• Opningstider jula 2016

    Musea i Sykkylven har stengt frå og med 22. desember.
    I romjula er det ope 28. desember og 29. desember.
    Opningstider kl 12 - 16.

    Elles gjeld vanlege opningstider: Tysdag, onsdag og torsdag klokka 12 - 16.
    Vi ønskjer våre gjester gjennom året ei god jul og eit godt nyttår.

    Stiftinga Sunnmøre Museum,
    avd. Møbelmuseet og Sykkylven Naturmuseum.
    S

  • Trekkspel og møblar på Cylindra

    Søndag 9. oktober kl. 17 blir det kulturkveld med trekkspel og allsang blant særmerkt møbelkunst i Cylindra-galleriet i Tusvik i Sykkylven.
    Arrangør er Veneforeininga til Møbelmuseet i Sykkylven i samarbeid med Ørskog Allspelorkester. Kjellbjørn Tusvik vil fortelje om designaren, musikaren og kunstnaren Peter Opsvik og om arbeidet med å lage dei spesielle Cylindra-møblane.

    Ørskog Allspelorkester er ei gruppe musikarar frå Ørskog Trekkspelklubb som turnerer rundt i distriktet med populære tonar og tekster der publikum kan syngje med. Publikum kan stemme i med Hvalfangervalsen og Ungkarsvalsen og lytte til kjende viser av Prøysen, Evert Taube og Hartvig Kiran. Songsolistar er Arne Lyngstad frå Eide på Nordmøre, Sigurd Kipperberg frå Ålesund. Ingrid Johanne Fylling Nupen, som studerer ved Musikkonservatoriet i Oslo, vil også ha soloinnslag. Reidar Opsal er musikalsk leiar. Som vanleg på kulturkveldane til Veneforeininga, blir det romsleg kaffipause og utlodding med fine gevinstar.
    I halvtimen før kulturkvelden tek til blir det omvising i verkstaden og i utstillinga.

  • Oktober på museet

    Kulturkveld på Cylindra i Tusvika søndag 9.oktober kl. 17
    Veneforeininga for Møbelmuseet arrangerer.

    Haustferien (veke 41) -
    Naturmuseet og Møbelmuseet har ope tysdag, onsdag og torsdag kl. 12 - 16.
    Fellesbillett: Vaksen kr 60, barn kr 30

    Museumstorsdag 20.oktober kl. 18
    "Snøhumla Mille" - Janne Marit Øye les frå boka og Marit Torgersen dramatiserer med dukketeater. Passar for born 3 - 8 år.
    Billettar: familie kr 150

    Søndagsopne museum 23.oktober kl. 12 - 16
    Naturmuseet og Møbelmuseet har ope. Fellesbillett: Vaksen kr 60, barn kr 30

    Velkomen

  • Vinteropningstider

    Sommarsesongen er slutt.Det er også ordninga med søndagsope. Takk for godt oppmøte gjennom sommarvekene.
    No blir det nokre månader med vanlege opningstider, som er tysdag, onsdag og torsdag kl. 12 - 16 og elles etter avtale.
    NB: Musea i Sykkylven vil vere stengde tysdag 23. og onsdag 24. august på grunn av eit internt seminar i Stiftinga Sunnmøre Museum.

  • Søndagsope i sommar

    Møbelmuseet og Naturmuseet i Sykkylven har søndagsope i sommarmånadene. Det er første sommaren vi er samla bak same dør og med felles billett for begge musea. Kom innom og bli kjend med norsk møbelindustrihistorie gjennom meir enn hundre år. Sjå møblane, prøvesitt ein klassikar og lat guiden gi deg historia og historiene til produsentane, dei omreisande agentane og gründerane som skapte arbeidsplassar langt frå råvarene og marknadene.
    Vi er her tysdag, onsdag og torsdag og søndag frå klokka 12 - 16 heile sommaren.
    Velkomne skal de vere,

    Experience two museums behind the same door in Storgata 18 in the centre of Sykkylven. The Furniture Museum and The Nature Museum are open Tuesdays, Wednesdays, Thursdays and Sundays from 12 to 16. Ticket for both museums: Adults kr 60. Children above six: kr 30.
    Sunnmøre is the cradle of Norwegian furniture production. To day, most of the Norwegian furniture is manufactured in Sykkylven. Learn about Norwegian furniture design and technology and eksperience more than 200 different species of local animals and birds in The Nature Museum.
    Welcome
    ! DSC_0040

  • Følg spora

    I samband med Sykkylvsdagane held Møbelmuseet og Naturmuseet i Sykkylven ope også laurdag 11.6 frå klokka 12 til 16.
    Fellesbillett kr 60 for vaksne og 30 for born.
    Lurer du på kvar det er? Følg dyrespora i gata.
    Velkommen.

  • Unge og kreative

    Eit hundretal tiandeklassingar frå ungdomsskulen i Sykkylven har besøkt Møbelmuseet og fått gode idear. Etterpå først å ha undersøkt korleis møbeklassikarar i museet var sette saman og utforma, hadde dei møbelverkstad og laga miniatyrar av sine draumemøblar i målestokken 1 : 5. Resultatet blir presentert i ei utstilling i monteret utanfor museet i Storgata 18.
    Kom og ta ein titt på framtidas møbelidear!P1060387

  • Kulturkveld om møbelframtida

    Velkommen til kulturkveld om møbelframtida søndag 17. april klokka 17 på Pensjonistsalen.

    Synnøve Kjerstad vil orientere om arbeidetsitt i samarbeidsorganisasjonen Møbelkraft AS. Det blir musikk av unge songarar og musikarar i trioen Skadefryd. Litt nostalgi blir det også i form av ein film frå 1954 i samband med 25-årsjubileet til Møre Lenestolfabrikk i Ørsta.

    Lotteri, mat og kaffi. Gratis inngang

    .Vel møtt!

  • To museum bak same dør

    Stiftinga Sunnmøre Museum har to museumsavdelingar i Sykkylven - Møbelmuseet og Sykkylven Naturmuseum. Begge held til bak same dør i Storgata 18 i Sykkylven.
    Musea introduserer derfor ein fellesbillett på til 60 kroner for vaksne som vil sjå begge utstillingane.

    Laurdag 12. mars er det utstillingsopning for naturmuseet frå klokka 12 - 18. Seinare gjeld dei vanlege opningstidene.
    Velkomne skal de vere!P1060153

  • FOTOUTSTILLING

    Vi syner fotoutstillinga til ære for møbeldesignaren Ingmar Relling (1920- 2002). Velkommen inn!

    Les meir »
  • Fotoutstilling om Ingmar Relling

    Kom å sjå fotografen Ingeborg Refsnes si  heilt personleg hylling av designaren Ingmar Relling  i høve 50-års-jubileet for Siesta-stolen.

    Siesta var revolusjonerande då han kom og bana veg for norsk møbeleksport. Derfor står stolen, som vart lansert i 1965 og som framleis er i produksjon,  på heidersplassen  i glasmonteret utanfor Møbelmuseet i Sykkylven dette året. Vi markerer også jubileet og designaren med ei fotorekke på vel femti bilde. Fotokunstnaren har teke bilde av ein stor del av møblane som Ingmar Relling skapte gjennom eit langt arbeidsliv. Ho har fotografert  dei i uvante omgjevnader, eit godt stykke unna tradisjonen med  stramme studio-foto, slik møblar gjerne blir presenterte.

    Bilderekkja vil  rulle og gå på ein storskjerm  i vindauget til Møbelmuseet i Sykkylven til over nyttår.

  • Bli med på arkeologivandring

    Møbelmuseet held stengt for vanleg omvising tysdag  27. og onsdag 28. oktober på grunn av eit formidlingsprosjekt om  livet i Aure sentrum gjennom 8000 år.

    På dagtid tysdag og onsdag blir det arkeologisk vandringfor skuleklasser  gjennom tusenåra med arkeologen Heidi Haugene. Borna skal få oppleve å sålde jord og finne leivningar frå fortida og dei skal få smake mat frå gamle dagar.

    Tysdag klokka 19 er det eit ope arrangement for alle interesserte. I lys frå faklar blir det det  arkeologisk vandring med orientering om steinalder, bronsealder og jarnalder, det blir ein smak på jernaldermat og orientering om planane for det arkeologiske området. Då vil også  organisasjonen Aura-Påls vener presentere seg og det blir høve til å teikne medlemskap og støtte  formidlingsplanane som no er i ferd med å  kome i gang både med pengar og dugnadsinnsats.

    VELKOMNE SKAL DE VERE!!

  • Heidrar Relling med jazz og foto

    Siesta-stolen, som var ein døropnar for norsk møbeleksport, fyller femti år. Dette vil Møbelmuseet i Sykkylven markere med ein festkveld og ei videoutstilling om designaren Ingmar Relling (1920- 2002).
    Stolen har så langt selt rundt ein million eksemplar og er ein av grunnpilarane i norsk møbelproduksjon. På festkvelden På Pensjonistsalen  i Sykkylven søndag 25. oktober  klokka 17 vil vener, slektningar og arbeidskameratar av designaren fortelje om sitt samarbeidet med han. Musikken er ved Blue Horn Jazzband. Det blir kaffi og kaker, utlodding og premiere på fotograf Ingeborg Refsnes si hylling til Ingmar Rellings møbelkunst gjennom eit halvt hundreår.
    Ingmar Relling er kjend som ein av landets mest markante møbeldesignarar. I motsetning til møbeldesignarar flest, budde og arbeidde han i nær kontakt med møbelmiljøet gjennom det meste av sitt liv. Medan andre formgivarar heldt seg ved teiknebordet og overlet dei praktiske problema i produksjonen til fabrikanten, kjende Ingmar Relling produksjonsmiljøet frå innsida. Han visste kva som måtte til for at eit møbel skulle passe for industriell masseproduksjon og gav form til eit førtital stolar gjennom karrieren.
    Mange av dei henta heim prisar og gode salstal, men det var Siesta-stolen frå 1965 var den viktigaste. Med denne tidlause stolen tok Ingmar Relling i bruk dei nye materialane skum og laminert tre, ein materialbruk som også gav stolen ei behageleg fjøring. Stolen kan flatpakkast, noko som reduserte fraktkostnadene mykje. Og forma er enkel, logisk og tidlaus – eit godt eksempel på at god form og høg kvalitet aldri blir umoderne.
    Siesta-stolen blir i dag produsert av møbelfabrikken L.K. Hjelle i Sykkylven som for tida opplever ei fornya interesse for Siesta-stolen både heime og i utlandet.

    ingmar relling med siesta