Årsmelding 2010

ÅRSMELDING 2010

___________________________________________________________________________

Årsrapport 2010

 

 

Føresetnader

Norsk Møbelfaglig Senter er eit nasjonalt dokumentasjons- og formidlingssenter for møbelhistorie. Senteret vart etablert i 1994 og er eigd av bransjeorganisasjonane i møbelindustrien og Sykkylven kommune. Sidan hausten 2004 har Norsk Møbelfaglig Senter vore ei avdeling under Stiftinga Sunnmøre Museum.

 

Administrasjonen i 2010:

Dagleg leiar 100 prosent stilling.

Forfattar/historikar:100 prosent stilling.

Museumspedagog: 20 prosent stilling.

Vaskehjelp: 2 timar per veke.

 

Kjetil Tandstad er avdelingsleiar for Norsk Møbelfaglig Senter. Eldar Høidal,  tidlegare avdelingsleiar, er tilsett som skrivar/forskar i Sunnmøre Museum med arbeidsstad Norsk Møbelfaglig Senter. Magnhild Vatne er museumspedagog i 80 prosent stilling. Ho skal no bruke 60 prosent som avdelingsleiar på Sykkylven naturhistoriske museum og 20 prosent på Norsk Møbelfaglig Senter. Ho har fast kontorplass ved NMFS.Vaskehjelp er Nasra Jawab, som arbeider to timar per veke for NMFS.

 

Det er eigarstyret, Stiftelsen Norsk Møbelfaglig Senter, som har eigedomsretten til samlingane. Stiftinga har ikkje eigne bygg, men hadde ein formue på knapt 806.000 kroner per 1/1-2011. Styreleiar er Otto-Magne Strømmegjerde (Sykkylven kommune), Steinar Myrseth (bransjeforeininga Norsk Industri avd. Møbel) er nestleiar og medlemmer er Ole-Kristian Paulsen (fagforbundet Energi-Industri), Gisle Johnsen (Sykkylven vidaregåande skule) og Jan Lade (designarmiljøet).

Leiar i veneforeininga, Grethe Østerhus Røyr, har gått inn som medlem i styret for stiftelsen som representant for Veneforeininga etter at Mindor Hjellegjerde fall frå  i perioden. Styret i Stiftelsen har avvikla to styremøte og årsmøte for 2009 i løpet av første halvår 2010.

 

Norsk Møbelfaglig Senter har ei aktiv veneforeining. I 2010 har Grethe Østerhus Røyr vore leiar og i styret sat Mindor Hjellegjerde, Karl Johan Emdal, Petter Kirkebø og Astrid Eik Roald. Då Mindor Hjellegjerde fall frå i valperioden, rykte varamedlem Rolf Hjellegjerde inn på hans plass.

 

        

Plan  og planarbeid

 NMFS har lokale i Næringens Hus i Sykkylven og rår i dag over kontor og utstillingslokale i første etasje. Stiftinga Sunnmøre Museum har gitt klarsignal for å leige ekstra areal for ein ny og større fast utstilling. Eigarstyret slutta seg i juni til planen om å byggje ei ny og større utstilling på 200 nye kvadratmeter i andre etasje slik at dagens areal i første etasje kan brukast til arkiv, bibliotek og kontor pluss eit mindre utstillings/møteareal.

Det er no montert heis for funksjonshemma og trapp mellom etasjane. I første etasje er det bygd tre kontor, eit mindre utstillingslokale for skiftande utstillingar, arkiv, bibliotek og handikaptoalett. Sunnmøre Museum skal dekkje den auka husleige og drift, medan lokala blir rusta opp med tilskot frå eigarselskapet til Norsk Møbelfaglig Senter og huseigar Strømme Eiendom.

Eit førebels kostnadsoverslag for ombygginga i første etasje lyder på 822.000 kroner. Etter avtale vil huseigar Thor Strømme i Strømme Eigedom dekkje inntil 400.000 kroner av ombygginga i 1. etasje. Eigarstyret tok i styremøte 24. juni på seg å dekkje det resterande. Planen er at ombygginga av første etasje skal vere ferdig 1. mars og at arbeidet med lokala til den nye faste utstillinga i 1. etasje kjem i gang så snart som mogleg etter dette.Våren 2011 skal det setjast ned ei nemnd som skal kome med forslag om innhald, utforming og pedagogisk opplegg for den nye faste utstillinga. Samtidig vil museet gå ut til møbelbransjen og be om økonomisk tilskot til den nye utstillinga.

 

Det er sett ned ei gruppe med Eldar Høidal som medlem som skal sjå nærare på kva delar av møbelhistoria som er dårleg representert i samlingane og som bør supplerast. I samarbeid med Siw Solvang ved Sunnmøre Museum er det arbeidd ut marknadsplan for 2009 – 2012. Det er også arbeid i gang med rullering av samlingsplanen.

 

Formidling

Museet har vore stengt siste halvår 2010 på grunn av ombyggingsarbeidet og den faste utstillinga er demontert.Først halvår er det selt billettar til museet for 3.710 kroner. Det tilsvarar i overkant  av 100 gjester. I tillegg kjem talet på skuleelevar: 7 klasse Tandstad skule (12 elevar) var med på det fem dagar lange prosjektet Møbelminnefinnar der skulen besøkte og samarbeidde med tre ulike lokale møbelprodusentar. Formidlingsopplegget ”Møbeleventyret” vart gjennomført med 74 femteklassingar ved Spjelkavik barneskule. Opplegget vart gjennomført på skulen,

Som vanleg var også NMFS aktiv i arrangementet Gründercamp på ungdomsskulen. I år fekk vi ei gruppe elevar som skulle lage film for å marknadsføre NMFS på nett.Dei laga ein infofilm om museet som vart vist for elevar, lærarar og gjester på siste dag av campen i vestibylen i Sykkylven ungdomsskule.

Skulane i Stranda kommune  har fått presentert eit formidlingstilbod for skuleåret 2010-2011. Det var ingen konkrete aktivitetar som følgje av dette hausten 2010. Magnhild Vatne har også vore med i ei gruppe som arbeider med Berge Trevarefabrikk og korleis denne unike bygningen kan utnyttast av skular og barnehagar. Arbeidet vil halde fram når ein endeleg organisering og vidare framdrift er endeleg avklara.

 

Basisutstillinga ”Møbeleventyret på Sunnmøre”, som no er rigga ned,  har lenge vore for lita og for statisk til å kunne trekkje folk gjennom mange år. Utvidinga av museet vil hemme drifta ein tid, men når det står ferdig vil vi kunne gi eit betre tilbod både til barn og unge og museet vil også ha kapasitet til ta imot busslastar med turistar/besøkjande.

 

NMFS har distribuert platen Kva skjer i sommar? i vårt nærområde.

Kjetil Tandstad har vore med i interimstyret for Berge Trevarefabrikk på Stranda.Oppgåva har vore å ta vare på den gamle fabrikkbygningen med dei gamle maskinane. Det er no sendt inn søknader om støtte og det er gode utsikter til å få til ein organisasjon som tek vare på dette unike fabrikkmiljøet som også omfatta mølle, sagbruk og andre viktige funksjonar for lokalsamfunnet.Stranda sogelag og Stranda kommune spelar ei aktiv rolle for å få ei veneforeining/avdeling på plass. Planen er å gjere det til ein plass der ein kan formidle gards- og industrihistorie.

 

NMFS har også lånt ut stolar til ei utstilling om møbeldesign i Kunstmuseet Kube i Ålesund. NMFS får sommaren 2011 vandreutstillinga Norway Says frå Nasjonalmuseet. Avtale vart gjort om dette 2010 og Magnhild Vatne var i desember ein tur til Nasjonalmuseet i Oslo for obligatorisk opplæring av formidlarane. Vi har eit nært og godt samarbeid med fagmiljøet ved denne institusjonen, særleg avdeling Nettverk Galleri/vandreutstillingar i Norge.

 

NMFS tek sikte på å bli eit kompetansesenter for skriving av jubileumsbøker og bedriftshistorier. I dette arbeidet skal dei tilsette kunne trekke på historikarressursane ved Sunnmøre Museum.I første halvår har Eldar Høidal skrive Volda-soge. Kjetil Tandstad har arbeidd med 60-årssoga for Møre Trafo AS. Hausten 2010 gjennomførte Kjetil Tandstad ei kartlegging av kjeldetilfanget for ei mogleg bok om Christoffer Rønneberg, stamfar til Rønnebergane i Ålesund, på oppdrag av Wasmuth-fondet(to månadsverk). Kjetil Tandstad kom så vidt også i gang med boka om Sykkylven fagforeining (to månadsverk) i 2010. Levering første halvår 2011.

Veneforeininga og NMFS arrangerte møbelvandring gjennom Europas kanskje mest moderne laminatfabrikk, Ekornes avd. Øvre Tynes. Eit halvt hundre fann vegen til møbelvandringa. Venneforeininga og NMFS arrangerte også ein godt besøkt kulturkveld med tema 70-talet. Det var lysbildeforedrag av designarane Jan Lade og Svein Asbjørnsen, kåseri om syttitalet ved Kjetil Tandstad og syttitalsmusikk ved Sykkylven Blandakor..

NMFS og Veneforeininga var som vanleg aktive under Sykkylvsdagane og organiserte blant ein rekonstruksjon av frakt av møbeltreverk per sykkel i trettiåra (fire stolgrindar og ei sofagrind surra på ein sykkel). Stuntsyklist var Ekornes-direktør Arve Ekornes. Kjetil Tandstad og Magnhild Vatne var saman med Heidi Haugene, Godøy Kystmuseum, også medhjelparar under Sunnmøre Museum sitt innslag under Sykkylvsdagane på det arkeologiske feltet på Auremarka. Det vart blant anna demonstrert  steiking av fisk på bål, publikum fekk prøve bogeskyting og lage sine eigne skinnpungar.Ausande regnver under begge arrangementa la ein viss dempar på publikumstilstrøyminga.

Tradisjonen tru var det også møbelvandring gjennom Ekornes i arbeidstida i veka før fellesferien og like etter. Møbelvandringane samla 50-60 deltakarar kvar.

.

Eldar Høidal er framleis engasjert i Sykkylven Reiselivsforum. Kjetil Tandstad er redaktør og Eldar Høidal medlem av redaksjonen av Årbok for Sykkylven, som blir gitt ut av sogenemnda i Sykkylven og som er ein viktig kanal for historisk stoff – blant anna også artiklar om møbelhistorie.

 

Samlingsforvalting. Digitalisering

Det eine depotet i Tynesfabrikken vart avvikla i 2009 og møblane overført til magasinet i Borgundgavlen eller til lokala til Norsk Møbelfaglig Senter. Det som no står att på Tynes er ein del tyngre maskinar som toler kaldlagring, blant anna den komplette møbelfabrikken frå Gjerdsvika.

NMFS får med ulike mellomrom tilbod om å overta interessante historiske møblar. Den siste tida har det i praksis vore praktisert nærast inntaksstopp av gjenstandar på grunn av plassmangel. NMFS har i dag totalt registrert og samla inn vel 343 gjenstandar. Den planlagde utvidinga av arealet ved NMFS vil gjere det mogleg å hente tilbake ein del av gjenstandane til ei utvida permanent utstilling og på den måten avlaste magasinet i Borgundgavlen.

 

Lyshol-arkivet:Veneforeininga for Norsk Møbelfaglig Senter har tidligare teke initiativ til å kjøpe fotoarkivet etter fotograf P.P.Lyshol, som hadde sitt virke i Sykkylven frå 1930-åra og framover. Dette initiativet vart til eit felles prosjekt for venneforeininga og NMFS med Line Iversen som prosjektleiar. Bildematerialet inneheld om lag 3500 unike bilde frå perioden 1940-1970-talet i form av glasplater, svartkvitfilmar og store diasfilmar. Det omfattande arbeidet med å digitalisere og katalogisere det store materialet er ferdig frå FylkesFOTOarkivet si side. Ei stor oppgåve for staben blir å hente inn fleire opplysningar om bilda og leggje dei inn i bildebasen. Arkivet skal også registrerast i Primus og leggjast ut på NMFS sine heimesider.

Eldar Høidal og Kjetil Tandstad har delt på å leggje inn gjenstandane i PRIMUS. Dei fleste gjenstandane er no lagt inn i systemet, men ein del opplysningar må kompletterast før registreringa er grundig nok, Arbeidet vil halde fram i 2011.

 

 

Vedlikehald. Tilrettelegging.

Dei lagra gjenstandane til NMFS er i dag kome på plass anten i museet i Strømme-bygget i Storgata i Sykkylven, i  magasinet i Borgunggavlen eller kaldlagra i Tynes-fabrikken.Ved å overføre gjenstandane frå depotet i samlinga blir gjenstandane kuldebehandla mot parasittar og reingjort før dei blir plassert i Magasinet. Det er elles ikkje gjort spesielle tiltak som gjeld vedlikehald og tilrettelegging av lokala i 2010.

 

I samband med ombygginga skal asfalten framfor inngangsdøra byggjast opp, slik at det blir lettare for menneske med rullestol. Det blir handikaptoalett, heis og trapp til andre etasje. I samband med ombygginga må ein også få på plass andre tilgjengekrav som leielys, skilt med blindeskrift osv.

 

Marknadsføring

Opningstider alle kvardagar heile året mellom kl. 08.30 og 16.00. I 2010 har ikkje NMFS hatt ferievikar .Dei to tilsette Kjetil Tandstad og Eldar Høidal tok sommarfri på ulik tid og delte fellesferien mellom seg for å halde utstillinga open.

NMFS har vore med i Destinasjonssselskapet Ålesund – Sunnmøre og Olavsrosa.

Norsk Møbelfaglig Senter har gjort sine aktivitetar kjende gjennom produksjon av artiklar i regionaviser, lokalaviser, fagblad, nettstaden Digitalt fortalt og sist, men ikkje minst, NMFS sine eigne heimesider, som blir jamleg oppdaterte.

Arrangementa og prosjekta er annonserte i lokalpressa og presenterte gjennom redaksjonell omtale i lokal- og regionalpresse og radio. Eigne heimesider, nettportalen til Sunnmøre Museum, Destinasjon Ålesund og Sunnmøre sine heimesider og Kulturnett gjer også tilboda ved NMFS kjende.

 

Nettverksbygging

NMFS har god kontakt med møbelmiljøet og dei ulike møbelprodusentane og held det ved like blant anna med å skrive artiklar i fagbladet og delta i den årlege møbelkonferansen i Ålesund kvar haust. Eldar Høidal var med møbelmessa i Stockholm på eigen kostnad. Møbelmessa er ein svært viktig arena for nettverksarbeidet.

Kjetil Tandstad og Magnhild Vatne tok del i seminar og kurs arrangert av Sunnmøre Museum og Mimr-seminaret i Ålesund. Eldar Høidal og Kjetil Tandstad var også med på den felles museumsturen til Berlin hausten 2010.

 Norsk Møbelfaglig Senter blir ofte kontakta av personar som vil ha hjelp til å bestemme møbeltypar eller som vil ha hjelp til å finne litteratur om designarar, produsentar o.l. Etter beste evne hjelper vi til å klare opp i slike spørsmål. Har vi ikkje svar sjølv, viser vi til personar vi trur kan gi hjelp. Vi har eit godt nettverk av slike hjelparar.

Vi hjelper også elevar og studentar som vil ha informasjon eller tilgang på litteratur. Som motyting får vi gjerne eit eksemplar av det ferdige arbeidet, noko som er med på å auke verdien av  boksamlinga og arkivet vårt. Biblioteket er etter kvart det  mest omfattande i landet når det gjeld møbelindustrihistorie.

 

Kulturelt mangfald. Immateriell kulturarv

I 2010 har ikkje NMFS hatt prosjekt som direkte har retta seg mot kulturelt mangfald. I  2009 sette ein i gang ei innsamling av ord frå møbelindustrien i regi av Veneforeininga. Det var redaksjonen for Norsk Ordbok som bad oss om å gjere ei slik registrering og vi har no delt ut ein del skjema der ein kan notere ord og tydinga av orda. Ein del ord er alt sendt til Norsk Ordbok, men vi vil halde prosjektet varmt for å få inn fleire fagord inn i ordsamlinga.

 

Mykje av kunnskapen som finst innanfor møbelfeltet er immateriell. Det er snakkom handlag, språk og eit trena blikk som ein ikkje kan lese seg til, men som ein kan få gjennom eiga erfaring og impulsar frå eit fagleg sterkt  miljø. Veneforeininga har i samarbeid med NMFS l arrangert kurs i omtrekking av møblar. Det samla fem deltakarar og vart godt motteke. Det er truleg atdet blir gjennomført eit nytt kurs i løpet av 2011. Veneforeininga vil også setje i gang eit sosialt forum for møbelarbeidarar ved Frivillighetssentralen/Fønix på laurdagar som å styrke kontakten med dei som har hatt møbelproduksjon som yrke.

 

20. februar 2011.

 

Kjetil Tandstad

avdelingsleiar