bransjeforeininga i 1990-åra, var han ein konsekvent talsmann for reindyrke produktliner og produksjonsfilosofi. Han meinte at produsentane måtte velje om dei skulle drive industri eller handverk. Det var alt for mange som låg midt imellom.
Arve Ekornes hos Ekornes kom inn i bedrifta i 1983 og har i dei siste tjue åra leia produktutviklingsavdelinga. Han heldt eit levande innlegg om produktutvikling og produksjon i Ekornes i desse åra. Jarle Tusvik, ein veteran i Ekornes-systemet, bidrog med gode historier " frå gølvet" medan musikk og songgruppa Credo Brass og Credo Vokal skapte stemning blant publikum.
Stor interesse for arkeologi
Arkeolog Heidi Haugene frå Godøy Kystmuseum visder fornfunn frå Sykkylven.(Foto: Eldar Høidal.) |
I snøvêr og kuling møtte eit syttital interesserte opp for å spasere gjennom 8000 års Aure-historie torsdag 25. oktober. Etterpå trekte folk inn i lokala til Norsk Møbelfaglig Senter der ekspertar frå Sunnmøre Museum gjekk gjennom dei historiske epokane.
Utandørs var det omrissa etter bygningane som vekte største interesse. Buplassen frå steinalderen, bronsealderhuset og det 570 kvadratmeter store gildehallen frå jarnalder var markert med brennande faklar. Innandørs demonstrerte konservator Per Sæther flintsmedkunst, arkeolog Heidi Haugene fortalde og viste fram gjenstandar frå bronsealder og jarnalder, medan ekteparet Margit og Arve Yndestad viste fram våpen og tekstilar og serverte suppe frå vikingtid.
Bak det felles arrangementet stod Sykkylven Naturhistoriske Museum og Norsk Møbelfaglig Sente som med hjelp frå Stiftinga Sunnmøre Museum på denne måten vil markere at dei to musea no skal få utstillingslokale i Storgata 18. Dermed vil det også liggje godt til rette for ei formidling også av dei spennande arkeologiske funna som er gjort i kommunesenteret i Sykkylven.
Kulturkveld på EKORNES
Eit nittitalsmøbel. Contura-stolen frå 1994. Design: Svein Asbjørnsen. |
Nittitalet er tema for kulturkvelden i Ekornes-kantina søndag ettermiddag. Gjenopplev eit brokete møbeltiår.
Bli med på ein tur tilbake til nittitalet. Arve Ekornes vil vise møbelmodellar og fortelje om møbelproduksjonen i Sykkylven og på Ekornes. Møbelveteran Roar Hauge-Nilsen vil orientere om møbelbransjen nasjonalt og Jarle Tusvik vil fortelje muntre historier frå møbelmiljø.
Credo Brass og Credo Vokal vil stå for dei musikalske innslaga og som vanleg blir det ein romsleg pause til mat og prat og utlodding av flotte premiar. Det er gratis inngang.
Vel møtt til Ekornes-kantina på Ikornnes søndag 28. oktober klokka 17. Inngang frå parkeringsplassen nord for admisbygget. Arrangør er Veneforeininga for Norsk Møbelfaglig Senter.
Kveldsvandring gjennom 8000 år
Torsdag 25. oktober inviterer musea i Sykkylven til kveldsvandring gjennom dei arkeologiske funna i Aure sentrum. Det skal bli ein stemningsfull tur blant tufter og fornfunn opplyste av faklar og levande lys.
Vandringa startar klokka 19 ved den opptil 8000 år gamle steinalderbuplassen i bakken overfor Sykkylvsbladet i Storgata. Turen går vidare frå bronsealder(1800 – 500 f. Kr) til jarnaldertuftene og leivningane etter den 57 meter lange gildehallen ved Kapraltunet. Dette er ei av dei største bygningane frå førhistorisk tid vi kjenner her i landet. Vandringa endar opp ved Kyrkje-parken der det vert servert varm vikingmat.
Gratisarrangementet er ope for alle og er ei markering av at Norsk Møbelfaglig Senter og Sykkylven Naturhistoriske Museum skal samlokaliserast i sentrum. Museumskollegaer frå fleire andre avdelingar av Stiftinga Sunnmøre Museum stiller opp for å gi publikum ei spennande oppleving denne kvelden.
Frå Godøy Kystmuseum kjem arkeolog Heidi Albertinesdatter Haugene som vil dele sin kunnskap om busetnad og levevis. Ho vil fortelje om dei unike funna som er gjort i Aure sentrum og vise gjenstandar og funn som er typiske for kvar epoke. Busetnaden har flytta etter kvart som havet trekte seg tilbake. Det har gitt Aurefløten eit konsentrert arkeologisk område der ein i dag kan spasere gjennom 8000 år med sykkylvshistorie i løpet av fem minutt.
Møbelopplevingar
Frå omvising i Norsk Møbelfaglig Senter. |
Vanskeleg å få med seg den nye utstillinga ved Norsk Møbelfaglig Senter på dagtid? Unn deg ein guida matatur til møbelmuseet og Galleri Cylindra i Sykkylven.
Møbelbygda Sykkylven har sitt eige nasjonale møbelmuseum. På ei utstilling på 200 kvadratmeter viser vi veg gjennom hundre år møbelhistorie.Utstillinga er open 11- 16 mandag til og med fredag. No er det høve til å slå fleire fluer i ein smekk.
Furniture Guiding arrangerer guida tur som er innom både møbelmuseet i Sykkylven sentrum og Galleri Cylindra i Tusvika onsdagane i fellesferien klokka 18. Etter ein tur gjennom møbelmuseet går turen vidare til Galleri Cylindra, der ein kan sjå kolleksjon av møblane som designaren Peter Opsvik har skapt med utgangspunkt i sylinderforma. Kjellbjørn Tusvik vil vise korleis møblane blir laga.Etterpå blir det servering i galleriet over fabrikken og høve til å oppleve produkta til glaskunstnar Janusz Pyka.
Påmelding til Furniture Guiding telefon 91 00 01 01 eller mail@furnitureguiding.com eller 70 25 30 03 / 90201231. Billett: kr 200, inklusiv servering.
Den beste stillinga er den neste
Den beste sitjestillinga er etter ei stund alltid den neste, meiner designaren og jazzmusikaren Peter Opsvik.
Rundt 150 menneske opplevde designaren og jazzmusikaren Peter Opsvik i Galleri Cylindra i Sykkylven søndag ettermiddag 3. oktober. Han meiner at skifte av stillingar og variasjon og rørsle er naturleg for mennesket. Derfor har han gjennom heile sin karriere teikna møblar som stimulerte til rørsle og variasjon. Sjølv varierte han den interessante foredraget med jazztonar på saksofon med Aage Lade som akkompagnatør.
Kulturkvelden med Peter Opsvik var endå ein publikumssuksess for Venneforeininga for Norsk Møbelfagleg Senter. Publikum vart inviterert til fri inngang og kaffi og kaker og tok sitt monn igjen med det tradisjonelle loddsalet. 99,6 prosent av menneskas tid på jorda har vi vore nomadar, sa Peder Opsvik. Han viste med bilder og animasjonar korleis han meiner mennesket gjer vald på seg sjølv med eit stillesitjande liv og korleis han har designa møblar for å motverke det.Med denne filosofien i botnen har Peter Opsvik skapt ei rekkje nyskapande møblar, frå Tripp-trapp-stolen som veks med barnet til Balans-serien og kontormøblement som stimulerer til ei variert sitjestilling.
Gjest var lærar i kunst og handverk ved Gimse ungdomsskole i Melhus, Sidsel Trasdahl frå Gimse ungdomsskole i Melhus i Sør-Trøndelag, fortalde korlreis ho har brukt Peter Opsviks filosofi og design i boka Cabinets i undervisninga og opplevd fantastisk respons frå elevane. Meir om Peter Opsvik: www.opsvik.no
møbelhistoria på utstilling
Møteplass for sentrumsidear
Norsk Møbelfaglig Senter blir ein av møteplassane når idear om den framtidige sentrumsutviklinga i Sykkylven skal spelast inn.
Frå måndag 16. til og med onsdag 18. april skal eit knippe arkitektar og innbyggjarane i Sykkylven ha brei kontakt om den framtidige utviklinga i sentrum.
Arrangementa er eit ledd i det som skal munne ut i ein arkitektkonkurranse der ei rekkje arkitektkontor vil vere med. Måndag klokka 18 startar ei sentrumsvandring frå Norsk Møbelfaglig Senter i Storgata 18 som blir avslutta med ei samling på Berlihuset. Tysdag 13 - 17 er det ope hus for alle som vil kome med innspel til arkitektane og onsdag skal innspela summerast opp.For meir informasjon og fullstendig program, sjekk www.sykkylven.kommune.no.
Dei gamle var eldst i møbelquiz
Møbelbygda under lupa
Kort pause i hektisk program for niandeklassingane Frå barnekroken i utstillinga hos Norsk Møbelfaglig Senter. (Foto: Magnhild Vatne) |
Eit hundretal niandeklassingar frå Sykkylven jobbar i vekene framfor påske med å setje seg inn i møbelhistoria i heimbygda. Møbelmuseet er første stopp.
Museumsbesøket er første del i eit prosjekt som har namnet Heimbygda og som dette året skal handle om møbelindustrien i Sykkylven. Elevane deler seg inn i smågrupper og vel seg eitt møbel frå Sykkylven. Så får dei i oppdrag å hente ut informasjon om produksjonsbedrift, design, konstruksjon og historisk bakgrunn. Resultatet skal presenterast for dei andre elevane gjennom lysbilde, foredrag eller artiklar. Slik skal også medelevane få kunnskap om alt det kvar elev har kome fram til.
Sykkylven er noko for seg sjølv, sa museumsstyrar Kjetil Tandstad ved Norsk Møbelfaglig Senter i møte medelevane. Han viste til statistikk som viser at kommunen har fire gongar så mange industriarbeidsplassar som landsgjennomsnittet. Men kommunen har også berre ein brøkdel av landsgjennomsnittet når det gjeld offentlege arbeidsplassar, service og hotell og restaurant-jobbar. Sykkylven blir rekna som den nest mest sårbare kommunen i landet på grunn av einsidig næringsliv. Derfor er det ei utfordring for kommunen å få nye og andre arbeidsplassar til kommunen.
Niandeklassingar studerer møblar
Full konsentrasjon om å plassere rett stol i rett tidsepoke. Stilhistorie er eitt tema dei er innom under sitt besøk på NMFS (Foto: Magnhild Vatne) |
Opplev ein møbelfabrikk
Bli med på ei vandring gjennom landets største og mest moderne møbelfabrikk Ekornes medan produksjonen går for fullt.
Torsdag 7. juli og torsdag 11. august opnar Ekornes igjen dørene for publikum. Ein guide frå fabrikken vil ta oss med gjennom dei ulike avdelingane for å vise korleis moderne møbelproduksjon går føre seg.
Møbelvandringa tek til klokka 14 og varer i om lag to timar. Oppmøte ved hovudinngangen. Tilbodet er gratis. Born under 12 år kan ikkje vere med på omvisinga. Påmelding til Norsk Møbelfaglig Senter på telefon 70 25 30 03/90 20 12 31.
English: Join a tour to one of the Worlds most modern furniture factories while the production is on.
Thursday 7. July and Thursday 11. of August Ekornes in Sykkylven opens their production halls for the public. Ekornes makes the world product Stressless chairs and sofas.
The two hour guided tour is free. For safety reasons,no children under 12. Meet at the main entrance og Ekornes at 1400. Phone Norsk Møbelfaglig Senter +47 70 25 30 03/+47 90 20 12 31 to register.
Første bidrag i boks
Første pengebidrag til utstillinga ved Norsk Møbelfaglig Senter er i boks. Den nye faste utstillinga skal formidle meir enn hundre år med norsk møbelindustri. Sofadesign: Olav Eldøy.
|
Julenissen på Møbelfagleg Senter i år er Fagforbundet Industri Energi (tidlegare Norsk Treindustriarbeiderforbund), som nettopp melde frå om at dei har løyvd 200.000 kroner til ei ny permanent utstilling over møbelindustriens historie.
UTSTILLINGA ER STENGT
Norsk Møbelfaglig Senter arbeider no med å utvikle den nye faste utstillinga som skal opne i løpet av 2012. Utstillingsavdelinga er derfor stengt.
Men staben er på plass og dei andre aktivitetane ved Norsk Møbelfaglig Senter vil halde fram som før. Det blir også lagt opp til eit aktivt program med kulturkveldar, møbelkafe og andre arrangement. Lokala er bemanna frå 08.30 til 16.00 og alle interesserte er velkomne inn for ein møbelhistorisk prat.
Møbelkåseri og årbokslepp
Visitt i åttiåra
Sykkylven Blandakor spreidde glede med sine åttitalssongar og sine åttitalsklede. |
Kvifor er så mykje vi tykte var så veldig flott ein gong plutseleg så inderleg stygt. Det er noko å tenkje over, sa designar Kjell Heggdal då han såg tilbake på sterke furutrenden som prega norsk møbelproduksjon i åttiåra.
Høyr agentane fortelje
Møbelagentes liv er brulagde med gode historier. Høyr dei muntre herrane Malvin Vegsund og Kåre Hunnes fortelje frå sine mange år som møbelseljarar landet rundt.
Haustens første møbelkafe går av stabelen laurdag 24. september på Fønix. Denne gongen er det møbelagenten som står i fokus. Agentane reiste landet rundt og selde sunnmørsmøblar. Godt humør og gode historier var ein viktig arbeidsreiskap og når dei kom heim frå siste salsturneen, hadde dei gjerne litt av kvart å fortelje.
Ta turen på Fønix i Sykkylven laurdag 24.september klokka 14 og høyr agentane fortelje. Som vanleg blir det kaffi og litt og bite i og det er også tid til ekstra historier om det er nokon av gjestene som har historier å bidra med.
Arrangør er Veneforeininga til Norsk Møbelfaglig Senter.
Ein million til utstilling
Møbelmuseet har alt den aller første industriroboten som vart teken i bruk i møbelindustrien. I den nye utstillinga som no skal byggjast opp vil ein gjerne også vise kva ein moderne robot kan gjere.(Foto: NMFS) |
Styret for Stiftelsen Norsk Møbelfaglig Senter tek sikte på å samle inn minst ein million kroner til ei moderne interaktiv utstilling av møbelindustrien si historie.
Berre ei klassisk gjenstandsutstilling er ikkje lenger nok i eit moderne museum. Norsk Møbelfaglig Senter har mange møblar får ulike epokar som kan stillast ut. Men eit moderne museumspublikum krev å få sjølv velje kva emne dei skal fordjupe seg i. Dei vil oppleve historia også gjennom lyd, bilde og filmklipp og dei krev også spenning og underhaldning i tillegg til faktakunnskapen, seier avdelingsleiar Kjetil Tandstad ved Norsk Møbelfaglig Senter.
Referansegruppe
Ei referansegruppe med folk frå møbelbransjen, designmiljøet og Sunnmøre Museum har utveksla tankar om korleis ei moderne museumsframstilling av norsk møbelindustri bør sjå ut. På bakgrunn av desse innspela er det arbeidd fram eit utkast til plan for utstillinga. I tillegg til å vise fram representative møblar frå samlinga, tenkjer ein seg her formidling av blant anna bilde, lydfiler og filminnslag. Norsk Møbelfaglig Senter har alt den aller første industriroboten som vart teken i bruk i møbelindustrien. No ønskjer museet også ein som kan demonstrere kva ein meir moderne robot er god for.
Brei appell
Moderne museumsformidling krev utstyr, programvare og konsulenttenester som kostar. Til gjengjeld er informasjon som kan hentast fram via tekst, bilde og film frå datamaskinar plassparande og gjer det mogleg å skifte ut utstillingsinnhaldet utan store kostnader.
- Vanlegvis er det drifta av kulturinstitusjonear som er den store bøygen. Drifta av NMFS er sikra gjennom Sunnmøre Museum. Det som står att no er eit felles løft for å få ei representativ permanent utstilling på plass. Under mottoet "Det er ikkje berre møbelindustrien som har tent pengar på møblar" går NMFS no breitt ut og bed om økonomisk tilskot. Bransjen blir beden om å gi 100 kroner per tilsett og fagforbundet IndustriEnergi ein tilsvarande sum. I tillegg blir bankar, forsikringsselskap, lokalt næringsliv og organisasjonar utfordra.
2012
Når den nye utstillinga er på plass, er avhengig av kor raskt pengane kjem inn. Målet er å ha ei fullt ferdig utstilling klar i løpet 2012, seier Kjetil Tandstad.
Ei moderne og atttraktiv utstilling er ikkje berre viktig for å vise kva møbelbransjen har greidd å få til gjenno mdei vel hundre siste åra og skape forståing for det også blant born og unge. Ei god møbelutstilling blir også eit viktig turistmål og vil vere eitt av besøka som blir tilbode i det nye guideprogrammet Furniture Guiding, som tek sikte på å gjere møbelproduksjonen og møbelhistoria til turistmål.
Agenthistorier
Vi har mykje å fortelje, men vi kjem ikkje til å fortelje alt, sa ein velopplagt Kåre Hunnes som saman med Malvin Vegsund fortalde historier frå tilværet som møbelagent.
Dei to pensjonerte møbelagentane hadde mange gode historier på lager og fekk latteren til å runge rundt borda på Fønix i Sykkylven laurdag ettermiddag. Arrangementet vart teke opp på band og både lydopptaket og ein skriftleg versjon av det som kom fram, blir etter kvart ein del av samlinga til Norsk Møbelfaglig Senter.
Møbelkafeen er ein møtestad for menneske som har arbeidd i møbelindustrien eller som av andre grunnar har interesse for faget. På bildet ønskjer Rolf Hjellegjerde frå Venneforeninga til Norsk Møbelfaglig Senter(til venstre) velkomen til dei pensjonerte møbelagentane Malvin Vegsund (i midten) og Kåre Hunnes. (Foto: Eldar Høidal.)
Blir du med til Milano?
Mange ønskjer seg til Milano under den internasjonale møbelmessa til våren. No kan du få med deg eit opplevingsrikt opphald i mote- og designbyen og to messedagar i selskap med Veneforeininga til Norsk Møbelfaglig Senter.
Profesjonelle møbelfolk likar å ta ein tur til Milano-messa om våren for å bli oppdatert om nye trendar, fargar og moteretningar innan møbel. Under denne viktige internasjonale møbelmessa er flyrutene fullbooka og alle hotell opptekne. Det er som regel vanskeleg å kunne oppleve møbelmessa utan å ha bestilt mest eit år i forvegen.
Derfor har Veneforeininga til Norsk Møbelfaglig Senter reservert 15 plassar i ei gruppereise tur- retur med fly frå Ålesund til Milano og hotell sentralt i byen frå 15. til 19. april. Det blir to dagar som er sette av til shopping og turistopplevingar før messa opnar. Deretter kan du bruke to heile dagar på messa saman med ein kjentmann i miljøet.
Prisen for fly tur retur og hotell blir ca kr 19.000. Påmelding må skje før 25. september til telefon 70 25 30 03/90 20 12 31.
Hundrevis av designarspirar til senteret
Dei siste vekene har over 500 designarspirar frå
11-18 år besøkt Norway Says-utstillinga vi no har på lån frå Nasjonalmuseet.
Kva med ein tomatlampe som vart roselampe, eller ein bringebærlampe? |
I workshopen etter omvisninga, har mange små og store kreative sjeler fått laga "draume-lampen" i modelleringsleire.
Oppgåva har vore klart avgrensa - form ein taklampe/stålampe/vegglampe med utgangspunkt i frukt/grønsak/bær. Og det vart garantert ikkje to som vart like! Skapargleda har vore til å ta og føle på, når over 500 barn og unge har vore innom og prøvt å løyse designoppgåva.
Norway Says-utstillinga står ut veke 38, og vi har full rulle med klasser til siste opningsdag. Her gror det skaparglede!
Lær å trekkje møblar!
Har du ein stol som treng nytt trekk? Lær møbeltapetsering av veteranar i bransjen.
Veneforeininga til Norsk Møbelfaglig Senter går denne hausten i gang med eit nytt kurs i møbeltapetsering. Kurslærarar er veteranar som har arbeidd i mange tiår med sying og trekking av møblar.
Kurset blir gjennomført i lokala til Sykkylven vidaregåande skule.Kursavgifta er kr. 1000 som ikkje kan seiast er urimeleg når ein får sju kurskveldar og dessutan sjansen til å totalrenovere ein eldre stol.
Kursa vil bli arrangert sju måndagskveldar etter kvarandre mellom kl 18 og kl 21. Første kursdag er 10. oktober. Kurshaldarane har gode kontaktar og kan hjelpe med å skaffe møbelstoff og anna materiell til kurset.
- Same dag som kurset vart annonsert var tre av dei totalt seks kursplassane tinga på. Men her er altså plass til fleire. Ring 70 25 30 03/90 20 12 31 for påmelding, seier dagleg leiar Kjetil Tandstad i Norsk Møbelfaglig Senter.
New Norwegian Design
Welcome to a taste of new Norwegian design: At the Museum of Furniture you can experience the works of Norway Says.
At the museum of furniture industry in Sykkylven you can see their sofas and chairs, ipod and bicycle, vases and lamps and more. Tuesday - Friday 1100 - 1600 at Norsk Møbelfaglig Senter, Storgata 18, Sykkylven. Free entrance.
Ny design på norsk
Sommarutstillinga er på veg. 1. juli opnar Norsk Møbelfaglig Senter i Sykkylven dørene for ei stor utstilling vigd til den nyskapande designgruppa Norway Says.
Vandreutstilling. Norway Says 10 er tittelen på vandreutstillinga som Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design har sendt ut. Utstillinga er bygd opp kring Norway Says-design frå dei siste ti åra og representert gjennom utvalde produkt frå industrien. Fredag 1. juli blir utstillinga opna i Sykkylven.
Det finst knapt nokon som har gjort meir for å få plassert Noreg på designkartet det siste tiåret. Norway Says har blant anna formgitt møblar for produsenten L.K. Hjelle i Sykkylven. Utstillinga viser også ei rekkje andre industriprodukt som stolar og bord, lampar, ipod og mobiltelefon, koppar og skåler.
Milano. Sommaren 1999 møttest Andreas Engesvik og Espen Voll på fest og vart samde om å etablere ei designgruppe. På denne tida var det svært få norske designarar som blei lagt merke til internasjonalt. Den nye norske gruppa fekk fantastisk mottaking på Salone Satellite i Milano i 2000 og like fin velkomst på utstillinga 100 % Design i London.
Seinare kom også designaren Torbjørn Anderssen med. Designgruppa vekt oppsikt på ei rekkje utstillingar både i Noreg og i utlandet. Dei har fått det meste av høgthengande prisar, frå heidersprisen til Norsk Designråd( 2003) til Wallpaper Design Award (2004 og 2009), Bruno Mattson-prisen (2004) og Torsten og Wanja Søderberg-prisen i 2007.
Skandinavisk. Norway Says har utmerka seg med enkle, nyminimalistiske møblar og designprodukt med former som appellerer like mykje til det emosjonelle som det funksjonelle. Det er design som både er enkel og kompleks og som er lada med eit poetisk uttrykk. Gruppa er ein del av ein internasjonal designkultur, men produsentane er anten skandinaviske eller norske. Gruppa spring ut av ei revitalisering av Scandinavian Design-ideala som kom på 1990-talet, noko som blant anna kjem til uttrykk i ei ærleg tilnærming til oppgåva, bøying av tre og den enkle materialkjensla, heiter det i presentasjonen frå Nasjonalmuseet.
Møbelhistorisk i Hundeidvik
Steinar Myrseth orienterer om historia til møbelfabrikken Formfin under kulturkvelden i Hundeidvik.(Foto: Eldar Høidal) |
Eit hundretal menneske fann vegen til kulturkvelden som Veneforeininga til Norsk Møbelfaglig Senter arrangerte i Hundeidvik søndag 3. april.
Møbelhistorie og lokalhistorie stod i sentrum på kulturkvelden i showrommet i møbelfabrikken Formfin i Hundeidvik. Elevar frå Hundeidvik skule, som hadde vore gjennom Norsk Møbelfaglig Senter sitt pedagogiske opplegg Møbelminnefinnar, la fram prosjektet sitt for bygdefolket. Dei fortalde gjennom historier, bilde og lydopptak korleis møbelindustrien hadde vakse fram i Hundeidvik sidan Formfin kom i gang i 1946.
Steinar Myrseth fortalde også frå historia til Formfin medan Olav Utgård viste ein del eldre reklamefoto av Formfin-modellar gjennom tidene. Desse er henta frå det rikhaldige arkivet til fotograf P.P. Lyshol i Sykkylven som Norsk Møbelfaglig Senter har overteke ansvaret for. Kristina Roth Kurseth fekk varm applaus for si vakre tolking av norske viser.
Etter planen skulle telefondamer som arbeidde på sentralen før telefonen blei automatisert også fortelje, men her vart det forfall. Det blir ein programpost vi kjem tilbake til på ein seinare kulturkveld. Det vart likevel eit program på to og ein halv time medrekna kaffipause og som vanleg kvitterte publikum for gratis inngang og heimebakst med å kjøpe godt med lodd under tombolaen.
Ein smakebit av Lyshol
Bygdefotografen P.P. Lyshol fotografert det meste av det som vart laga av møblar i Sykkylven og nabokommunane. Arkivet hans over dei første møbeltiåra er overteke av Norsk Møbelfaglig Senter og vart presentert for publikum sist søndag.
Fotograf Peder P. Lyshol tok reklamebilda som den gryande møbelindustrien i Sykkylven hadde bruk for. Han hadde sjølv erfaring frå møbelfabrikk før han gjekk i lære med Ørsta-fotografen Olav Lystad og seinare tok yrkesutdanning i Trondheim.
Brann. Fotobutikken han etablerte i heimbygda i 1936 strauk med i Aurebrannen tre år seinare og han stod på berre bakke igjen. Men under og etter krigen etablerte han seg som dyktig bygdefotograf, ein portrettfotograf av nasjonale dimensjonar og som reklamefotograf med møblar som spesiale.
Sonen Skjold Lyshol heldt eit inspirert og medrivande kåseri om faren og korleis ein fotograf arbeidde i hans tid. Det kunne vere problem med vatnet som fraus, slik at skyljevatnet til bileta måtte hentast i bøtter frå Aure-elva. Det kunne vere møbelfabrikantar med dårleg tid som kravde ferdige bilde av møblar som berre var halvferdige. Og det kunne bety møte med kjendisar, som då Hjellegjerde stilte opp med skihopparen Bjørn Wirkola som blikkfang då modellen Manjana skulle lanserast på sekstitalet.
Smakebitar. Inge Langlo og Eldar Høidal viste og kommenterte nokre smakebitar frå bildeskatten med sine 3000 møbelbilde frå meir enn tre tiår. Dei originale bilda i Lysholarkivet er no plasserte trygt i fotomagasinet ved Sunnmøre Museum. Ved Norsk Møbelfaglig Senter finst digitale kopiar og arbeidet med å samle opplysningar og datere bilda er i gang. Etter kvart skal bilda også bli tilgjengeleg på internett.
Digitalisering. Det var Veneforeininga til Norsk Møbelfaglig Senter som finansierte digitaliseringa av Lyshol-arkivet og det var også Veneforeininga som arrangerte kulturkvelden søndag kveld. Det var første gong publikum fekk sjå dei nye utstillingslokala til møbelmuseet i Storgata. Det musikalske innslaget var denne gongen ved den lovande songarinna Anna Skram Eikrem akkompagnert av Håvard Bjørnestad på gitar. Og som vanleg: Kaffi og kaker og god tid til ein prat over borda mellom gjestene, som denne gongen talte rundt femti personar.
Eit lokalt møbelarkiv
Frå 1936 og i tiåra framover var fotograf P.P. Lyshol i Sykkylven reklamefotograf for den lokale møbelindustrien. Søndag kan du få eit innblikk i arkivet på rundt 3000 møbelbilde som gir eit spennande tverrsnitt av produksjonen gjennom fire tiår.
Søndag 5. juni klokka 17 blir det presentasjon av Lysholarkivet som Veneforeinga til Norsk Møbelfaglig Senter har overteke ansvaret for. I arkivet finst det rundt 3000 foto av ulike møbelmodellar, produserte i Sykkylven eller nabokommunane.
Dette unike materialet frå kjellarbedriftenes tid og framover har Norsk Møbelfaglig Senter fått katalogisert og digitalisert i samarbeid med Fylkesfotoarkivet og Sunnmøre Museum. Slik er samlinga no både sikra for framtida og lett å finne fram i.
Søndag blir arkivet presentert offentleg for første gong i dei nyoppussa lokala til Norsk Møbelfaglig Senter i Storgata 18 i Sykkylven. Skjold Lyshol vil fortelje om arbeidet med å fotografere møbelmodellar. Inge Langlo og Eldar Høidal kommenterer smakebitar frå arkivet. Det blir song ved Anna Skram Eikrem, akk. av Håvard Bjørnestad på gitar. Det blir som alltid kaffi og kaker og utlodding. Gratis inngang.
Ungdommens møbelstil og Bik Bok
- kulturminnet veke 50 (siste artikkel)
Ekornes tok ein sjanse og jakta på ungdommens møbelstil i samarbeid med kleskjeda Bik Bok.
Vassenga var eit ”must” for mange frå slutten av syttitalet. Den skråstilte Bik Bok-hylla braut kraftig med møblane foreldregenerasjonen ville ha. Både senga og hylla er med på dette bildet som stammar frå utstillinga Sengens Historie ved Norsk Møbelfaglig Senter i 2002.
Bik Bok-serien var mynta på ungdommane som i desse åra var i ferd med å vekse fram til å bli dei nye storkonsumentane. Fargane skulle vere ungdommeleg frekke og dus pastell. Ekornes gjekk tungt inn i ein produktserie med fikse kombinasjonar senger og sitjeplassar, hyllesystem og små runde glasbord i tidas motefargar.

Gleda i dei nære ting
I Kulturminneåret 2009 er det dagleglivet sine kulturminne som skal stå i sentrum. Norsk Møbelfaglig Senter i Sykkylven dokumenterer møbelhistorie både lokalt og nasjonalt, og arbeider slik nettopp med kulturminne frå dagleglivet. Ved senteret har vi ei samling av både møblar, verkty, maskiner, bilete og historier som vi vil presentere smakebitar av gjennom kulturminneåret.
Serien vert veka før trykt i Sykkylvsbladet i fast fredagsspalte. Tidlegare artiklar finnast under menypunktet "Nettutstillingar".
St.Olav til Inge Langlo
Møbelnestoren Inge Langlo er tildelt St.Olavs Orden av 1. klasse for samfunnstenleg arbeid. Fylkesmann Lodve Solholm vil dele ut heideren i Storfjord kulturhus på Stranda 13. desember.
Inge Langlo er fødd i 1933 og som nevø av møbelpioneren Peter Ivarson Langlo låg det i korta at han skulle gå inn i familiebedrifta på Stranda når han var ferdig med utdanninga si. Det gjorde han i 1957 og han gjekk i gang med å fornye kolleksjonen for å stille sterkare i den internasjonale konkurransen på møbelmarknaden. Han samarbeidde i denne perioden tett med designaren Arne Halvorsen.
I 1970 var Møre Lenestolfabrikk i Ørsta til sals og Inge Langlo overtok bedrifta saman med kompanjongen Olav Nerbøvik. Bedrifta endra etter kvart namn til Møremøbler. Bedrifta hadde alt før 1970 fått fram stolmodellen Laminette, formgitt av Sven Ivar Dysthe. Dette produktet ga bedrifta etter kvart eit godt fotfeste innan marknaden for offentlege møblar i inn- og utland. Møremøbler utvikla seg etter kvart til å bli den leiande kontraktmøbelbedrifta i landet med produkt som er blant dei fremste blant norske designikon. Inge Langlo gjorde også ein stor innsats gjennom bransjeorganisasjonane for at norsk møbelindustri skulle satse på design og kvalitet og ikkje berre på låge prisar.
På tampen av si yrkeskarriere engasjerte Inge Langlo seg i oppbygginga av Norsk Møbelfaglig Senter, som kom i gang i 1994. I dag er senteret møbelindustrimuseum og vårt nasjonalt dokumentasjonssenter for møbelindustrien.
Blei takka for kurs
Møbelveteranane som heldt kurs for folk som ville lære å trekkje om møblar i haust vart heidra måndag. Frå venstreOla Kvistad, Petter Kirkebø og Rolf Hjellegjerde. Astrid Eik Roald, som også var aktiv som kursleiar, var ikkje til stades då biletet vart teke. (Foto: Kjetil Tandstad)
|
Veneforeininga til Norsk Møbelfaglig Senter heidra populære kurshaldarar med juleglede og lussekattar måndag.
Leiar i Veneforeininga til Norsk Møbelfaglig Senter, Grethe Østerhus Røyr, takka kursleiarar som har hatt elevar i møbeltapetsering då styret hadde sitt siste møte før jul.
Seks deltakar stilte med sine nedslitne møblar som dei fekk fornya. Kurset gjekk føre seg i verkstaden ved Sykkylven vidaregåande skule og kursdeltakarane fekk god fagleg hjelp med restaureringsarbeidet. Astrid Eik Roald, Petter Kirkebø, Ola Kvistad og Rolf Hjellegjerde var kursleiarar. Tilbakemeldingane frå deltakarane er gode og kursleiarane er ikkje framande for å ta del på eit nytt kurs til våren om interessa er der.
Stor stemning på riddarfest
Inge Langlo gav ei stor del av æra for St.Olavs Orden til kona Torunn (Foto: Kjetil Tandstad) |
Meir enn åtti slektningar, vener og bransjefolk var med å feira og feira då Inge Langlo fekk tildelt St. Olavs Orden i Storfjord kulturhus måndag.
Stemninga var stor på Stranda måndag 13. desember då eit åttital gjester feira tildelinga av St.Olavs Orden til møbelveteranen Inge Langlo.
Fylkesmann Lodve Solholm stod for overrekkinga på vegner av Kongen og det vanka mange godord blant dei mange heldt tale for den nyslegne riddaren. Møbelhistorikar Eldar Høidal heldt fram innsatsen hans for å gjere norsk møbelindustri tilpassingsdyktig og konkurransedyktig. Både som produsent og som tillitsmann i møbelbransjen har han hatt mykje å seie for utviklinga, sa han.
Inge Langlo på si side kjende seg usikker på kvifor han hadde blitt plukka ut til å få ordenen blant mange andre som også hadde gjort ein stor innsats. Han avslutta takketalen sin med ei hylling av kona Torunn som passa hus og born medan han var ute og reiste. Utan henne, ingen St.Olav heller, sa Inge Langlo.
Velkomne til åttitalet
Totem. Design: Torstein Nilsen. Produsent Møre Lenestolfabrikk, Ørsta 1984. |
Bli med til eit nytt tiår med møblar, song og mote. Denne gongen inviterer Veneforeininga til Norsk Møbelfaglig Senter til kulturkveld med åttitalet som tema. Ikkje gløym skulderputene.
Veneforeininga Norsk Møbelfaglig Senter og Sykkylven Blandakor har tidlegare presentert tiår gjennom mote, møblar og musikk. Søndag 20. november er det åttitalet som står for tur.
Som vanleg vil det bli foredrag om trendar og tendensar dette tiåret. Adm. dir. Helge Brunstad hos Brunstad AS vil fortelje om møbelproduksjonen dette året og designar Kjell Heggdal vil sjå på tiåret frå sin kant.
Sykkylven Blandakor stiller i åttitalskostyme og syng åttitalsslagarar som til dømes "La det swinge". Og Odd Karstein Fløtre var til stades på ei juleavslutning på Vestlandske ein gong på åttitalet og vil vise oss nærgåande bilde av kjende møbelfolk i feststemning.Og som vanleg blir det utstilling av møblar frå perioden, gratis inngang og kaffi, mat og lodd til sals.
- Åttiåra var eit vitalt tiår både i møbel, mote og musikk, seier dagleg leiar Kjetil Tandstad ved Norsk Møbelfaglig Senter. Det vi hugsar best er kanskje puddelsveisane og skulderputene. Det var mykje nytenking og nyskaping til dømes innanfor møbeldesign. Vi hadde Bik Bok-møblane i rosa og mint, men fekk også Svein Asbjørnsen Split-serie som seinare har blitt eit viktig prinsipp innanfor kontormøblar. Men medan bransjen eksperimenterte, satsa det store publikum etter kvart på furumoten i interiør og møblar, seier han. Arrangementet går av stabelen på kulturhuset i Sykkylven søndag 20. november klokka 17.
Bygde verdas lengste sofa
Frå venstre: Kaoru Ishikawa, Record Manager frå Guinness, ordførar Jan Kåre Aurdal, lensmann Evelyn Liseth og leiar i sofakomiteen, Arve Ekornes. (Foto: Photofactory.) |
Verdas lengste sofa er 890,25 meter lang. Møbelindustrien på Sunnmøre meir enn tidobla gjeldande Guinness-rekord og bygde ein sofa som rakk over heile Sykkylvsfjorden.
Record Manager Kuoro Ishakawa fra Guinness World Record Ltd hadde ingen vanskar med å godkjenne den nye sofarekorden etter rekordforsøket i Sykkylven søndag. Meir enn 300 frivillige frå eit tital møbelfabrikkar i Sykkylven hadde gått saman om forsøket på å byggje verdas lengste sofa. Då fjorårets rekord frå Sykkylven sist sommar vart slått i haust, var haldninga i møbelmiljøet i Sykkylven klar: Verdsrekorden høyrer til i Noregs møbelhovudstad. Denne gangen skal vi setje rekord ein gong for alle.
Heimeside: www.longestsofa.no
Sjå bilete og film frå rekordforsøket og folkefesten: http://picaseweb.google.com/arilds6230
og http://www.vimeo.com/5171402
Stor interesse for møbelkafé
Møt fram og luft minne frå møbelindustrien, var oppmodinga frå Veneforeininga for Norsk Møbelfagleg Senter. På Fønix laurdag 13. november vart det kaffi, mat og prat for møbelveteranar og andre som er interesserte i industrihistorie.
Eit trettital møbelveteranar møtte fram på arrangementet og det var god stemning for slike laurdagstreff også seinare. Det kan bli to- tre slike arrangement utover våren, seier Asbjørn Fredriksen. Han sit i styret for Veneforeininga og har saman med Karl Johan Emdal vore primus motor for prosjektet.
Per Blakstad var ein av fleire som reiste seg opp og fortalde muntre historier frå møbelindustriens barndom. På dette aller første treffet vart det blant anna vist film frå møbelindustrien i sekstiåra. Seinare kan det bli fleire filmar, framvising av gamle foto og møbel-quiz for å vekkje til live gamle ord og uttrykk frå møbelindustrien.
Norsk Møbelfaglig Senter er i kontakt med redaksjonen i Norsk Ordbok for å få møbeluttrykk inn i den store nye nasjonale ordboka. Tanken er at ein på ein underhaldande måte kan hjelpe ordbokredaksjonen til å få med ord frå møbelindustrien som er i ferd med å gå ut av bruk.
Skreddarvandring
Konfeksjonsfabrikken Fønix - no aktivitetshus - hadde 55 tilsette på det meste. Onsdag 15. september kan også du bli kjend med ei lang rekkje andre konfeksjonsbedrifter i sentrum av Sykkylven.(Foto: John Verkland) |
Tidleg i hundreåret var møbelbygda Sykkylven like mykje ei konfeksjonsbygd. Onsdag 15. september blei det arrangert ei historisk vandring blant sentrumsbygningar som ein gong hyste ein blomstrande konfeksjonsindustri.
Per Arne Grebstad vil vere guide mellom skreddarverkstad og konfeksjonsfabrikkar i Aure sentrum. Startpunktet var Vinje-huset (Spar-butikken). 12- 14 hus som har hatt konfeksjonsindustri er intakte den dag i dag. Det var mange som henta levebrødet i konfeksjonsindustrien. Berre konfeksjonsfabrikken Fønix hadde 55 tilsette. Vandringa, som vart noko avkorta på grunn av regnver, samla eit tjuetals personar.
Laga film frå møbelmuseet
Øystein Eliassen, Julie Heitmann og Julie Tenden Rasmussen under presentasjonen ved Sykkylven ungdomsskule fredag. |
For andre gong har niande klasse ved Norsk Møbelfaglig Senter gjort seg nytte av gründercampen ved Sykkylven ungdomsskule.
Niandeklassingane Julia Heitmann, Øystein Eliassen, Julia Tenden Rasmussen og Gard Marius Såtendal fekk i oppdrag å gjere Norsk Møbelfagleg Senter meir kjend i lokalmiljøet og blant turistar.
Dei valde å presentere møbelmuseet og å vise glimt frå produksjonen ved Ekornes gjennom ein kort film. Denne filmen skal bli å sjå på YouTube. På den måten vil han kome opp kvar gong folk søkjer etter videoar med søkjeord som møblar, Sykkylven osv. Fredag vart filmen presentert for oppdragsgivar Norsk Møbelfaglig Senter og lærarar og elevar ved Sykkylven ungdomsskule på Gründercamp 2010.
Kurs i møbeltrekking
Har du ein gammal stol du gjerne skulle hatt nytt trekk? Venneforeininga til NMFS hjelper til. Denne hausten blir det arrangert eit fem kveldars kurs for interesserte og med dyktige møbelfagfolk som kursleiarar.
Seks kursdeltakarar har meldt seg på til kurset tok til 20. september og varer fem måndager framover. Kurshaldarar blir som tok til Petter Kirkebø, Ola Kvistad, Astrid Eik Roald og Rolf Hjellegjerde.
På dei fem kurskveldane skal det bli tid til å fjerne gammalt trekk, byggje opp ny stopping og trekkje stolen på nytt. Deltakaravgift er 500 kroner. Deltakarane må ha med stoff sjølv, men elles dekkjer kurset andre materialar og bruk av utstyr. Kursstad blir vidaregåande skule i Sykkylven.
Lanserte møbelturisme
Norsk Møbelfaglig Senter blir ein av attraksjonane i turistsatsinga Furniture Guiding som skal lokke fleire turistar til Sykkylven.
Sykkylven er møbelbygda framfor noka i Noreg og det bør kunne bli ein turistattraksjon, meiner Siv Rogne og Eldar Kurseth som no satsar friskt for å bruke eit aktivt arbeidsliv til å føre turistar til kommunen. Tysdag henta dei eit femtital mediefolk og representantar for turistnæringa med båt frå Ålesund til Sykkylven.
Fabrikkvandring. Først fekk dei vere med på ei guida vandring gjennom den topp moderne produksjonslokala til Stressless-produsenten Ekornes. Deretter var det lunsj hos sapDesign i den gamle sveitsarvillaen på Klokkarhaugen før turen gjenn gjennom sentrum til utstillinga ved Norsk Møbelfaglig Senter i Storgata. Der vart deltakarane viste rundt i designutstillinga Norway Says 10, som blir vist denne sommaren. Seinare gjekk båten til Galleri Cylindra i Tusvika, der Kjellbjørn Tusvik tok imot blant Cylindra-produkt formgitt av Peter Opsvik.
Møbelturisme er eit konsept som Sykkylven Næringsutvikling har vore med å utvikle og dagleg leiar Harald Espeland var godt nøgd med oppslutninga. Guidane var også entusiastiske. Vi har i alle å fortalt turistane om fjellgardane langs Storfjorden, men har ofte fått spørsmål om kva innbyggjarane lever av no. Så langt har vi ikkje hatt noko å vise dei, sa ein av dei som var med på turen.
Pussar opp og utvidar
Møbelmuseet i Sykkylven har stengt dørene for ei tid. Lokala skal pussast opp og ei ny fast utstilling skal byggjast over 200 nye kvadratmeter.
Møbelmuseet ved Norsk Møbelfagleg Senter vil vere stengt ei tid framover, men årsaka er gledeleg. Meir areal gjer det mogleg å byggje opp ei større og meir representativ fast utstilling i lokala. I tillegg blir det plass til større arkiv og bibliotek, utstillingsplass for skiftande utstillingar og heis og toalett tilpassa funksjonshemma.
Utstillinga Møbeleventyret, som har vist framveksten av møbelindustrien på Sunnmøre frå P.I. Langlo fletta sin første korgstol i 1908 til i dag, har vore godt besøkt, men er no plukka ned og gjenstandane er overført til magasinet ved Sunnmøre Museum.
Utstillingsarealet i den gamle Strømme-fabrikken i Sykkylven har lenge vore for liten. No får museet ekstra areal I første etasje blir det kontor, arkiv, bibliotek og eit mindre utstillingslokale. Dei nye faste utstillinga kan breie seg over 200 kvadratmeter i andre etasje og det blir ny trapp og heis mellom etasjane. Bygningsarbeidet startar om kort tid samtidig som planlegginga av den nye utstillinga blir sett i gang. Å byggje ei ny utstilling er eit omfattande arbeid. Når den nye attraksjonen vil stå klar og korleis utforminga vil bli, er blant anna avhengig av i kva grad det lukkast å skaffe sponsorstøtte utanfrå.
Møt designaren Peter Opsvik
Peter Opsvik - i sin eigen stol Swing frå 1999. |
Kryss av i kalenderen for søndag 3. oktober: Då kan du møte møbeldesignaren Peter Opsvik i Galleri Cylindra i Sykkylven,der han vil fortelje om livsverket sitt i ord, bilde og tonar.
Peter Opsvik ( fødd 1939) er ein landets viktigaste møbeldesignerar. Han er også jazzmusikar og har lova å ta med saxofonen til Galleri Cylindra i Tusvika søndag 3. oktober. Arrangementet tek til klokka 17.
Peter Opsvik er mest kjend for barnestolen Tripp Trapp men har sidan 1970 utforma ei rekkje nyskapande møblar. Han studerte i Tyskland før han byrja som designer av bærbare radioar ved Tandberg Radiofabrikk. Frå 1970 har han hatt sitt eige designfirma, der han har blant anna utvikla Balans-stolane, Variable, Gravity og Thatsit.
Søndag 3. oktober klokka 17 skal han altså fortelje om arbeidet sitt i Galleri Cylindra blant møblar han også har gitt form til. I boka "Rethinking Sitting"tek han eit oppgjer med den statiske vestlege måten å sitje på og gjer greie for sine teoriar om aktiv sitting. Som ein av fleire designerar av Balans-serien fekk han Jacobprisen i 1986, Balans vart Årets Møbel i 1989 og kontorstolen Credo gav han Merket for god design. Han fekk også Det nordiska Designpriset 2007 og Anders Jahres kulturprius i 2008.Den solkraftdrivne bilen Butterfly og lydkunst er også variantar i Opsviks repertoar.
I boks
Ekornes frå innsida
Møbelvandringar er populære. Onsdag 18. august opplevde eit sekstital besøkjande hovudfabrikken til Ekornes i full drift.
Gjennom mange år har Norsk Møbelfaglig Senter i samarbeid med bedriftene arrangert guida vandringar gjennom møbelfabrikkar medan produksjonen går for fullt. Interessa for korleis møblar blir til, er berre aukande.
Vandringa like før fellesferien vart reine folkevandringa gjennom Ekornes-fabrikken i Sykkylven. Onsdag 18. august vart det arrangert ei ny vandring gjennom hovudanlegget på Ikornnes. Arrangørane måtte setje ei grense ved 60 deltakarar. Men det blir nye sjansar for dei som ikkje kom med og seinare vandringar blir annonsert i pressa.
Skandinavias mest moderne
Per Jarle Tynes viser rundt i den moderne laminatfabrikken Ekornes, avdeling Øvre Tynes.(Foto: Kjetil Tandstad) |
På Øvre Tynes i Sykkylven har Ekornes bygd Skandinavias mest moderne laminatfabrikk. Torsdag kveld vandra eit interessert publikum blant presser og robotar i full drift.
Eit femtital møbelvener var på plass for å sjå korleis moderne laminatprodukt blir produsert på moderne vis i fabrikken på Øvre Tynes i Sykkylven. Per Jarle Tynes tok imot og fortalde om historia til fabrikken som kom først kom i gang ved at Petter Tynes dreiv med dreiing og produksjon av vognhjul, skyssvogner og færingar.
I 1931 gjekk sonen Johan Tynes og John Mjøen i gang med Johan P. Trevare som spesialiserte seg på lage treverk som underleverandør til møbelfabrikkane i Sykkylven. Bedrifta investerte tidleg i ei laminatpresse med høgfrekvens og seint på syttitalet fekk bedrifta si eiga laminatsplittemaskin. I 2002 vart bedrifta teke over av Ekornes, som også står bak bygginga av den nye fabrikken som vart sett i gang i fjor.
Siste skrik i kvilestolar
Håvard Tandstad i ein stol frå Formfin og Børre Strømme i ein Stressless var to av mange som tok ein tur innom utstillinga i Norsk Møbelfaglig Senter laurdag 18.06. |
Seks lokale produsentar viste det siste i kvilestolar hos Norsk Møbelfaglig Senter i Sykkylven laurdag 18.6. Blant travle aktivitetar under Sykkylvsdagane var det mange som nytta sjansen til å kvile beina i det fremste bygda kan tilby av sitjekomfort.
Kvilestolar. Brunstad stilte med sin nye kvilestol Feel, designa av Helge Taraldsen. L.K. Hjelle viste fram sin siste kreasjon, formgitt av ex- Norway Says-designarane Anderssen & Voll, som har baka inn moderne sitjeteknologi i ei klassisk kubbestolform.
Hjellegjerde viste sin populære Baloo medan Formfin var representert med ein klassisk øyrelappstol signert Solveig Thaule. Ekornes var på plass med ein ny Stressless, denne gongen Magic, med nytt materiale i stoppen som skal gi endå betre sitjekomfort. Elano stilte ut ein moderne recliner. Alle modellane vart flittig prøvde og kommenterte av dei vel 80 som møtte fram på utstillinga.
Plakat. Same dag lanserte også Norsk Møbelfaglig Senter ein plakat som er tenkt som ein kanon over norske møbelklassikarar. 44 møblar er kome med, og ein god slump av dei er designa og/eller produserte i Sykkylven og på Sunnmøre elles. Det er lagt mykje arbeid i det grafiske uttrykket på plakaten som er til sals hos Norsk Møbelfaglig Senter ( Pris: kr. 100,- pluss porto)
Historisk møbelsykling
Arve Ekornes tok utfordringa og sykla med ei sofagrind og fire stolgrindar på bagasjeberaren. (Foto:Leif-Magne Tandstad.) |
Med hjelp av ein skranglete sykkel, med grindene til ein treseter pluss fire stolar på bagasjeberaren, fekk publikum demonstrert møbeltransport på trettitalet under Sykkylvsdagane.
Regnet plaska ned og publikum søkte ly så godt dei kunne under takskjegg og teltdukar under uoffisielt NM i møbelputestabling og demonstrasjonen av møbeltransport per sykkel under Sykkylvsdagane 2010.
Laurdag 12. juni skulle det avgjerast kven som kunne stable den høgste stabelen av møbelputer. Vinnar blant deltakarane som prøvde å få dei skjelvande putetårna til å halde seg i ro var Dag Eivind Tveit (23) som kunne ta med seg heim ein flott kvilestol frå Brunstad i premie.
Eit høgdepunkt var demonstrasjonen av møbeltransport i trettiåra. Fire stolgrindar og ei sofagrind frå Formfin AS vart surra på bagasjeberaren på ein veteran-sykkel frå 1937. Sykkelen var rigga etter nøye tilvising frå møbelarbeidar Tomas Tandstad (97), som sjølv frakta møbelgrindar på denne måten frå brorens trevareverkstad på Tandstad til stopping på Nymarka i Straumgjerde. Frivillig og fryktlaus syklist under demonstrasjonen var Arve Ekornes. Han greidde å balanserte den tunge lasten imponerande mange vinglande meter på den nervepirrande sykkelturen framfor scena.
Suksess med 70-talet
Svein Asbjørnsen og Jan Lade fekk blomster av leiar i Venneforeininga, Grethe Østerhus Røyr. |
Rundt 150 menneske hadde møtt fram til kulturkvelden som Venneforeninga for Norsk Møbelfaglig Senter og Sykkylven blandakor arrangerte med dei opprørske, kreative og sprikande syttiåra som tema.
I foajeen i kulturhuset var 17 representative møblar frå dette tiåret stilt ut. Utstillinga spente frå stil-ikon som Tema og Cox formgitt av Ingmar Relling og den nyskapande Ecco-sofaen (Møre Designteam) og Convair (Oddmund Vad) til det nye glideprinsippet i Stressless til Balans-konseptet (Peter Opsvik) og populære masseprodukt som sofaserien Lugano (Ekornes).
På kulturkvelden stilte Sykkylven blandakor i 70-talskostyme og greidde å få publikum med på dei eviggrøne 70-talsslagarar dei framførte. Kjetil Tandstad gav eit bakteppe for 70-åra ved å kåsere om 70-talet og 68-arane. Møbeldesignarane Jan Lade og Svein Asbjørnsen, som kom tilbake frå utdanning i 1970 og etablerte seg i Sykkylven, viste eksempel og fortalde om dei ulike stilane som utvikla seg gjennom dette tiåret. For parallelt med dei nyskapande modellane, som ofte gjekk til eksport, levde interessa for velour, frynser og rosettar og i tillegg voks det fram ei kraftig interesse for grov furumøblar og stoff med sterke kontrastar.
Takk vere direkteimport vart prisen på huder kraftig redusert og skinnsalongar vart oppnåeleg også for det store publikum. Ei stor utfordring på syttitalet var å ta opp konkurransen med store og mjuke møblar frå Sverige. Dei var fulle av luft, men så omfangsrike at kjøparane fekk ei kjensle av å få mykje for pengane. For Jan Lade og Svein Asbjørnsen vart det ei oppgåve å prøve å modifisere denne moteretninga, fortalde dei.
Framtidas klassikarar
Kunstmuseet Kube i Ålesund opna laurdag 6. mars ei utstilling som viser norske designperler frå dei siste tiåra og fram til dagens prototypar.
Meir på www.kunstmuseetkube.no
Bli med på Formfin!
Veneforeininga for Norsk Møbelfaglig Senter inviterer til kulturkveld i showrommet på Formfin søndag 3. april klokka 17.
Godt tilbakelent i dei mjuke stolane og sofaene frå Formfin skal publikum få oppleve ein god gammaldags kulturkveld. Det blir møbelspel ved elevar frå Hundeidvik skule, song ved Kristina Roth Kurseth og eit panel av telefondamer som vil fortelje om livet på sentralen før telefonen blei automatisert.Og det blir mat og kaffi og tombola. Velkomne!
Møbelfellesskap å stole på
Boka Organiseringa av møbelindustrien i Norge, nå Norsk Industri - Møbel . er hundre år i 2009. Jubileet markeres med boka "Et fellesskap å stole på" av historikeren Eldar Høidal ved Norsk Møbelfaglig Senter.
Jubileumsboka følger bransjeforeningen, men tar også for seg hovedlinjene i utviklingen av norsk møbelindustri; næringens geografiske utbredelse, de teknologiske forutsetningene for å produsere møbler og møblenes formmessige utvikling.
I endring
- De første etterkrigsårene trengte ikke norske møbelprodusenter å legge mye innsats ned i møblenes ytre form, men fra ca 1955 endret bildet seg. Markedet var i ferd med å bli mettet, levestandarden og kjøpekraften steg, slik at også norske forbrukere kunne koste på seg møbler som hadde tilleggsverdier utover de rent funksjonelle. De kunne etter hvert orientere seg i et mer variert utbud av møbler, som også omfattet importerte produkter, forteller Høidal. Norge plasserte seg relativt snart som en fullverdig bidragsyter til det som blir omtalt som Scandinavian design.
Holder stand
Boka er rikt illustrert, og det har vært et siktemål å få fram bredden i norsk møbelproduksjon. "Et fellesskap å stole på" er en bok for den som ønsker å lære mer om en norsk ferdigvareindustri som har holdt stand, gjennom opp- og nedturer. Industriens død i Norge har vært varslet mer enn en gang. - Møbelindustrien er en høyst oppegående hundreårsjubilant, forteller Høidal.
BESTILL BOKA HER:
http://www.norskindustri.no/moebelindustrien/norske-moebler-i-hundre-article3699-192.html
To hundre feira
Tynes og Hagerup
Borna til Bernhard Tynes med familiar hadde møtt opp og får blomar av leiar i veneforeininga, Grethe Østerhus Røyr. |
Søndag 22. november inviterte Sykkylven Janitsjarorkester (SJORK) og Veneforeininga til Norsk Møbelfaglig Senter til kulturkveld på Tynesfabrikken. Rundt 200 menneske var samla i fabrikken for å hygge seg med janitsjartonar og eit program om ein viktig del av møbelhistoria i Sykkylven.
I tillegg til musikkinnslag ved SJORK, var det også foredrag om møbelgründeren Bernhard Tynes og om livsverket til kunstnaren og treskjeraren Daniel Hagerup.
Under foredraget som Eldar Høidal heldt, kunne ein også høyre eit intervju med Bernhard Tynes som var teke opp for meir enn tjue år sidan. Kjetil Tandstad presenterte den nye praktboka om Daniel Hagerups kunst som nettopp har kome ut. På kulturkvelden kunne ein også sjå ei utstilling med Hagerup-kunst som var samla inn til denne kvelden og det var kaffi og kaker og lodd og få kjøpt.
Boka om Daniel Hagerup er i sal blant anna i bokhandelen i Sykkylven. Også Eldar Høidals rykande ferske bok Et fellesskap å stole på - om møbelbransjens første hundre år - vart presentert på festen og er å få i bokhandelen.
Prinsessebesøk og jubileumsbok
på Møbelkonferansen 2009
Kronprinsesse Mette Marit kastar glans over møbeljubileet onsdag. |
Kronprinsesse Mette Marit er heidersgjest under Møbelkonferansen 2009 i Ålesund der bransjen feirar sine første hundre år onsdag og torsdag.
Kronprinsessa skal stå for den offisielle opninga av konferansen. Onsdag skal ho blant anna lytte til eit foredrag av møbelhistorikar Eldar Høidal frå Norsk Møbelfaglig Senter som har skrive jubileumsboka "Et fellesskap å stole på". Deretter reiser kronprinsessa til møbelbygda Sykkylven på bedriftsbesøk ved møbelfabrikkane Ekornes og Hjelle.
Årets møbelkonferanse blir to tettpakka dagar med fagleg input på konferansen som gjeld som den viktigaste møtestaden for møbelfolket. Tilstanden til norsk økonomi, møbelbransjens omdømme og merkevarebygging blir sentrale emne. Møbelhistorikar Eldar Høidal, som slepper jubileumsboka til bransjeforeininga under konferansen, skal også i elden igjen med ei oppsummering av hundre år med møbelindustri onsdag ettermiddag.
Klikk her for meir informasjon

