Andre møbeloppleivingar

Sykkylven står igjen som landets fremste møbelkommune. I tillegg til møbelmuseet er det også andre attraksjonar som lokkar. (Sjå underpunkt)

 

Ingmar Rellings Studio
Ingmar Relling er ein av dei mest markante norske designarane  og dreiv designstudioet sitt eit steinkast frå det som i dag er møbelmuseet Norsk Møbelfaglig Senter i Sykkylven. Arbeidet blir vidareført av sonen Knut Relling.

Designstudioet står i dag i stor grad slik det gjorde då Ingmar Relling var aktiv. Møbelmuseet kan formidle kontakt med Knut Relling som kan fortelje og vise rundt i ei utstilling med rommar dei fleste av møblane som Ingmar Relling gav form til gjennom eit langt liv

Skjermbilde 2014-03-02 kl. 22.53.09

Cylindra
Peter Opsviks Cylindra-kolleksjon blir produsert hos Kjellbjørn Tusvik ved Cylindra i Sykkylven. Ved fabrikken er det også eit galleri som viser dei  spesielle skåpa, stolar og bord som blir produsert her.

Cylindra-kolleksjonen byggjer på sylindriske former og er prega av Peter Opsviks fantasi, humor og spenstige formsans. Utstillinga er stort sett open på dagtid eller etter avtale. Telefon +47 70 25 00 33 eller www.cylindra.com

Skjermbilde 2014-03-02 kl. 22.52.56