Årsmelding 2011

NORSK MØBELFAGLIG SENTER

Årsmelding 2011

 Årsrapport/årsmelding 2011

 Norsk Møbelfaglig Senter er eit nasjonalt dokumentasjons- og formidlingssenter for møbelhistorie. Senteret vart etablert i 1994 og er eigd av bransjeorganisasjonane i møbelindustrien og Sykkylven kommune. Sidan hausten 2004 har Norsk Møbelfaglig Senter vore ei avdeling under Stiftinga Sunnmøre Museum.

 

Administrasjonen i 2011:

Dagleg leiar 100 prosent stilling.

Forfattar/historikar:100 prosent stilling.

Museumspedagog: 20 prosent stilling.

Vaskehjelp: 2 timar per veke.

 

Kjetil Tandstad er avdelingsleiar for Norsk Møbelfaglig Senter. Forfattar Eldar Høidal, tidlegare avdelingsleiar ved Norsk Møbelfaglig Senter, er tilsett som skrivar/forskar i Sunnmøre Museum med arbeidsstad Norsk Møbelfaglig Senter. Han har hatt permisjon frå NMFS for å skrive Norges skøytehistorie, men har arbeidd noko for Stiftelsen Sunnmøre Museum i 2011. Magnhild Vatne er museumspedagog i 80 prosent stilling. Ho skal no bruke 60 prosent som avdelingsleiar på Sykkylven naturhistoriske museum og 20 prosent som formidlar ved Norsk Møbelfaglig Senter. Ho har fast kontorplass ved NMFS. Vaskehjelp er Nasra Jawab, seinare A.Yusuf Hajos, om arbeider to timar per veke for NMFS.

 

Sunnmøre Museum har driftsansvaret for NMFS. Det er eigarstyret, Stiftelsen Norsk Møbelfaglig Senter, som har eigedomsretten til samlingane. Stiftinga har ikkje eigne bygg,. Styreleiar er Otto-Magne Strømmegjerde (Sykkylven kommune), Steinar Myrseth (bransjeforeininga Norsk Industri møbel+ interiør) er nestleiar og medlemmer er Ole-Kristian Paulsen (fagforbundet Energi Industri), Gisle Johnsen (Sykkylven vidaregåande skule), Jan Lade (designarmiljøet) og Grethe Ø. Røyr (veneforeininga).

 

Norsk Møbelfaglig Senter har ei aktiv veneforeining. I 2011 var Grethe Østerhus Røyr leiar og i styret sat Ola Kvistad, Rolf Hjellegjerde, Karl Johan Emdal, Petter Kirkebø, Astrid Eik Roald (vara) og Asbjørn Fredriksen (vara). Asbjørn Fredriksen døydde tidleg i 2011 og vart erstatta av Norvald Hjellegjerde.

 

        

Forvalting:

 

Samlingsforvalting:

Innsamling: NMFS har berre teke inn nokre få gjenstandar i 2011.

Registrering: Dei aller fleste gjenstandane er no registrert i Primus. Når det gjeld bildesamlinga (Lyshol-arkivet) er vi enno i gang med å samle inn opplysningar om dei ulike møblane. Bilda er enno ikkje lagt inn i Primus og dei er heller ikkje enno gjort tilgjengelege via internett, slik tanken er.

Sikring: Dei fleste av gjenstandane er i dag deponert i magasinet ved Sunnmøre Museum. Gjenstandar som blir utstilt i våre lokale, er ikkje sikra spesielt. Arbeid med sikringsplan er i gang.

Bygningsmessig vedlikehald: NMFS rår i dag over kontor, foredragssal, bibliotek og arkiv i første etasje og 200 kvm nytt utstillingslokale i andre etasje. Eigarstyret (Stiftelsen) har brukt bortimot 600.000 kroner av fondet for å byggje om  første etasje, installere heis og trapp og tilpassa toalett for funksjonshemma. Neste oppgåve blir å byggje ei fast utstilling i andre etasje.

Planar og mål: Stiftelsen Norsk Møbelfaglig Senter meiner den nye faste utstillinga ikkje må bli ei rein gjenstandsutstilling, men vil ha ei interaktiv og pedagogisk utstilling. Styret i eigarforeininga meiner det bør investerast rundt ein million kroner for å få den nye faste utstillinga på plass og vil aktivt medverke til å prøve å reise denne summen. Ei idegruppe med representantar frå designbransjen, møbelprodusentar og museumsfolk har hatt to møte for å kome med innspel til den nye utstillinga.

Så langt har vi fått tilsegn om 200.000 frå Fagforbundet Industri Energi på vilkår av at bransjeorganisasjonen Norsk Interiør møbel + industri yter tilsvarande. Vi har så langt fått nei frå bransjeorganisasjonen. Vi vil no forsøke å få inn pengane gjennom å søkje kvar bedrift direkte. Det er også sendt ut ei rekkje søknader til forsikringsselskap, bankar og fond. Søknadene er for ein stor del ikkje behandla..

 

Driftsbygg og antikvariske bygningar: Bygningen til NMFS er i rimeleg god stand etter oppussing og utviding. Lys, varme og oppussing i andre etasje er planlagt i 2012. NMFS har ikkje antikvariske bygningar.

 

 

Forsking

 

Planar: Kjetil Tandstad er saman med Ole Mikal Ellefsen i gang med ei bok om 1700-talskjøpmannen Christoffer Rønneberg, som er planlagt utgitt i 2012.

 

Prosjekt: Det har blitt lite tid til ordinær forsking i 2011. Kjetil Tandstad har arbeidd med to bøker i løpet av året. Jubileumsbok Spenning i 60 år, jubileumsbok for Møre Trafo AS (levert i september) og Rettferd og samarbeid, 50-årsbok for Fellesforbundet Sykkylven.(blir levert februar 2012).  Begge bøkene er betalte oppdrag. Boka om Møre Trafo er fakturert frå Sunnmøre Museum i 2011.

Eldar Høidal har i denne perioden hatt permisjon for å skrive boka om norsk skøyteidrett.

 

 

Formidling

 

Planar: På grunn av manglande finansiering vil ikkje arbeidet med den nye faste utstillinga gå etter planen (opning 2013). Det blir derfor nødvendig å byggje ei ny og enklare utstilling til sommarsesongen med opning i april 2012.

 

Formidlingsopplegg: I store delar av 2011 var museet stengt på grunn av ombygging. Ei vandreutstilling frå Nasjonalmuseet for kunst, design og arkitektur om designfellesskapet Norway Says vart opna 1. juli til 1. oktober. Denne utstillinga var gratis etter krav frå Nasjonalmuseet, men gav likevel pengar i kassa i form av godtgjersle frå Nasjonalmuseet for omvising osv.

 

NMFS har vidareført formidlingsopplegget overfor barnehagane og skulane tilpassa ulike alderssteg. Samarbeidet med ungdomsskulen i Sykkylven, Opplæringskontoret for møbel og treindustri og dei ulike møbelbedriftene har vore ført vidare. Samarbeidet om Berge Trevarefabrikk på Stranda, som no blir rusta opp, ser ut til å opne for eit tettare samarbeid med Stranda kommune.

 

Parallelt med bygginga av den nye utstillinga, skal det utarbeidast ein formidlingsplan. Alle formidlingsopplegga for skulane vert tilpassa. Kunnskapsløftet sine kompetansemål for dei ulike årsstega. Møbeldesignprosjektet for tiandeklassingar skal vidareførast. Møbelminnefinnar er eit formidlingsopplegg som byggjer på det nasjonale minnefinnar-prosjektet som vart sett i gang i Kulturminneåret 2009. Tilbodet går til dei eldste elevane i barneskulen (6. og 7. årssteg). Gjennom ulike kjelder (litteratur, bilde, informantar) blir elevane kjende med historia til møbelbedrifter i nærmiljøet til skulen. Opplegget går over tre – fire dagar og avslutta med digital presentasjon av det dei har dokumentert og lært. Det var gode erfaringar med dette etter eit prosjekt ved Tandstad skule i 2010 og i 2011 er det vidareført ved Hundeidvik skule.

 

NMFS og Veneforeininga var som vanleg aktive under Sykkylvsdagane. I år arrangerte NMFS utstillinga Siste skrikder alle møbelfabrikkane i Sykkylven fekk vise sine toppmodellar. Eit åttital personar vitja utstillinga og prøvde stolane.

 

NMFS har distribuert plakaten Kva skjer i sommar? i kommunen.

Den aktive Veneforeininga til Norsk Møbelfaglig Senter fekk Sykkylven kommune sin kulturpris for 2010. Prisen vart delt ut under kommunestyremøtet i februar 2011 og er ein diplom og 15.000 kroner.

Veneforeininga har også i år hjelpt Norsk Møbelfaglig Senter med utstyr. I år er det blant anna innkjøpt ein berbar pc for presentasjon av bilder/powerpoint, kaffikokar og termokanner, golvmatte, projektor-skjerm og bokhyller til biblioteket. Veneforeininga har også kjøpt 50 stolar til klasserom/foredragssal. Desse stolane, som vi fekk kjøpt gunstig, er ei moderne utgåve av stolen City, som vart produsert ved Møre Lenestolfabrikk frå 1954. Fora Form har no teke opp att produksjonen, denne gongen med moderne plastsete og i mange ulike fargar. Det moderne uttrykket kombinert med historia til produktet gjer at det passar godt ved NMFS.

 

I samarbeid med Veneforeininga vart det arrangert kulturkveld for å presentere bildeskatten frå Lyshol-arkivet. Nokre av bilda vart viste på veggen og kommentert av Eldar Høidal og møbelnestor Inge Langlo Skjold Lyshol orienterte også om farens arbeid som reklamefotograf for den unge møbelindustrien i Sykkylven gjennom mange tiår.

.Det vart også arrangert to møbelvandringar ved Ekornes. NMFS var også med på ein presentasjon av turistsatsing Norsk Møbelfaglig Senter er også med på eit initiativ for å gjere møbelmiljøet til eit turistmål i Sykkylven. Gjennom prosjektet Furniture Guiding vil ein prøve å skipe turistar inn frå Ålesund med båt og vise dei møbelmuseet, Ekornes og Cylindra. Det er Sykkylven Næringsutvikling i samarbeid med eit privat firma som står bak dette initiativet og som gjennomførte eit prøveprosjekt i juni der eit femtital mediefolk og representantar frå turistnæringa var med for å sjå på prosjektet. Stemninga var positiv til å gå vidare med planane og går alt som ein ønskjer, vil det gi større besøk ved museet.

 

I oktober og november vart også arrangert kurs i møbeltrekking. På møbelkafeen på Fønix i oktober var det møbelagentane som slapp til med gode historier. Eit forsøk på å arrangere ein guida tur til møbelmessa i Milano måtte skrinleggjast på grunn av dårleg oppslutning. Det var god oppslutning om kulturkvelden i november som viste møblar og mote frå åttitalet. NMFS var også vertskap for eit fellesarrangement med Sykkylven sogenemnd med møbelkåseri og presentasjon av Årbok for Sykkylven

 

Norsk Møbelfaglig Senter blir ofte kontakta av personar som vil ha hjelp til å bestemme møbeltypar eller som vil ha hjelp til å finne litteratur om designarar, produsentar o.l. Etter beste evne hjelper vi til å klare opp i slike spørsmål. Har vi ikkje svar sjølv, viser vi til personar vi trur kan gi hjelp. Vi har eit godt nettverk av slike hjelparar.

Vi hjelper også elevar og studentar som vil ha informasjon eller tilgang på litteratur. Som motyting får vi gjerne eit eksemplar av det ferdige arbeidet, noko som er med på å auke verdien av boksamlinga og arkivet vårt. Biblioteket er etter kvart det mest omfattande i landet når det gjeld møbelindustrihistorie.

 

Kjetil Tandstad er redaktør og Eldar Høidal medlem av redaksjonen av Årbok for Sykkylven, som blir gitt ut av sogenemnda i Sykkylven og som er ein viktig kanal for historisk stoff – blant anna også artiklar om møbelhistorie.

 

Den kulturelle skulesekken: NMFS hadde ikkje opplegg i regi av Den kulturelle skulesekken i 2011.

2014-markeringa: NMFS har ingen planar for 2014-markering.

Utstillingar: 1. juli opna designutstillinga om Norway Says. Denne utstillinga var utlånt av Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design og var open fram til utgangen av september med besøk både av lokale, turistar og eit stort tal skuleelevar.

 

Digital formidling: NMFS har ei aktiv heimeside der stort og smått av aktivitetane blir omtalt både for førehand og i ettertid. Her ligg ein god del av det skriftlege materialet i form av intervju, artiklar, bibliotekoversikt osv tilgjengeleg for alle. NMFS er også representert på Facebook med sitt forum for møbelhistorie.

 

 

Fornying

 

Samfunnsrolle: Norsk Møbelfaglig Senter tek sikte på å ta vare på historia til møbelindustrien gjennom å samle gjenstandar og dokumentere immaterielle kulturminne(kunnskap, historier, handlag). Det ligg til industrien å vere meir interessert i framtida enn i fortida og det blir derfor eit viktig ansvar for NMFS å gjere dette spesielle industrimiljøet tilgjengeleg for nye generasjonar.

 

Deltaking i museumsnettverk: NMFS er med i museumsnettverk gjennom Sunnmøre Museum og MIMR (Musea i Møre og Romsdal). Vi har og dette året fått god kontakt med Nasjonalmuseet. Det finst nettverk for industrimuseum som vi gjerne skulle ha knytt oss nærare til, men der reisebudsjettet avgrensar vår sjanse til å vere med.

 

Kulturelt mangfald: I 2011 har ikkje NMFS hatt prosjekt som direkte har retta seg mot kulturelt mangfald.

 

Immateriell kulturarv: I 2009 sette ein i gang ei innsamling av ord frå møbelindustrien i regi av Venneforeininga. Det var redaksjonen for Norsk Ordbok som bad oss om å gjere ei slik registrering og vi har no delt ut ein del skjema der ein kan notere ord og tydinga av orda. Ein del ord er alt sendt til Norsk Ordbok, men vi vil halde prosjektet varmt for å få inn fleire fagord inn i ordboka.

For andre året på rad har NMFS i samarbeid med Veneforeininga arrangert kurs i møbeltapetsering. Deltakarane har kome med ein gammal stol/tosetar som dei har fått hjelp av møbelveteranar til å trekkje om. Tiltaket har vore svært populært.

Venneforeininga har ført vidare det sosiale forumet for (eldre) møbelarbeidarar ved Frivillighetssentralen/Fønix på laurdagar der minne frå møbelmiljøet blir friska opp. Det har vore to slike treff i 2011.

 

Universell utforming: Utbygginga av NMFS sine lokale har gitt eit løft når det gjeld tilgjengelegheit. Vi har fått handikap-toalett, heis og elopplegg tilpassa rullestolbrukarar.

 

Likestilling: Selskapet har som mål å likestille kjønna ved tilsetjingar. Arbeidsforholda er lagt til rette for begge kjønn.

Med to mannlege stillingar og 0,3 kvinneleg er kjønnsbalansen i NMFS isolert sett ikkje god.  Heller ikkje eigarstyret (ei kvinne av seks) er utprega jamstelt. I veneforeininga er det to kvinner og fire menn i styret)

 

Arbeidsmiljø/ytremiljø: Styret meiner at arbeidsmiljøet i selskapet er bra. Oppussing av lokala har gjort det betre enn året før. Tilsette har ikkje vore utsette for ulukker eller skadar i samband med arbeidet.

 

Fortsett drift: Styret finn at føresetnaden for drift framleis er til stades og avsluttar rekneskapen på dette grunnlaget.

 

 

Kjetil Tandstad

Avdelingsleiar NMFS

 

Sykkylven,  juni 2012

 

Stiftelsen Norsk Møbelfaglig Senter

 

Otto-Magne Strømmegjerde (leiar)

 

 

Steinar Myrseth (nestleiar)                Gisle Johnsen (styremedlem)

 

 

Ole-Kristian Paulsen (styremedlem)         Jan Lade (styremedlem)

 

 

Grethe Ø. Røyr (styremedlem)