Møbelmuseet Norsk Møbelfaglig Senter

Møbelmuseet har stengt i fire dagar

Staben i Stiftinga Sunnmøre Museum er  på studiereise i Polen. Møbelmuseeet NMFS held derfor stengt frå måndag 22. september til og med torsdag 25. september.

Historisk vandring i pioner-bygda

Helge Søvik var inspirert guide under møbelvandringa gjennom Stranda sentrum, (Foto: NMFS)

Helge Søvik var inspirert guide under møbelvandringa gjennom Stranda sentrum, (Foto: NMFS)

Eit sekstital deltakarar var med då Veneforeininga for Møbelmuseet i Sykkylven laurdag 13. september 2014  arrangerte ei  historisk vandring gjennom den tradisjonsrike møbelmiljøet i Stranda sentrum. 

Stranda er på mange måtar møbelindustriens vogge. Det var her møbelpioneren P.I. Langlo kom i gang med møbelproduksjon for godt og vel hundre år sidan .I løpet av dei neste åra voks og grodde det på Stranda og det var knoppskyting også i nabokommunane Sykkylven, Ørsta og Stordal. I dag har Stranda blitt Matkommunen og det er lite att av møbelproduksjon. Men det skulle vise seg at denne industriepoken framleis sat sterkt i minnet.

I Stranda sentrum var det svært mange hus som ein gong har hatt ein møbelfabrikk i kjellaren, fortalde Helge Søvik som var guide på turen. Han har dekt møbelindustrien som journalist og redaktør i ein mannsalder.  Med på laget hadde han tidlegare Sunnmørspost-redaktør Harald Kjølås og lokalhistorikar Trygve Langlo.  Vandringa  gjekk ned Storgata til Øyna og til møbelmonumentet på kaia der kunstnaren Margrethe Ringdal sjølv fortalde litt om tankane bak. Derfrå  gjekk turen til hotellet  der det kom  fleire innlegg  og minne frå salen som kasta lys over det historiske industrimiljøet i sentrumskrinsen.

 

 

Møbel-gatevandring på Stranda

Denne stolen laga møbelpioneren Peter Iversen Langlo frå Stranda på eit kurs han fekk gå på 16-åring. Han vart seinare Nordens største korgmøbelprodusent.

Denne stolen laga møbelpioneren Peter Iversen Langlo frå Stranda på eit kurs han fekk gå på 16-åring. Han vart seinare Nordens største korgmøbelprodusent.

Laurdag 13. september kl. 14 inviterer Veneforeininga for Møbelmuseet Norsk Møbelfaglig Senter til historisk gatevandring på Stranda. Alle er velkomne til å vere med og få vite meir om industrihistoria i sentrumsområdet.
Helge Søvik, som har hatt møbelindustrien på Sunnmøre som journalistisk spesialområde gjennom mange tiår, er guide på turen.I dag er der ingen produksjon av møblar i bygdesentret, men i mellomkrigsåra og i fleire år etter krigen var her stor aktivitet. P. I. Langlo – grunnleggaren av den industrialiserte møbelproduksjonen i Norge – bygde sin første fabrikk her etter at lokala i Pålgarden ikkje gav stor nok plass. Fabrikken på Alfheim – Øvstefabrikken i daglegtalen – vart også for liten, og nye bygningar og produksjonslokale kom til etter kvart.
Gatevandringa vil starte ved Rema 1000 - i området der Øvstefabrikken stod i Storgata, like ved Solstad, heimen til P. I. Langlo. Ruta for vandringa vil bli lagt om Øyna til piren ved Stranda-kaia, der møbelbautaen vart reist og avduka i juni 2009 etter initiativ frå sentrumsforeininga på Stranda. I Øyna var der fleire fabrikkar, dei fleste med produksjon av møblar. Det kan nemnast at her også var konfeksjonsindustri. Den etter kvart så populære Olabuksa kom frå ei bedrift i Øyna.
Det vart – og framleis blir – produsert møblar i andre deler av bygda, bl. a. på Ødegård (Øggarden) og i Svemorka. Til det store industriområdet Svemorka kom den første bedrifta for snart 50 år sidan. Den vart flytta frå sentrum i bygda.
I samband med gatevandringa vil redaktør Harald Kjølås, lokalhistorikaren Trygve Langlo og kunstnaren Margrete Ringdal, som stod for utforminga av møbelbautaen, halde innlegg. Vandringa blir runda av med forteljarstund og musikalske innslag på hotellet.

Kulturkveld om interiør

Møblar, fargar og interiør er tema på kulturkvelden som Veneforeininga til møbelmuseet Norsk Møbelfaglig Senter arrangerer i kantina ved Ekornes på Ikornnes søndag 30.mars klokka 18.

Møblering, bruk av tekstilar og fargeval er viktig for å skape eit stilsikkert og harmonisk interiør. Interiørspesialist Berit Steffensen vil arrangere fleire ulike miljø og vise korleis dei likevel kan varierast med ulike materialar og fargar. Eit liknande program i Ekornesbua i Ålesund  samla  eit stort publikum.

I tillegg til eit spennande interiør-program, blir det som vanleg  musikalske innslag, servering og utlodding. Det er gratis inngang. Arrangør er Veneforeininga til møbelmuseet NMFS i Sykkylven.