Trekkspel og møblar på Cylindra

Søndag 9. oktober kl. 17 blir det kulturkveld med trekkspel og allsang blant særmerkt møbelkunst i Cylindra-galleriet i Tusvik i Sykkylven.
Arrangør er Veneforeininga til Møbelmuseet i Sykkylven i samarbeid med Ørskog Allspelorkester. Kjellbjørn Tusvik vil fortelje om designaren, musikaren og kunstnaren Peter Opsvik og om arbeidet med å lage dei spesielle Cylindra-møblane.

Ørskog Allspelorkester er ei gruppe musikarar frå Ørskog Trekkspelklubb som turnerer rundt i distriktet med populære tonar og tekster der publikum kan syngje med. Publikum kan stemme i med Hvalfangervalsen og Ungkarsvalsen og lytte til kjende viser av Prøysen, Evert Taube og Hartvig Kiran. Songsolistar er Arne Lyngstad frå Eide på Nordmøre, Sigurd Kipperberg frå Ålesund. Ingrid Johanne Fylling Nupen, som studerer ved Musikkonservatoriet i Oslo, vil også ha soloinnslag. Reidar Opsal er musikalsk leiar. Som vanleg på kulturkveldane til Veneforeininga, blir det romsleg kaffipause og utlodding med fine gevinstar.
I halvtimen før kulturkvelden tek til blir det omvising i verkstaden og i utstillinga.


« Go back