Bøker til sals

BØKER OG HEFTER TIL SALS

Norsk Møbelfaglig senter har nokre interessante skrifter til sals:
Porto kjem i tillegg, avhengig av vekt.

Ta kontakt med oss for bestilling:
Telefon: 70 25 30 03
E-post: nmfs@mobelfagligsenter.no

Laminering av tre
Av Per Finne, SKHS. Denne svært velskrevne og godt illustrerte boka er eit ‘must’ for alle formgivarar og studentar som vil arbeide med laminering av tre. Boka går gjennom alle tenkelege metodar og begrensingar, tresortar og limtypar samt teknikkar for laminering av tre, både til prototyping og industriell produksjon. Boka er skriven av Per Finne ved Institutt for Industridesign SKHS (no KHiO) i 1993, men er frameleis høgaktuell. Anbefalast på det varmaste til alle studentar og formgjevarar.
I serien Norske Møbelfaglige skrifter nr.2.
145 sider hefta. 

200 kr.

Et liv i form – Hedersskrift for Inge Langlo
Denne boka handlar først og fremst om industribyggjaren Inge Langlo, men inneheld ei mengd artiklar skrivne av forskjellige sentrale møbel-menneske i Norge. Blant anna Per Gaarder, Peter Opsvik, Peter Butenschøn, Svein Gusrud og Beate Ellingsen. 290 sider. Kr 150.

Frå etterlikning til nyskaping
Innsiktsfull utgreiing om formgjevinga av dei første industrimøblane på Sunnmøre. Opptrykk av hovudoppgave i kunsthistorie frå Universitetet i Bergen 1997. Av Vigdis Mørkedal.I serien Norske Møbelfaglige skrifter nr.1.
158 s. hefta.

100 kr pr hefte.

Design på Norsk
Fra Nøstetangen til Norway Says – av Ole Rikard Høisæther. 2005. Denne boka tar for seg heile den norske design-historia. Boka er svært godt illustrert, og diskuterer designen sin framvekst og overgangen fra kunsthandverk til industriell design.
Utgjevar: Damm forlag. 256 sider. 400 kr pr bok.

Møbeldesigneren Ingmar Relling i perspektiv /The life and work of Ingmar Relling.Sykkylven 1991.

Kr. 150.

Norway Says 10. Utstillingskatalog vandreutstilling 2010.

Kr. 100.

Møbelkartet. Eit hefte med bakgrunn, kartfesting og opplysningar om dei meir enn 100 møbelbedriftene som har eksistert i Sykkylven. Utgjevar: Veneforeininga til NMFS.

Kr. 50.

Kilder til norsk møbelindustris historie
Av Eldar Høidal. Rapport dokumentasjonsprosjekt.
I serien Norske Møbelfaglige skrifter nr. 3.
90 s. hefta.

100 kr pr hefte.

KompoSitt. Nytt alternativt materiale praktisk anvendt i møbel.
Av Ellen Ledsten. Økologi og produktutvikling i interiørfaglig sammenheng. 1994. I serien Norske Møbelfaglige skrifter nr. 4.
50 s. hefta.

150 kr pr hefte.

Møbelstopping
Video om tradisjonell møbelstopping. Sykkylven 1999.
Norsk Møbelfaglig Senter.
30 min.

kr 200 pr video (VHS).