Møbelmuseet NMFS dokumenterer møbelhistoria

Møbelmuseet Norsk Møbelfaglig Senter vart etablert i 1994, og er eigd av Sykkylven kommune, Forbundet Industri Energi (tidlegare Norsk Treindustriarbeiderforbund) og Norsk Industri, møbel + interiør (tidlegare Møbel- og Innredningsprodusentenes Landsforening).  NMFS er i dag ein del av Stiftinga Sunnmøre Museum og det er Sunnmøre Museum har det faglege ansvaret og ansvaret for drifta av avdelinga.

Senteret er eit museum og eit dokumentasjonssenter for den norske møbelindustrien. Møbelmuseet har et rikhaldig bibliotek, kjeldeskrift frå møbelbedrifter, eit bildearkiv m. m. Vi har også ei stor samling møblar og produksjonsutstyr som viser utviklinga av den møbelindustrielle produksjonen i Norge frå  hundreårsskiftet 1900 og fram til i dag. I den faste utstillinga kan ein sjå møblar frå heile den meir enn hundre år lange historia til  møbelindustrien.

Norsk Møbelfaglig Senter tek også på seg å skrive bedriftshistorier og annet formidlingsarbeid innan norsk møbelproduksjon.I 2005 vart det oppretta ei veneforeining for NMFS. Foreininga gjennomfører ulike aktiviteter for å skape interesse for historia. Alle som ønskjer det er velkommen til å bli medlem i venneforeninga. Det kostar 150 kroner per år for privatpersonar. For bedrifter er medlemskontigenten gradert etter talet på tilsette.

NMS