Nettutstillingar

STOL NUMMER 44

– KULTURMINNET VEKE 49

Stol nr. 44. Vestlandske Stol og Møbelfabrikk 1959/60.(Foto: P.P.Lyshol)

Dei store suksessane har ein tendens til å overstråle andre gode men ikkje fullt så kjende verk. Det gjeld også for designaren Ingmar Relling.

Namnet hans er uløyseleg knytt til storsuksessen Siesta, som vart produsert for Vestlandske. Andre verk som blir nemnde, er stolane Nordic frå 1954 og Flex frå 1972, som begge kunne faldast saman for å spare plass under lagring. Og det er storseljaren Combina-serien, ein kombinert sofa og soveplass i modular, som vart utvikla for Ekornes. Til hovudverka høyrer også nyskapande kvilestolar som Optima frå 1988 og møteromsstolen Nobel frå same året.Desse designikona har Ingmar Relling  fått brei og fortent omtale for i fagtidsskrift og bøker. Men Ingmar Relling teikna så mykje meir.

Gjennom fire tiår etter krigen leverte han sine teikningar til stolar og sofaer i møbelindustrien. Han var så godt som den einaste designaren som arbeidde for møbelindustrien i heile denne perioden. Han hadde ei praktisk tilnærming og i motsetning til dei fleste andre designarane i tidleg etterkrigstid, sikta han seg inn mot moderne industri og ikkje mot eksklusiv handverksproduksjon. Hans møblar vart utvikla i tett kontakt med industrien på Sunnmøre og med rasjonell produksjon for auge.

”Rellings produksjon viser oss ganske klart de designmessige følgene av møbelbransjens omlegging til en konsekvent og kapitalintensiv industrialisering:  Utviklingen av et særpreget norsk formspråk og designholdning uavhengig av de dominerende danske impulser”, skriv Fredrik Wildhagen i boka om Ingmar Relling, som kom ut i 1991.

Som eit eksempel på ein modell som har kome i skuggen av dei store bestseljarane hans, vil vi denne gongen presenterte  Nr 44. Stolen er lett og slank og vart teikna for Vestlandske Stol og Møbelfabrikk i 1959/1960.  Lenestolen  var ein del av ein serie som også omfatta ein  låg lenestol  (Nr. 34), ein stol med vange (Nr 33) og ein sofa, opplyser sonen Knut Relling.

GLEDA I DEI NÆRE TING

I Kulturminneåret 2009 er det dagleglivet sine kulturminne som skal stå i sentrum. Norsk Møbelfaglig Senter i Sykkylven dokumenterer møbelhistorie både lokalt og nasjonalt, og arbeider slik nettopp med kulturminne frå dagleglivet. Ved senteret har vi ei samling av både møblar, verkty, maskiner, bilete og historier som vi vil presentere smakebitar av gjennom kulturminneåret.

Serien vert veka før trykt i Sykkylvsbladet i fast fredagsspalte. Tidlegare artiklar finnast under menypunktet «Nettutstillingar».

KOR RETRO ER DU?

– KULTURMINNET VEKE 48

Kor retro er du? Test deg sjølv med denne stilige modellen frå Brunstad anno 1958. (Foto: P.P. Lyshol).

Enno er det berre de færraste vågar å byte ut den tradisjonelle vinkelsofaen  med femti år gammal eleganse.  

Femti- og sekstitalet er på moten igjen. Gamle  møbelmodellar blir omsett som varmt kveitebrød blant studentar og andre trendmedvitne i dei store byane. Former, mønster og møbelformer frå tiåra etter krigen er i ferd med å få høg status blant enkelte av dei som formar møbelmoten.

Retro kallast rørsla som får unge menneske til å berge besteforeldras møblar meir eller mindre losslitne  møblar frå avfallsanlegga. Men førebels er det få  vanlege familiefolk som vågar å  byte ut hjørnesofaen  sin til dømes med denne  lette og unekteleg ganske elegante sofagruppe frå Brunstad frå 1958.

Modellen fekk namnet Lotus og var truleg teikna av Jon Brunstad og Arne Welle. Gruppa var samansett av ein tre seters sofa og hadde stolar med faste puter.  Både det stormønstra, tofarga trekket og dei avrunda slanke og sprikande beina i mørkt tre var midt i motebiletet den gongen.

Modellen selde godt både som sofa og stolar og endå betre som  bogesofa. Dette var ein av dei aller første bogesofaene på marknaden og vart ein svært god salsmodell, minnest  Magne Kleppe, som dreiv med sal hos Hj. Brunstad på denne  tida. Han er ein av fleire som går gjennom store mengder reklamefoto etter fotograf P.P.Lyshol. Lyshol-arkivet inneheld rundt  5000 reklamebilete som vart tekne for møbelprodusentar, hovudsakleg frå Sykkylven, i tiåra etter krigen. Norsk Møbelfaglig Senter og Sunnmøre Museum arbeider no med å registrere og overføre desse reklamefotografia til eit digitalt format for å gjere dei tilgjengelege for ettertida.

TRESKURD SOM INDUSTRI

– KULTURMINNET VEKE 47

Ein lampett, formgitt og skoren av Daniel Hagerup, har mykje av stemninga vi hugsar frå utsmykkinga i gamle Sykkylven kyrkje. (Foto: NMFS)

Ein kunstnar med kniv leia ei heil avdeling treskjerarar ved Tynes Møbelfabrikk. Denne lampetten er eitt eksempel på former og motiv i arbeida til møbelkunstnaren Daniel Hagerup.

Framfor  minnekvelden over fabrikkeigar Bernhard Tynes og biletskjeraren Daniel Hagerup på Tynesfabrikken søndag 22.november, er det naturleg å dra fram ein aktuell gjenstand. Lampetten, som finst i heimen til Grethe og Petter Tormod Røyr, er ikkje av dei mest imponerande eller arbeidskrevjande blant verka til Daniel Hagerup. Men det er eit godt eksempel på serieprodusert kunsthandverk som prega skjenkar, skåp og spisestover og senger frå Tynes Møbelfabrikk og lampar frå Inos Armaturer, ei bedrift som vart sett i gang under krigen av møbelsnikkaren Haldor Vik og den seinare arkitekten Karstein Oddmund Vik.

Det var Daniel Hagerup som gav form til ornamenta. Treskjerarane ved Tynes-fabrikken overførte dei ulike motiva til møblane. På Tynes skjedde grovskjeringa maskinelt  ved at ein kopierte ein modell til opptil seks ulike møbelemne samtidig i ei spesialutvikla maskin berre ved å føre ein hendel over modellen.

Men finarbeidet måtte naturlegvis skje for hand og av kyndige treskjerarar. Den vesle lampetten er truleg både formgitt og skoren av Daniel Hagerup og har mange av dei motiva som særprega trekunsten hans. Dei kunstferdig snudde akantusrankane og former som minner om frodige vekstar og bølgjer med skum rammar inn ei jente i blå kjole på ein frodiggrøn bakgrunn. Dei duse fargane er lagt på av målaren Lars Tynes. Dette samarbeidet mellom treskjerar og målar varte gjennom mange år. Dei samarbeidde også om denne lampetten og utvikla etter kvart sin eigen felles stil. Derfor kjenner vi også igjen stemninga vi hugsar frå den omfattande utsmykkinga i gamle Sykkylven kyrkje, som brann ned til grunnen i 1983.

I år er det hundre år sidan møbelgründeren Bernhard Tynes vart fødd. I år har det også kome ein rikt illustrert biografi over trekunstnaren Daniel Hagerup, som budde og verka i Sykkylven frå han vart headhunta til bygda av Bernhard Tynes i 1935 og fram til han døydde  1955. Biografien gir i bilete og ord ei oversikt over livet og verket til treskjeraren, møbeldesigneren, bilethoggaren og læremeisteren Daniel Hagerup.

LYSHOLARKIVET

– KULTURMINNET VEKE 46

Slike reklamefoto tok fotograf P.P. Lyshol for så godt som alle store og små møbelfabrikkar i Sykkylven gjennom fire tiår. (Foto: P.P.Lyshol.)

Norsk Møbelfaglig Senter og Sunnmøre Museum fekk fingrane i ein skatt då avtalen om å overta reklame-arkivet til fotograf P.P. Lyshol i Sykkylven kom i stand.

Peder P. Lyshol, eller P.P, som han gjerne vart kalla, var den leiande fotografen i møbelbygda Sykkylven frå 1936. Han hadde gått i lære med fotograf Lystad i Ørsta. Etter at han hadde etablert seg i heimkommunen, utmerka han seg blant anna med sine portrettfotografi og tok etter kvart ei rekkje prisar i konkurransar i regi av Norges Fotografforbund.

På biletet ser vi ein stol produsert av  Ole C. Brunstad Møbelfabrikk som heldt til i den gamle margarinfabrikken i Velledalen. Bedrifta hadde opp til 40 tilsette på sekstitalet.

Ei naturleg oppgåve for ein fotograf i møbelbygda Sykkylven var reklamefotografering  for den framveksande møbelindustrien.  Før, under og like etter krigen voks det opp eit stort tal kjellarbedrifter i Sykkylven. Skulle dei gjere seg noka von om å selje, måtte dei ha gode fotografi av sine produkt. Gjennom meir enn førti år fotograferte P.P. Lyshol og firmaet hans det aller meste av dei møbelprodukta som vart laga i Sykkylven. Det vart etter kvart eit omfattande fotoarkiv som kunne dokumentere møbelhistoria år for år. Arkivet inneheld glasplater, svartkvitt-filmar, fargefilmar og store diasfilmar. Etter eit initiativ frå Venneforeininga for Norsk Møbelfaglig Senter vart i 2007 det gjort avtale med Skjold Lyshol om at senteret skulle få overta ansvaret for arkivet.

Det fysiske arkivet er i dag teke vare på i magasinet ved Sunnmøre Museum og blir lagra under optimale forhold. I tillegg er dei 7000 bileta kopiert over til digital form av FylkesFOTOarkivet. Minst halvparten av negativane er rett nok dublettar, det vil seie at det er fotografi av same gjenstanden. Ein del av bileta er også skadd av det såkalla ”eddiksyresyndromet” som gjorde acetatfilmane frå femtitalet  lite motstandsdyktige mot tidas tann.

Likevel er Lysholarkivet ei svært omfattande, komplett og verdfull samling som dekkjer perioden frå  seint trettital og heilt fram til om lag 1980. Venneforeininga og Norsk Møbelfaglig Senter arbeider no med å datere og skaffe fram andre opplysningar om dei ulike møblane som det finst fotografi av i samlinga. Etter kvart som opplysningane til kvart bilete er på plass, kan arkivet leggjast ut  på heimesidene til Norsk Møbelfaglig Senter og gjerast søkbart for alle.

KJELLARBEDRIFTENE

– KULTURMINNET VEKE 45

Enno finst det kjellarar med spreidde vitnemål om hektisk møbelproduksjon. Ut av tronge lokale i underetasjane spirte den sunnmørske møbelindustrien.

Tettare konsentrasjon av møbelfabrikkar enn i Aure-garden, Grebstaddalen og Vik skal ein nok leite lenge etter her i landet. På Aure var det hektisk produksjon ikkje berre i kjellaren i stovehusa i Jan-garden, Bø-garden, Pihl-garden og Knut-garden. Aktiviteten smitta. Folk kjøpte seg tomter og bygde hus oppover Grebstaddalen og her hadde Olav Andreassen, Osvald Haddal, Ole Melseth, Olav P. Eidem, Alf Svensen, Johnny Eiden og Arne Johansen sine kjellarfabrikkar.

Tandstad & Strømme AS var ei av dei mange kjellarbedriftene i Sykkylven i åra frå 1947 og framover. Dei heldt til i huset til Inge Strømme i Strømme-garden i Straumgjerde. Ein elefant i ein lenestol skulle signalisere kvalitet og slitestyrke. (Frå Industrisoge for Sykkylven.)

Arbeidsdelinga var grei: Dei fleste fabrikkane i sentrum var tapetserarbedrifter. Treverket fekk dei frå underleverandørar, mange av dei låg i Velledalen eller andre utkantar der bøndene hadde god tilgang på tømmer og der det var plass til ei sag.

Ein tapetserverkstad kunne ein setje i gang utan store kostnader. Ein hadde bruk for ein kjellar, arbeidsbord, benkar. Nåler, hamrar og ei og anna symaskin. Og sjølv om dei var konkurrentar, var produsentane også gode naboar. Mangla ein strie, stoff eller stift, kunne ein gå til nabobedrifta og låne, fortalde møbelveteranane då Eldar Høidal frå Norsk Møbelfaglig Senter tok med seg dei og eit interessert publikum på ei historisk vandring på Aure og Grebstad. (Årbok for Sykkylven 1999.)

Ei vanleg bemanning i ei kjellarbedrift var fire til seks arbeidarar. Med fire-fem mann i produksjonen kunne ein greie å byggje 20 stolar per dag. Likevel prøvde ein å rasjonalisere gjennom å spesialisering på ulike avgrensa arbeidsoperasjonar. Det var ein måte å arbeide på som braut med handverkstradisjonen. Produksjonen var gjerne delt inn i følgjande operasjonar: 1. Surring av sete – stabilisering av spiralfjører. 2. Madrassering eller stopping av setet. 3. Surring av rygg. 4. Madrassering av rygg. 5.Trekking av sete og rygg.

STRESSLESS

– KULTURMINNET VEKE 44

Stressless Original var eit nyskapande produkt med eit heimelaga engelskklingande namn som slo an både  i Noreg og internasjonalt.

Det kan kanskje verke urimeleg, ikkje minst i møbelbygda Sykkylven, å dra fram Stressless-stolen som eit kulturminne. Men i tillegg til å vere levebrødet til mange sykkylvingar er det både eit kulturminne som både har vore med på å profilere norsk industri og  endre sitjevanane til millionar av menneske over store delar av kloden.

Den første Stressless-stolen vart produsert i 1971. Det er ein kvilestol i stål, skum og skinn der sete og rygg kunne regulerast med kroppstyngda.  Alt i 1983 hadde det gått ein halv million stolar ut av fabrikken på Ikornnes.

Særleg etter at Ekornes i 1991 lanserte Plus-systemet som også tilpassa rygg og nakkestøtte betre til dei ulike sitjestillingane, har det aldri vore noko spørsmål om ein Stressless var god å sitje i. Med Stressless Jazz fekk også Ekornes i 2008 det høgthengande Merket for God design. Endeleg er det også mogleg å sitje godt i ein prislønna norsk designarstol, kommenterte produsenten i ei pressemelding, med ein aldri så liten brodd mot trendy pyntemøblar som er betre å sjå på enn å sitje i.

Også namnet og etter kvart varemerket Stressless har sin del av æra for suksessen.  Det var Erling Ekornes som kom på dette namnet, som høyrest meir engelsk ut enn det er. ”Stress” var det nye motordet nummer ein på syttitalet, brukt i tydinga sjeleleg og lekamleg press, uro, påkjenning.  Stressless er eigentleg eit såkalla falsk lån frå engelsk, på same måte som ”grillparty”, altså samansett av engelske ord, men laga i utlandet utan å vere ein del av det engelsk språket.

For nordmenn er det derimot naturleg at Stresskless tyder ”fri for stress”- eventuelt  oppmodinga ”stress mindre”. På engelsk kjende ein aldri noka anna tyding av ordet enn eit spesialord frå fonetikken som tydde eit ord utan trykk, fortalde språkforskar Endre Brunstad i ein artikkel i Årbok for Sykkylven i 2009. Men den norske tydinga av ordet vann fort fram i mange språk og Stressless utvikla seg til ei sterk internasjonal merkevare med ei eiga tyding som blir oppfatta godt på tvers av språkgrensene.

SKINANDE BLANKE FLATER

– KULTURMINNET VEKE 43

Remediar som var vanlege i ein polerarverkstad.(Frå samlingane til Norsk Møbelfaglig Senter. Foto: NMFS)

Det glatte og blanke var litt av eit statussymbol i ei tid då det meste ein omgav seg med bar preg av å vere heimegjort  og sjølvlaga.

Møbelprodusentane overgjekk kvarandre i å satse på fagmessig politur på armleiner, bordplater og skåp. Dagens fabrikkframstilte og robotlakka møbeltreverk er blankt og fint, men kan på ingen måte  måle seg med overflatene på mykje av møblane som vart levert like før, under og etter andre verdskrigen.

På bildet ser vi blant anna grunning Garver’n Lærfarve, ei flaske heimeblanda ekstra lys mahogny-beis,  Becko teak-beis og møbelbeisen Sirius frå Arnt C.Tharaldsen i Oslo.”Like god til beising av ski. Norsk Opfindelse. Norsk fabrikat”.

Glitrande, blanke overflater  var eit synleg bevis på godt handverk og ein god polerar stod alltid høgt i kurs i møbelfabrikkane. Så var det heller ingen liten kunst: Den første tida polerte ein utan å slipe men brukte lakkfordelar og anna væske som ein drog utover med ein sudd for å få glans i overflata. Deretter brukte ein ei spesiell glansvæske for å gjere overflata blank.

Etter kvart byrja ein å rubbe eller polere overflatene mekanisk med finare og finare sandpapir. Tidlegare polerar Ola Tandstad har i eit intervju i arkivet til Norsk Møbelfaglig Senter fortalt at den vanlege prosedyren var denne: Først beising og pussing, så sprøytelakkerte ein med tre lag celloloselakk. Vi  sikla vi for å fjerne overflødig lakk før vi polerte overflata med stadig tynnare sandpapir og til slutt med pasta for å få det glattast mogleg. Til slutt smurde vi på ein klaringskrem. Når han var tørr, tørka vi restane av. Då var det blankt som ein spegel.

Men det også andre omstendelege prosessar, blant anna når ein brukte skjellakk. Dette var ein lakktype, framstilt at ein type harpiks som blir utvunne av plantar som har blitt stukne av lakkskjoldlusa Coccus lacca: Først vassbeising og sliping, så beising i rett farge og ny sliping. Så eit strøk med politur eller skjellakk og ny sliping. Så følgde eit strok med botnlakk, ein omgang med sikling og deretter tre strok med klarlakk.

Det var eit seint og anstrengande arbeid, ikkje minst den gongen all pussing skjedde for hand. Sprøyteutstyr og de i første poleringsmaskinane, som kom seint på trettitalet, gjorde arbeidet enklare. Arbeidsmiljøet for dei som dreiv med lakkering og polering var ikkje det beste. Det var mykje støv og gass og arbeidet vart ofte gjort i tronge lukka rom for å redusere støvproblemet. Ikkje underleg at overflatebehandling var dei første arbeidsoppgåvene som vart overlate til industrirobotane då denne teknologien voks fram frå syttitalet.

ALFA, KRØLLHÅR OG STAMPELO

– KULTURMINNET VEKE 42

Ein klassisk lenestol  bygd opp frå grunnen av. (Foto: Norsk Møbelfaglig Senter.) 

Ein stol må ikkje vere for hard eller for mjuk. Og spenst må til om sitjeunderlaget skal finne att si opphavlege form. Møbelstopping er ikkje for amatørar.

Det har alltid vore ein kunst å byggje opp ein sitjeplass så han blir mest mogleg behageleg for den som skal sitje. Det har ikkje vore nokon mindre kunst å skaffe høvelege materialar til ein rimeleg pris.

Den første tida vidareførte møbelindustrien gamle og tidkrevjande handverksmetodar. Først på femtitalet kom formstøypt skumplast som gjorde det mogleg å forenkle og mekanisere produksjonen. Den klassiske sitjeplassen er bygd opp på følgjande måte: Ei kraftig treramme vart forsynt med solide vovne band – såkalla salgjord  – på undersida. På salgjorda vart det montert spiralfjører. Fjørene vart  stabiliserte med surringstau. På dette gyngande underlaget bygde ein opp stoppinga lag for lag.

– Nedst brukte vi tørka alfagras – eit sjøgras som kom frå Afrika. Det kom i harde ballar og måtte rivast opp ved hjelp av ein spesialmaskin, fortel møbelveteran Petter Kirkebø i Sykkylven.

Dette første stoppingslaget vart halde på plass ved hjelp av eit trekk av strie – grunnstrie nedst, så eit lag med alfa halde på plass av såkalla fasong- eller figurstrie. Så vart det lagt på eit lag med shoddy (stampelo) og på dei dyraste modellane, krøllhår. Krøllhår var mellomlange hestehår som var kokt og slått til tau slik at dei krølla seg. Også krøllhåret vart kjøpt samla i tau eller fletter som måtte rivast opp med ei spesialmaskin. Ekte krøllhår var dyrt og lite brukt møbelindustrien, seier han.

Det fanst også billigare stoppingsmaterialar. Shoddy eller stampelo var eitt av dei. Treull var tynt høvla spon og hadde ein tendens til å bli berre sakmask etter kort tids bruk. Dette var materialar ein stort sett brukte under krigen då det ikkje var anna å få. Danskane var ikkje betre. Dei hadde mindre skog og måtte stoppe krisemøblane sine med tørka tang og tare, fortel Petter Kirkebø.

Setestoppinga vart toppa med matter av vatt før det gjerne vart trekt med kvitt lerretsstoff. Sjølve møbelstoffet vart gjerne montert først når ein fekk signal om kva fargar og kvalitetar det var etterspørsel etter.

SPERREPLATE

– KULTURMINNET VEKE 41

Foto: NMFS

Medan enkelte tekniske framskritt fekk augnefallande resultat både innanfor design og produksjonsteknikk, var det andre som knapt blei lagt merke til.

Heiltre-materialar høyrest både solid og varig ut, men tre er levande materiale og det massive treet kunne både slå seg eller sprekke på grunn av variasjonar i temperatur og fukt. Det var særleg eit problem for dei som laga platemøblar. Skåp og senger, bord og hyller skulle både vere sterke og stabile og samtidig så smekre som mogleg. For å unngå sprekker i treverket bygde ein sperreplater og tok til å byggje platemøblar av dei.

Sperreplata er på mange måtar forløparen for dagens møbelplater som eigentleg er ein type sponplater. Sperreplata var laga av eit stykke heiltre som vart snitta opp for å fjerne spenningane i treverket og så  kledd med finer for å skjule sagspora. Teknikken gav sterke, lette og stabile møbelplater.

På grunn av at dei måtte finerast, var dei kompliserte å lage. Ei møbelplate skulle pussast etterpå og ha meir enn ein millimeters avvik frå måla ved levering. Var den litt unøyaktig laga var det lett at sida anten ikkje vart pussa eller ein pussa hol på den tynne fineren, fortalde Einar Blindheim som produserte slike sperreplater til eige bruk ved Blindheim Møbelfabrikk (Blindheim i Ålesund kommune) i eit intervju i Norsk Møbelfaglig Senters arkiv.

VERDAS FØRSTE HEILSTØYPTE

– KULTURMINNET VEKE 39

Verdas første stol i heil skumplast er utstilt ved Norsk Møbelfaglig Senter i Sykkylven. (Foto: NMFS)

Ein høgst ordinær stol å sjå til viste seg å skjule ein produksjonsteknisk revolusjon.Verdas første stol med heil skumplast vart presentert i 1953.

Det er ikkje berre nye former og fargar som har fått møbelindustrien til å gjere store sprang framover. Nye materialar og teknikkar som forenklar produksjonen og lett kan utnyttast i masseproduksjon er kanskje ikkje nyvinningar som er like lette å oppdage. Men dei er ofte vel så viktige for utviklinga.

Då arbeidskrafta var billeg kunne ein godt drive med arbeidsintensiv fletting av korgstolar og handverksprega treskurd. Seinare kom stopping på trerammer som også kravde stor arbeidsinnsats med magnethammaren over strie, alfagras, krøllhår og vatt.

VERDAS FØRSTE HEILSTØYPTE

– KULTURMINNET VEKE 39

Verdas første stol i heil skumplast er utstilt ved Norsk Møbelfaglig Senter i Sykkylven. (Foto: NMFS)

Ein høgst ordinær stol å sjå til viste seg å skjule ein produksjonsteknisk revolusjon. Verdas første stol med heil skumplast vart presentert i 1953.

Det er ikkje berre nye former og fargar som har fått møbelindustrien til å gjere store sprang framover. Nye materialar og teknikkar som forenklar produksjonen og lett kan utnyttast i masseproduksjon er kanskje ikkje nyvinningar som er like lette å oppdage. Men dei er ofte vel så viktige for utviklinga.

Då arbeidskrafta var billeg kunne ein godt drive med arbeidsintensiv fletting av korgstolar og handverksprega treskurd. Seinare kom stopping på trerammer som også kravde stor arbeidsinnsats med magnethammaren over strie, alfagras, krøllhår og vatt.

Då heilstøypte puter i møblar vart teke i bruk utover femtitalet var det ein revolusjon innan møbelproduksjonen. Serieproduksjon av puter eliminerte nemleg tidkrevjande stopping og reduserte produksjonstida kraftig. Og det var i rett tid, for lønnene auka og rasjonalell produksjon  hadde blitt gjennomgangsmelodien i industrien.

I 1951 kom Lauritz Sunde over ei prøve av det nye materialet polyester eller polyretanskum på ei messe i Tyskland. Han såg med ein gong at materialet kunne revolusjonere møbelindustrien. Ved å lage former og støype puter i det nye plastmaterialet kunne ein erstatta tidkrevjande stopping og få fart på produksjonen.

Frå den leiande kjemiprodusenten Bayer i Tyskland sikra han seg patent nummer to i verda på framstilling av skumplast. Verdas første stol i heil skumplast vart lansert på ei møbelmesse i Oslo i 1953. Det gjekk akkurat som Lauritz Sunde hadde rekna med: Møbelindustrien på Sunnmøre såg raskt det arbeidssparande potensialet i å kunne bruke heilstøypte puter og vart raskt storkundar hos den nye skumplastfabrikken.

Etter kvart fekk han konkurrentar, også lokalt. Men i møbelmiljøet var merkenamnet Porolon så godt som synonymt med skumplast gjennom fleire tiår.

DET STORE NATTØNSKJET

– KULTURMINNET VEKE 38

Eit skikkeleg møblement – som dette frå Brødrene Blindheim AS – høyrde til når det endeleg blei plass til eit eige soverom for mor og far. (Foto: P.P. Lyshol.)

Ei solid dobbeltseng med nattbord på kvar side og strømpepuffar i fotenden var eit must i etterkrigsåra. 

For det store fleirtalet av nordmenn var soverommet berre ein draum rundt 1900. I bygdene hadde kanskje sjølvefolket kanskje eit eige sovekammers, men i trongbudde byar måtte mange liggje anten på kjøkkenet eller i stova. I hovudstaden under krigen måtte tre av fire foreldre med meir enn tre born sove i stova.

Med Husbanken, som kom i 1946, kom det også byggjestandardar som også tok høgde for eige soverom for mor og far. I den moderne standardfamilien med far og mor og to born skulle også borna i familien ha eige rom med plass til køyesenger, leksepultar og hobbyar.

For nyetablerte ektepar var eit skikkeleg soverom det store nattønskjet. Det skulle vere ei solid og stødig dobbeltseng med plass både til far og mor og ein framtidig ungeflokk som kanskje vakna tidleg og kom på besøk. I tillegg til dei obligatoriske nattborda og strømpepuffane skulle det også vere eit romsleg lintøyskap  og aller helst også eit toalettbord med speil der mor kunne børste ut håret i sin nylonneglisjé.

Soveromsmøblementet skulle helst ha ein einskapleg preg og var gjerne halden i mjuke og duse fargar med stilig dekor i måling og  tredetaljar. Møblementet på biletet stammar frå møbelfabrikken Brødrene Blindheim AS i Sykkylven, som produserte møblar frå 1939 til 1981. Fabrikken hadde opptil 16 tilsette i femti- og sekstiåra. Biletet er henta frå møbelarkivet til fotograf P.P. Lyshol, eit arkiv som no blir systematisert og teke vare på som ein del av samlingane ved Norsk Møbelfaglig Senter.

TØNNESTAVSTOLEN

– KULTURMINNET VEKE 37

Tønnestavstolen frå  Tynes vart aldri nokon storseljar, men er eit tidleg eksempel på korleis laminert tre kunne gi  heilt nytt armslag for møbeldesign.

Alt tidleg i mellomkrigstida hadde den finske arkitekten Alvar Aalto og svensken Bruno Mattson gjort suksess med lette og elegante laminerte møblar. Men det skulle gå mange år før denne teknikken var klar for industriell produksjon. Blant dei bedriftene som tidleg såg potensialet i Sykkylven var Vestlandske Møbler, som i 1965 lanserte Ingmar Rellings millionseljar Siesta.

Men alt fem år tidlegare var Tynes Møbelfabrikk på banen med  Kjell Richardsens nyskapande Tønnestavstolen– ein stol  med sete og rygg av bøygde ribber i laminert tre og bein av tynne stålrør. Stolen vann Bransjerådets møbelkonkurranse for 1960-1961. Men  det viste seg at stolen likna alt for mykje på Scandia-stolen som Hans Brattrud hadde teikna i 1957 og vist fram på ei messe. Stolen var enno ikkje sett i produksjon, men sidan prototypen hadde vore vist før, fann juryen det rettast å felle ein salomonisk dom: Dei to stolane fekk delen prisen, men Hans Brattruds Scandia vart nemnt først i omtalen.

Tynes Møbelfabrikk produserte rundt 400 eksemplar av Tønnestavstolen, medan Skandia Junior og Skandia Senior vart sett i  produksjon av Hove Møbler i Stordal frå 1961. Tønnestavstolen frå Tynes Møbelfabrikk er ein del av samlingane ved Norsk Møbelfaglig Senter.

KOKELAG

– KULTURMINNET VEKE 36

Kokelaget ved L.K. Hjelle. (Foto utlånt av Haldis Bakke)

Utan mat og drikke dugde heller ikkje møbelarbeidarane. Varm middagsmat fekk mange i kokelaget.

Skikkeleg mat måtte skikkelege arbeidskarar ha. Det galt i jordbrukssamfunnet og det var like aktuelt for dei mange som flytta til industribygdene for å få seg arbeid. Så lenge det var kjellarbedrifter, var det vanleg at arbeidarane kjøpte seg inn rundt kjøkkenbordet saman med familien i huset. Etter kvart som det var større forhold, vart det organisert kokelag med eiga kokke som sytte for skikkeleg middag for medlemmene av laget.

På bildet ser vi: fremst frå venstre Konrad Løseth, Aksel Svindseth, Haldis Blindheim, seinare gift Bakke, Harry Svindseth og fire ukjende trønderar. Bak frå venstre: Normann Abelset, Ole Løseth, Kåre Kjersem, Anders Kvisvik, Ole Johnsen og kontormann hos L.K. Hjelle, Bjarne Fylling . Heilt bak: Gunnar Sveås og Ivar Haugen.

Hadde ein ikkje eit kvinnfolk å stelle for seg i åra før, under og like etter krigen kunne det lett bli stussleg i matvegen. Ikkje berre på grunn av fastlåste kjønnsroller. På denne tida laga ein maten frå grunnen. Slakt måtte kjøpast inn og kjøtet saltast. Det var ingen frysevarer og ferdigmiddagar i butikken. Å stelle til skikkeleg middagsmat var eit yrke meir enn i dag og eit yrke som kunne bli ei kjærkomen inntektskjelde for kvinner i ei bygd der industrijobbane stort sett var for menn.

Halldis Bakke frå Sykkylven er ei av dei mange kokelagskokkene i Sykkylven. Ho hadde hatt arbeid i byssa på misjonsbåten Brand og var berre 18 år då ho blei kontakta av L.K. Hjelle som ville ha henne til å lage middag til arbeidarane ved fabrikken som budde på hybel. Seinare kokte ho også for arbeidarar ved Vik og Blindheim og Brødrene Blindheim, og kokelaget hennar hadde etter kvart 25 medlemmer.

Ungkarane – ofte unge gutar –  som strøymde til industribygda budde på hybel. Det gjekk mest i brødmat. Det var ikkje mat for arbeidsfolk, meinte blant anna L.K. Hjelle som var tidleg ute med å hjelpe til med å danne eit kokelag for Vikøyra. I kokelaga vart namna på medlemmenHaldis Blindheim, seinare gift Bakke. (Foto: Privat)e gjerne slått opp på veggen og dei kryssa sjølve av for kvart måltid dei deltok i. Industriarbeidarane betalte ein ganske stor del av daglønna til mat. Prisen per middag var kr 2,25 den første tida. Ofte fiska dei i fjorden og leverte fisken til kokelaget for å redusere matutgiftene.

Vanlege middagsrettar var kjøtkaker, potetball, brennsnut og ulike fiskerettar. Middagen var presis klokka 12 kvar dag og middagspausen var på ein time. Kokka hadde ikkje helgefri. Arbeidarane skulle også ha varm mat om søndagen.

På bildet ser vi Haldis Blindheim, seinare gift Bakke, fotografert på kaia på Vikøyra. (Foto: Privat)

EIN TIDLEG RECLINER

– KULTURMINNET VEKE 35

Den solide reclineren frå K. Emdal & Co er ein prototyp frå femtitalet som aldri kom i produksjon. (Foto: Kjetil Tandstad).

Amerikanarane var først ute med lenestolane med regulering og innebygd fotstøtte som er så gode å sovne i framfor fjernsynet. Sykkylvsindustrien var på same sporet – lenge før fjernsynet kom til oss.

Ein svintung lenestol med bein og leiner i polert hardtre og med solide metallkonstruksjonar under setet er ein av gjenstandane som Norsk Møbelfaglig Senter har teke vare på. Stolen er ein recliner frå Sykkylven, truleg frå femtitalet, utvikla av K. Emdal & Co i Straumgjerde og ei gåve til museet frå Kristin Emdal.

Stolen hamna etter kvart hos Emdal Transport i Straumgjerde. Her har slitne mekanikarar og sjåførar hos transportselskapet slengt seg nedpå for ein kvil gjennom mange tiår. Trass i ei sentral plassering i ei travelt hovudkvarter for transportselskapet, er stolen framleis i god teknisk stand. Når ryggen blir lagt bakover, glir den skjulte fotskammelen ganske knirkefritt fram. Det solide møbelstoffet er også intakt, sjølv om fargen ber preg av alle dei oljeflekka overallane som stolen har vore i nærkontakt med.

Stolen er ein prototyp og vart aldri sett i produksjon – han vart truleg for stor og for dyr for marknaden .Han er eitt av mange eksempel på solide produkt som vart utvikla i møbelfabrikkane men som likevel aldri nådde publikum. Karl Emdal var odelsgut frå Stranda, som vart fanga av møbeleventyret etter at han tok seg arbeid hos P.I. Langlo  og seinare vart verksmeister ved Sykkylven Kurvvarefabrikk. Saman med ti arbeidaraksjonærar skipa han møbelfabrikken K. Emdal & Co på trettitalet. Dei laga både store overstoppa stolar og lettare møblar. I 1945 kjøpte Karl Emdal aksjemajoriteten i madrassfabrikken Ligg-Godt A/S i Oslo og flytta produksjonen til Straumgjerde. Utover etterkrigstida vart madrassar eit hovudprodukt for bedrifta saman med sovesofaer.

ELDST OG MEST MODERNE

– KULTURMINNET VEKE 28

Relux 70 (Lysholarkivet)

I 2011 er det hundre år sidan den eldste møbelfabrikken som framleis er i drift i Sykkylven kom i gang. Grunnleggjar var Knut Tusvik som sette i gang med trevareverkstad i våningshuset sitt på  Einekagen på Tusvikneset i 1911.

Den første produksjonen ved Tusvik Møbelfabrikk var vanlege bruksmøblar for folk flest i lokalmiljøet, blant anna stolar og bord, skjenkar og buffear i heiltre furu, ofte med treskurd. Knut Tusvik vart sjuk og døydde tidleg og sonen Conrad K.Tusvik tok tidleg over leiinga av bedrifta. Conrad K. Tusvik  hadde godt blikk for materialar og design, sjølv om han aldri fekk noka formell utdanning. 96-åringen er framleis åndsfrisk og bur i heimen sin like ved fabrikken, som no ber namnet Cylindra og blir driven av sonen Kjellbjørn Tusvik.

Tusvik Møbelfabrikk vart etter kvart kjend for sine høgglanspolerte  møblar og frå femtitalet av var bokskåp, salongbord, salongskrivebord og skrivebord og til kontorbruk selde over heile landet. Frå sekstitalet leverte dei også senger i den lette og elegante Relux-serien. Tusvik Møbelfabrikk var tidleg ut med å bruke finer og bygde si eiga finerpresse.  På femtitalet utvikla dei ein type sperreplate der finer vart lima på treverk som var saga spor i for å redusere spenninga i treverket. Denne spesielle  konstruksjonen gav svært stabile og sterke plater.

Møblane frå Tusvik Møbelfabrikk var prega av kvalitet og ei nyskapande fond som skaffa bedrifta kundar over heile landet. Dagens retromote har gjort dei enkle og elegante platemøblane frå Tusvik Møbelfabrikk etterspurte på bruktmarknaden.

TRESKJERAREN

– KULTURMINNET VEKE 27

Detalj frå skjenk produsert ved Tynes Møbelfabrikk (Foto: P.P. Lyshol.)

I dagens møbelproduksjon, med datastyrte CNC-fresar og robotar, er ikkje treskjeraren lenger nokon naturleg del av staben i ein møbelfabrikk. Men treskjeraren har hatt ei viktig rolle i møbelindustrien. Den mest kjende av alle er Daniel Hagerup (1876 – 1955), som fabrikkeigar Br. Tynes headhunta til Sykkylven frå Angvik Møbelfabrikk i 1936.

Daniel Hagerup var fødd i Grønvika på Smøla og gjekk i lære blant dei beste i samband med restaureringsarbeidet i Stiftsgården og Nidarosdomen i Trondheim.  Men også finare møbelindustri såg nytten av å knyte til seg kunstnarar og dyktige handverkarar. Ein av dei som såg potensialet var Bernhard Tynesved Tynes Møbelfabrikk som etter at han hadde kapra Hagerup gjorde det godt med tunge spisestover og soveromsmøblement med handskorne motiv blant anna frå Synnøve Solbakken og Terje Vigen.

Daniel Hagerup får denne sommaren ei permanent utstilling i det nye Gurisenteret på Edøy på Smøla. I samband med utstillinga blir boka  Daniel Hagerup – født kunstner, redigert av Ivar Grimsmo, gitt ut. Boka gir det første samla bilde av produksjonen og livet til den framståande kunstnar som nesten var gløymd i heimekommunen. Men i Sykkylven har han vore høgt akta – både som kunstnar og møbeldesignar. På kyrkjegarden her kan vi også finne gravsteinen til Anna og Daniel Hagerup.

I ettertid blir Daniel Hagerup vurdert som ein av landets beste treskjerarar. Folk som såg han arbeide, vart forbløffa over at imponerande raskt han kunne skjere kompliserte motiv med grunnlag i nokre små blyantstrek eller på frihand. Som kunstnar er han kjend for fem storverk: Tambarskjelve-gruppa og bautaen over Tord Foleson i stein, utsmykkinga av Nordlandet Kirke i Kristiansund og interiøret i røykjesalongen i hurtigruteskipet Finmarken (no ved Sjøfartsmuseet i Bergen). Det femte storverket var den omfattande utsmykkinga i gamle Sykkylven kyrkje, som gjekk tapt under kyrkjebrannen i 1983. I tillegg kjem altså dei mange bileta han laga og skar for  møbelfabrikkane Angvik og Tynes og for lampefabrikken Ino Armaturer, som sykkylvingane Karstein Oddmund Vik og Haldor Vik dreiv under krigen.

JARNESBÅTANE

– KULTURMINNET VEKE 25

Jarnesbåten Vesla i fin fart på Sykkylvsfjorden var eit vanleg syn på på femti- og sekstitalet.

Då Raumabana opna i 1924, vart Åndalsnes eit knutepunkt for transporten av møblar frå Sunnmøre til dei folkerike områda i aust, sør og nord. Men transporten med MRF sine båtar kravde omlasting i Ålesund. Det var både tidkrevjande og tungvint. Ei interessegruppe  av møbelverksemder i Storfjordområdet bad om at MRF sette i gang ei direkteline, men fekk dårleg respons.

Petter Jarnes hadde hatt fiskebåt saman med broren Thomas og også hatt sporadiske fraktoppdrag. Familien vart oppmoda av møbelindustrien om  å setje i gang med møbelfrakt.  Det enda med at dei fem sønene  til Petter Jarnes, Peder, Thomas, Olav, Paul og Inge,  starta fraktreiarlaget Brødrene Jarnes og kjøpte skuta Trygg 6.

Fylkesmannen gav dei konsesjon for å drive frakt i heile Storfjordområdet. Frå 1945 gjekk Trygg 6 faste ruter mellom møbelbygdene på Sunnmøre og Åndalsnes. Behovet for frakt var stort og Jarnes-brørne kjøpte den 85 fot store Verge i 1947 og supplerte med den like store Vesla i 1950. Midt på sekstitalet kjøpte dei den 90 fot store Nordberg frå Haramsøya.

Mange av møbelfabrikkane hadde eigne kaier, men ikkje alle kaiene var isfrie heile vinteren. Ofte braut skutene seg råk innover så langt dei kom og så vart møblane frakta på kjelke frå fabrikken til iskanten. Ulukker og havari var reiarlaget sparte for i alle dei 33 åra dei eksisterte. Når dei ikkje segla, låg Jarnesbåtane fortøyde ved sida av kvarandre ved kaia, om lag der dagens småbåthamn og badebasseng ligg på Ikornnes. Brødrene Jarnes dreiv møbelfrakt frå 1945 til 1978, men då var det heilt slutt fordi så godt som all møbelfrakt hadde gått frå kjøl til bil, fortel Malvin Misje i ein artikkel om Jarnesbåtane i Årbok for Sykkylven frå 2005.

CYLINDRA

– KULTURMINNET VEKE

Kjellbjørn Tusvik med eitt av Peter Opsviks skåp i utstillinga over verkstaden i Tusvika. (Foto: Kjetil Tandstad).

Plastemballasjen gjorde den gamle tretønna avleggs og med henne forsvann ein heil industri. Men tønneteknikken lever vidare i Peter Opsviks Cylindra-kolleksjon.

Det var kunnskapen til tønnemakaren som inspirerte møbeldesignaren Peter Opsvik til å lage skåp og andre møblar med basis i ei sylindrisk form. Med same teknikk som tønnemakarane  brukte, bygde han sine sylinderforma tønner av smale stavar i heiltre. Med utgangspunkt i denne grunnforma skapte han skåp som han gav fantasieggande namn som Fandenskap, Lidenskap eller Ekteskap.

Produksjonen starta først i ein tønnefabrikk, men etter kvart vart produksjonen overteken av Kjellbjørn Tusvik og flytta til Sykkylven og Tusvik Møbelfabrikk i 1985. Den opphavlege Cylindra-serien hadde 20 modellar. I dag er det ti gongar så mange og Kjellbjørn Tusvik får stadig nye teikningar frå designaren. Svært mange av dei særprega møbelstykka er skåp, men etter kvart har det også kome bord og stolar og ikkje minst populære nøkkelskåp, som går godt som suvenirar til turistane.

Nokon møbelfabrikk i vanleg forstand er ikkje Cylindra  –  møblane som blir laga er kunsthandverk der god design blir kombinert med høg  handverksmessig kvalitet. Kjellbjørn Tusvik har i tillegg evna til å skape  gode publikumsopplevingar rundt møblane. Blant gode former, fargar og til dufta av fersk tre frå verkstaden har han også arrangert godt besøkte kunstutstillingar og populære konsertar med lokale krefter.

Besøkjande kan oppleve Cylindra-møblar både i galleriet i Ålesund og i utstillinga i etasjen over fabrikklokala i  Sykkylven. Kjellbjørn Tusvik er oppteken av korleis Peter Opsviks Cylindra-kolleksjon skal førast vidare. Han har ein draum om å byggje ut fabrikken for å gjere han endå betre eigna som reisemål  for turistar, anten dei kjem sjøvegen eller landevegen. Ein modell står utstilt i lokala som viser korleis han tenkjer seg Cylindra-galleriet skal sjå ut etter ei utbygging.