Årsmelding 2009

NORSK MØBELFAGLIG SENTER

Årsmelding 2009

Norsk Møbelfaglig Senter er eit nasjonalt dokumentasjons- og formidlingssenter for møbelhistorie. Senteret vart etablert i 1994 og er eigd av bransjeorganisasjonane i møbelindustrien og Sykkylven kommune. Sidan hausten 2004 har Norsk Møbelfaglig Senter vore ei avdeling under Stiftinga Sunnmøre Museum.

 Administrasjonen i 2009:

Dagleg leiar 100 prosent stilling.

Forfattar/historikar:100 prosent stilling.

Museumspedagog: 40 prosent stilling.

Vaskehjelp: 2 timar per veke.

Forfattar Eldar Høidal er tidlegare avdelingsleiar ved Norsk Møbelfaglig Senter, men har vore engasjert som forfattar på heiltid på vegne av senteret. På tampen av året vart Eldar Høidal tilsett som skrivar/forskar med arbeidsstad Norsk Møbelfaglig Senter.

Kjetil Tandstad, som sidan september 2008 har vore vikar i avdelingsleiarstillinga, vart samtidig fast tilsett som dagleg leiar. Magnhild Vatne er museumspedagog i 80 prosent stilling. Ho har tidlegare delt stillinga si likt mellom Norsk Møbelfaglig Senter og Sykkylven naturhistoriske museum, men skal frå 2009 bruke 60 prosent på Sykkylven naturhistoriske museum og 20 prosent på Norsk Møbelfaglig Senter. Ho har fast kontorplass på NMFS.

Vaskehjelp er Nasra Jawab, som arbeider to timar per veke for NMFS.

Det er eigarstyret i Stiftelsen Norsk Møbelfaglig Senter som har eigedomsretten til samlingane. Stiftinga har ikkje eigne bygg, men hadde ei formue på knapt 806.000 kroner per 1/1-2010. Styreleiar er Otto-Magne Strømmegjerde (Sykkylven kommune), Steinar Myrseth (møbelindustrien) er nestleiar og medlemmer er Ole-Kristian Paulsen (fagforbundet), Gisle Johnsen (Sykkylven vidaregåande skule), Jan Lade (designarmiljøet) og Mindor Hjellegjerde (Veneforeininga). Styret hadde to ordinære styremøte i 2009 i tillegg til årsmøtet. Styret har kome med innspel til årsplan og budsjett.

Norsk Møbelfaglig Senter har også ei svært aktiv veneforeining. I 2009 har Grethe Østerhus Røyr vore leiar og i styret sat Mindor Hjellegjerde, Karl Johan Emdal, Petter Kirkebø,   Astrid Eik Roald.

      

Plan  og planarbeid

 NMFS har lokale i Næringens Hus i Sykkylven og rår i dag over kontor og utstillingslokale i første etasje. Med atterhald om endeleg godkjenning i eigarstyret og styret for Sunnmøre Museum skal den permanente utstillinga flyttast til 200 nye kvadratmeter i andre etasje. Det skal monterast heis for funksjonshemma og trapp mellom etasjane. I første etasje blir det bygd ut frå to til tre kontor, eit mindre utstillingslokale for skiftande utstillingar, bibliotek og handikaptoalett. Sunnmøre Museum skal dekkje den auka husleiga medan lokala blir rusta opp med tilskot frå eigarselskapet til Norsk Møbelfaglig Senter.

Styret i NMFS har vedteke ein innsamlingsplan for NMFS. I samarbeid med Siw Solvang ved Sunnmøre Museum er det arbeidd ut marknadsplan for 2009 – 2012.  I 2009 har Kjetil Tandstad vore med i ei gruppe som arbeider med ein plan for intern og ekstern informasjon innanfor Stiftinga Sunnmøre Museum.

Det er også sett ned ei gruppe med Eldar Høidal som medlem som skal sjå nærare på kva delar av møbelhistoria som er dårleg representert i samlingane og som bør supplerast.

 

Formidling

Basisutstillinga ”Møbeleventyret på Sunnmøre” tek mesteparten av den tilgjengelege plassen i våre lokale. Det er på det reine at utstillinga er for lita og for statisk til å trekkje folk gjennom mange år. Den planlagde utvidinga i 2010 vil hemme drifta ein del gjennom året, men når det står ferdig vil vi kunne gi eit betre tilbod både til barn og unge og er i stand til å ta imot busslastar med turistar/besøkjande.

   I tillegg til omvisning av elevgrupper som bestilte omvisning før sommaren, hadde vi både grupper og enkelte turistar på besøk i utstillinga i sommarsesongen. I 2009 vitja rundt 84 betalande vaksne og 76 skuleelevar omvising saman med sju lærarar. 130 personar var med på møbelvandringa gjennom Ekornes i arbeidstida.

Tilbodet ”Frå korgfletting til storindustri” for 5.-7. årstrinn er det ikkje gått spesifikt ut med i 2009, men det vil bli tatt att seinare. Skulane i Sykkylven blir  jamleg påminte om opplegget gjennom Kulturforum i Sykkylven kommune, der formidlingsansvarleg ved NMFS er med.

Eit møbeldesign-prosjekt er gjennomført i samarbeid med Sykkylven ungdomsskule, OMT og Møbellaboratoriet. 89 elevar har vore med på prosjektet (besøk NMFS, Møbellaboratoriet ”design av møbelstoff til eit ungdomsmøbel”. I juryen: dagleg leiar Bergljot Hjorthol (OMT), produktutviklar Britt Flisnes (Ekornes) og formidlingsansvarleg ved NMFS. Prisutdeling med alle elevane samla 16. juni. Det har også vore omvising blant anna for Vikedalen barnehage og femte klasse ved Jarnes skule.

Publikasjonar: Eldar Høidal fullførte to store møbelhistoriske bokverk i 2009: Fra springfjær til Stressless. Ekornes 75 år og boka til bransjeforeininga 100 år: Norsk industri- møbelindustrien Et fellesskap å stole på.

Kjetil Tandstad skreiv 75-årshistoria til trappeprodusenten Hagen i Stryn og er godt i gang med 60-årshistoria til Møre Trafo AS.

Venneforeininga til NMFS sitt bidrag i Kulturminneårettok var eit prosjekt der ein vil vise at det faktisk var ei tid det så å seie var ein møbelfabrikk i kvar kjellar i Sykkylven. Hovudkjelde var Eldar Høidals Industrisoge for Sykkylven, Venneforeininga supplerte og teksten vart ført i pennen av Kjetil Tandstad. Kartet er trykt i eit opplag på 2000 og er utgitt av Venneforeininga. Ved årsskiftet var det selt rundt 550 møbelkart til bedrifter, skular og privatpersonar. Prosjektet har fått 20.000 kroner i støtte frå kulturminneåret via fylket/Kulturrådet og 10.000 kulturminnekroner via Sykkylven kommune. NMFS ønskjer at eit overskot på prosjektet kan brukast til å digitalisere kartet som ein del av heimesida. NMFS sin søknad om kulturminnemidlar til å digitalisering dette materialet vart avslått og vi fekk heller ikkje momsfritak for publikasjonen fordi han vart rubrisert som faldar og ikkje som bok.

I samband med  lanseringa av Møbelkartet 26/4-09 vart det sett saman ein bildeserie frå eige fotoarkiv, Fylkesfotoarkivet, Lysholarkivet og frå Sykkylven slektsforum sitt arkiv. Den blir blant anna brukt til å supplere museumsopplevinga. Bildeserien er også laga for å syne kva muligheiter som ligg i å ha tilgang til digitale foto, ikkje minst med tanke på ei digitalisert utgåve av møbelkartet.

Eldar Høidal er framleis engasjert i Sykkylven Reiselivsforum. Kjetil Tandstad er redaktør og Eldar Høidal medlem av redaksjonen av Årbok for Sykkylven, som blir gut ut av sogenemnda i Sykkylven og som er ein viktig kanal for historisk stoff i denne kommunen. Dei tilsette i NMFS er også aktive i arrangementa til Veneforeininga som har hatt godt besøkte møte blant anna om designutvikling, om gründeren Bernhard Tynes og treskjeraren Daniel Hagerup.

Eldar Høidal har skrive ei rekkje artiklar om møbelindustri og industrihistorie i

aviser og tidsskrift. Magnhild Vatne og Kjetil Tandstad har gjennom 2009 levert

totalt vel tretti artiklar til Sykkylvsbladet under vignetten Vekas kulturminne.

        

Norsk Møbelfaglig Senter fungerte som sekretariat for prosjektet Verdens lengste sofa som var eit spleiselag mellom anne møbel- og møbelrelaterte bedrifter i Sykkylven. Etter at den gamle rekorden på vel femti meter fall i løpet av hausten 2008, bestemte sykkylvsindustrien å ta denne rekorden ein gong for alle. I samband med Sykkylvsdagane 2009 vart det bygd ein sofa som rakk over den 890 meter lange Sykkylvsbrua. Prosjektet var kvalitetssikra ved ein utsending frå Guinness Book of Records som overvaka arrangementet. Prosjektet gav god omtale i media, radio og fjernsyn og viste godt igjen på YouTube. Det vart også ein folkefest for innbyggjarane i Sykkylven og både dei tilsette ved senteret og Veneforeininga var aktive. NMFS gjorde sin innsats som pressekontakt, konferansier, utforming av pressemeldingar, rekneskap, utforming av heimeside for prosjektet osv.

 

Samlingsforvalting. Digitalisering

I løpet av 2009 er det aller meste av depotet i Tynesfabrikken overført til magasinet i Borgundgavlen. Når det gjeld den permanente utstillingar det ikkje gjort endringar. Det vil kome i løpet av 2010.Vi har i praksis gjennomført inntaksstopp av gjenstandar på grunn av plassmangel. Det er registrert berre få nye gjenstandar i 2009. (Diverse sofaputer, dukar osv, gåve frå Olbjørg Haugen). NMFS har i dag totalt registrert og samla inn vel 330 gjenstandar.

Lyshol-arkivet: Veneforeininga for Norsk Møbelfaglig Senter har tidligare teke initiativ til å kjøpe fotoarkivet etter fotograf P.P.Lyshol, som hadde sitt virke i Sykkylven frå 1930-åra. Dette initiativet vart til eit felles prosjekt for venneforeininga og NMFS. Line Iversen er prosjektleiar. Bildematerialet inneheld om lag 3500 bilde frå perioden 1940-1970-tallet i form av glasplater, svartkvitfilmar og store diasfilmar. Det omfattande arbeidet med å digitalisere og katalogisere det store materialet er framleis i gang i regi av FylkesFOTOarkivet. Prosjektet har fått god hjelp frå Venneforeininga både økonomisk og når det gjeld opplysningar om dei enkelte møbelstykka som finst på bilda.

NMFS er den juridiske eigaren av Lysholarkivet, og når det er ferdig digitalisert og registrert skal det takast vare på i magasinet på Sunnmøre Museum. Arkivet er også tenkt lagt ut på NMFS sine heimesider. Bilda frå arkivet til fotograf P.P. Lyshol i Sykkylven er i løpet av 2009 på det næraste ferdig digitalisert og lagt inn i Primus. Samtidig er arbeidet med å leggje gjenstandane i Primus i full gang ved overgangen til 2010.

Vedlikehald. Tilrettelegging.

Ved å overføre gjenstandane frå depotet i samlinga blir gjenstandane kuldebehandla mot parasittar og reingjort  før dei blir plassert i Magasinet. Det er ikkje gjort spesielle tiltak som gjeld vedlikehald og tilrettelegging av lokala i 2009.

Marknadsføring

Opningstider alle kvardagar heile året mellom kl. 08.30 og 16.00. I fellesferien 13. juli til 01. august hadde vi ferievikar, og då var opningstida kl. 10.00 – 17.00.

NMFS har vore med i Destinasjonssselskapet Ålesund – Sunnmøre og Olavsrosa.

Norsk Møbelfaglig Senter har gjort sine aktivitetar kjende gjennom produksjon av artiklar i regionaviser, lokalaviser, fagblad, nettstaden Digitalt fortalt og sist, men ikkje minst, NMFS sine eigne heimesider, som blir jamleg oppdaterte.

Arrangementa og prosjekta er annonserte i lokalpressa og presenterte gjennom redaksjonell omtale i lokal- og regionalpresse og radio. Eigne heimesider, nettportalen til Sunnmøre Museum, Destinasjon Ålesund og Sunnmøre sine heimesider og Kulturnett gjer også tilboda ved NMFS kjende. Felles plakatar for Stiftinga Sunnmøre Museum blir hengde opp i nærområdet.

 

Nettverksbygging

NMFS har god kontakt med møbelmiljøet og dei ulike møbelprodusentane og held det ved like blant anna med å skrive artiklar i fagbladet og delta i den årlege møbelkonferansen i Ålesund kvar haust.

Eldar Høidal var med på møbelmessa i Stockholm på eigen kostnad. Møbelmessa er ein svært viktig arena for nettverksarbeidet.

Kjetil Tandstad og Magnhild Vatne tok del i seminar og kurs arrangert av Sunnmøre Museum og Mimr-seminara i Molde og Volda. Kjetil Tandstad var med på essayskrivekurs i to omgangar i Oslo i regi av Norsk faglitterær forfatterforening.Norsk Møbelfaglig Senter blir ofte kontakta av personar som vil ha hjelp til å bestemme møbeltypar eller som vil ha hjelp til å finne litteratur om designarar, produsentar o.l. Etter beste evne hjelper vi til å klare opp i slike spørsmål. Har vi ikkje svar sjølv, viser vi til personar vi trur kan gi hjelp. Vi har eit godt nettverk av slike hjelparar.

Vi hjelper også elevar og studentar som vil ha informasjon eller tilgang på litteratur. Som motyting får vi gjerne eit eksemplar av det ferdige arbeidet, noko som er med på å auke verdien av  boksamlinga og arkivet vårt. Biblioteket er etter kvart det  mest omfattande i landet når det gjeld møbelindustrihistorie.

 Kulturelt mangfald. Immateriell kulturarv

 I 2009 har ikkje NMFS hatt prosjekt som direkte har retta seg mot kulturelt mangfald. I  2009 sette ein i gang ei innsamling av ord frå møbelindustrien i regi av Venneforeininga. Det var redaksjonen for Norsk Ordbok som bad oss om å gjere ei slik registrering og vi har no delt ut ein del skjema der ein kan notere ord og tydinga av orda. Dette materialet blir  seinare sendt inn til Norsk Ordbok-prosjektet.

Fortsett drift

Styret finn at føresetnaden for framleis drift av selskapet er til stades og avsluttar rekneskapen på dette grunnlaget.

Arbeidsmiljø/ytre miljø

Styret meiner  arbeidsmiljøet i selskapet som bra. Det har ikkje vore sett i verk spesielle tiltak. Tilsette har ikke vært utsatt for ulukker eller skader i samband med arbeidet.

Selskapet ureinar ikkje det ytre miljø.

Likestilling

Selskapet har som målsetting å likestille kjønna ved tilsetjingar. Arbeidsforholda er lagt til rette for begge kjønn.

Andre forhold

Det er etter det styret kjenner til ikkje oppstått forhold etter  utgangen av rekneskapsåret som vil få noko å seie for selskapets si stilling og resultat.

     

           

…………………………………………………

Otto-Magne Strømmegjerde

styreleiar (vara: Jan Kåre Aurdal)

 

………………………………              …………………………………

Steinar Myrseth(vara: Egil Sundet)     Ole-Kristian Paulsen (vara: Nina Helland)

(styremedlem)                                               (styremedlem)

 

 

 

………………………………………..                ………………………………….

Gisle Johnsen (styremedlem)                   Jan Lade (styremedlem)