Dokumentasjon

LANSERTE MØBELTURISME

Norsk Møbelfaglig Senter blir ein av attraksjonane i turistsatsinga Furniture Guiding som skal lokke fleire turistar til Sykkylven. (2011)

Sykkylven er møbelbygda framfor noka i Noreg og det bør kunne bli ein turistattraksjon, meiner Siv Våtmyr og Eldar Kurseth som no satsar friskt for å bruke eit aktivt arbeidsliv til å føre turistar til kommunen. Tysdag henta dei eit femtital mediefolk og representantar for turistnæringa med båt frå Ålesund til Sykkylven.

Fabrikkvandring.  Først fekk dei vere med på ei guida vandring gjennom den topp moderne produksjonslokala til Stressless-produsenten Ekornes.  Deretter var det lunsj hos sapDesign i den gamle sveitsarvillaen på Klokkarhaugen før turen gjenn gjennom sentrum til utstillinga ved Norsk Møbelfaglig Senter i Storgata. Der vart deltakarane viste rundt i designutstillinga Norway Says 10, som blir vist denne sommaren. Seinare gjekk båten til Galleri Cylindra i Tusvika, der Kjellbjørn Tusvik tok imot blant Cylindra-produkt formgitt av Peter Opsvik.

Møbelturisme er eit konsept som Sykkylven Næringsutvikling har vore med å utvikle og dagleg leiar Harald Espeland var godt nøgd med oppslutninga. Guidane var også entusiastiske. Vi har i alle å fortalt turistane om fjellgardane langs Storfjorden, men har ofte fått spørsmål om kva innbyggjarane lever av no. Så langt har vi ikkje hatt noko å vise dei, sa ein av dei som var med på turen.

<<

DOKUMENTASJON

Norsk Møbelfaglig Senter er møbelbransjens museum og dokumentasjonssenter.
NMFS har et rikholdig bibliotek, kildeskrifter fra møbelbedrifter, bildearkiv, klipparkiv og et innholdsrikt intervjuarkiv.

I meny-margen til venstre finner du oversikt over vår dokumentasjon