Årsmelding 2012

NORSK MØBELFAGLIG SENTER

Årsmelding 2012

 

 

 

 

 

 

Årsmelding/årsrapport 2012

Norsk Møbelfaglig Senter er eit nasjonalt dokumentasjons- og formidlingssenter for møbelhistorie. Senteret vart etablert i 1994 og er eigd av bransjeorganisasjonane i møbelindustrien og Sykkylven kommune. Sidan hausten 2004 har Norsk Møbelfaglig Senter vore ei avdeling under Stiftinga Sunnmøre Museum.

 

Administrasjonen i 2012:

Dagleg leiar 100 prosent stilling.

Forfattar/historikar:100 prosent stilling.

Museumspedagog: 20 prosent stilling.

Vaskehjelp: 2 timar per veke.

 

Kjetil Tandstad er avdelingsleiar ved Norsk Møbelfaglig Senter. Forfattar Eldar Høidal, tidlegare avdelingsleiar, er tilsett som skrivar/forskar i Sunnmøre Museum med arbeidsstad Norsk Møbelfaglig Senter. Han vikarierte ved Aalesunds Museum første halvår og har sidan sommaren 2012 arbeidd og blitt lønna gjennom prosjektet Sunnmørssoga. Magnhild Vatne er museumspedagog. Ho skal no bruke 60 prosent av stillinga som avdelingsleiar på Sykkylven naturhistoriske museum og 20 prosent som formidlar ved Norsk Møbelfaglig Senter. Ho har fast kontorplass ved NMFS. Vaskehjelp har vore Nasra Jawab/A.Yusuf Hajos, og er frå hausten 2012 Lourdes Rengjøring.

 

Sunnmøre Museum har driftsansvaret for NMFS og betaler lønna for alle tilsette. Det er eigarstyret, Stiftelsen Norsk Møbelfaglig Senter, som har eigedomsretten til samlingane. Stiftinga har ikkje eigne bygg. Styreleiar er Otto-Magne Strømmegjerde (Sykkylven kommune), Steinar Myrseth (bransjeforeininga Norsk Industri møbel+interiør) er nestleiar og medlemmer er Ole-Kristian Paulsen (fagforbundet Energi Industri), Gisle Johnsen (Sykkylven vidaregåande skule), Jan Lade (designarmiljøet) og Grethe Ø. Røyr (veneforeininga).

 

Norsk Møbelfaglig Senter har ei aktiv veneforeining. I 2012 var Grethe Østerhus Røyr leiar og i styret sat Ole-Petter Solnørdal, Ola Kvistad, Rolf Hjellegjerde, Petter Kirkebø, Astrid Eik Roald (vara) og Norvald Hjellegjerde (vara). Arrangement gjennom året: Møbelkafe med quiz, kulturkveld med presentasjon av underleverandørar, kulturkveld om møblar og design frå nittitalet.

 

        

Forvalting:

 

Innsamling: NMFS har berre teke inn nokre få gjenstandar i 2012. NMFS vil halde fram med å hente inn viktige møbelstykke og gjenstandar som kan dokumentere framveksten av dagens møbelindustri i Noreg og på Sunnmøre. Gjenstandane er i dag anten i utstillinga eller i magasinet i Borgundgavlen. Vi har også eit fjernlager for maskinar og liknande som toler kalde lager (Tynes-fabrikken) Etter planen skulle alle gjenstandar vere registrert i Primus i 2012. Det meste er i dag registrert, men målet om at alle gjenstandar skulle vere registrert vart ikkje nådd i 2012.

 

Registrering: Fotosamlinga Lyshol-arkivet er ferdig digitalisert, men må namnast og daterast. Det har vist seg vanskeleg å få heilt komplett, noko som har forseinka planen om å leggje bilda ut på internett og registrere dei i Primus. Vi ser no det organiserte innsamlingsarbeidet som utført. Registrering av bilda i Orimus og utlegging i Digitalt Museum  gjennomførast bør fullførast i 2013.

 

Sikring: Dei fleste av gjenstandane er i dag deponert i magasinet ved Sunnmøre Museum. Gjenstandar som blir utstilt i våre lokale, er ikkje sikra spesielt. Arbeid med sikringsplan er i gang. Fristen for å levere sikringsplanen er utsett til februar 2013.

 

Bygningsmessig vedlikehald: NMFS rår i dag over kontor, foredragssal, bibliotek og arkiv i første etasje og 200 kvm nytt utstillingslokale i andre etasje. Vi held til i leigde lokale. Huseigar har ansvar for ytre vedlikehald.

 

Planar og mål: Stiftelsen Norsk Møbelfaglig Senter meiner den nye faste utstillinga ikkje må bli ei rein gjenstandsutstilling, men vil ha ei interaktiv og pedagogisk utstilling. Styret i eigarforeininga hadde lagt opp til å samle inn ein million kroner for å få ei god utstilling på plass. Det viste seg å vere svært optimistisk. Per 31/12 2012 hadde det kome inn om lag 130.000 kroner frå møbelindustrien og vi har tilsegn om 200.000 kroner frå Forbundet Industri Energi (tidlegare Norsk Treindustriarbeidarforening).

Siste månaden av 2012 var det fleire møte med firmaet Inventas i Ålesund om korleis ein kan byggje ut den faste utstillinga vidare.

 

Driftsbygg og antikvariske bygningar: Bygningen til NMFS er i rimeleg god stand etter oppussing og utviding. NMFS har ikkje antikvariske bygningar.

 

 

Forsking

 

Prosjekt: Kjetil Tandstad var saman med Ole Mikal Ellefsen i gang med ei bok om 1700-talskjøpmannen Christoffer Rønneberg med planlagt utgjeving i 2012. Kjetil Tandstad gjorde research i to månader til arbeidet og fekk betalt to månadsverk for jobben i 2012. Kjetil Tandstad har også teke på seg å vere bilderedaktør for Sunnmørssoga. Styret for den wasmuthske-rønnebergske fond har seinare justert planane slik at det blir ei bok om Rønneberg-familien frå 1737 og fram til i dag.

Det er bestemt at Kjetil Tandstad skal skrive første kapittelet om Christoffer Rønneberg (eitt månadsverk i 2013) og at Ole M. Ellefsen skal skrive om seinare generasjonar. Planlagt utgitt i 2014.

 

 

Formidling

 

Besøkstal i 2012 er 777 personar. Det var 209 vaksne som betalte billett, 41 gruppebillettar, tre born som betalte billett og 5 gratis. Det var 317 gratis besøk (kulturkveldar, arkeologiarrangement osv med loddsal, matsalosv) Gjennom turneen Kubbe lager museum der Magnhild Vatne var formidlar, blei NMFS sin del av deltakarane 202.

 

I første del av 2012 var museet stengt på grunn av bygging av ny utstilling. Den nye faste utstillinga opna i mai. Våren 2012 opna første utgåva av den nye faste utstillinga som i tillegg til å gi eit riss av møbelhistoria gjennom 100 år også viser eit utval av møblane som ein jury har kåra til Norske møbelklassikere. Utstillinga har vore open kvardagar sidan opninga i mai.

Parallelt har ein arbeidd med tiltak for å utvide utstillinga, har vi arbeidd med å byggje ut utstillinga i djupne og breidde med tanke på nylansering våren 2013.

 

NMFS har vidareført formidlingsopplegget overfor barnehagane og skulane tilpassa ulike alderssteg. Samarbeidet med ungdomsskulen i Sykkylven for skuleåret 2012-2013 blir våren 2013. Opplæringskontoret for møbel og treindustri og dei ulike møbelbedriftene har vore ført vidare. Det har også vore ein viss kontakt om Berge Trevarefabrikk som Stranda Sogelag har teke ansvaret for. Det har kome inn ein del støttemidlar til rehabilitering av denne gamle fabrikken. NMFS har lova å bidra med program/innhald når bygningen er klar til å brukast.

 

NMFS har utarbeida formidlingsplan. Alle formidlingsopplegga for skulane vert tilpassa Kunnskapsløftet sine kompetansemål for dei ulike årsstega.

 

Sykkylven naturhistoriske museum og NMFS arrangerte saman med krefter frå andre avdelinga ved SSM eit gratis kveldsarrangement vigd til dei arkeologiske funna i sentrum av Sykkylven. Tanken var å ta publikum med frå steinalderfunn til bronse-, jarn- og vikingstidsfunn i skinet av faklar og å fortelje litt frå kvar standplass.

På grunn av uver denne kvelden, vart utandørsarrangementet amputert. Men vi fekk vist plassering og omfang av funna gjennom å lyse dei opp med fakkelboksar. 70 deltakarar pressa seg saman i klasseromet i museet etterpå og fekk demonstrert klesplagg, handverksteknikkar og mat frå dei ulike tidsaldrar. Det var eit svært populært arrangement som fekk god tilbakemeldingar. Arrangementet greidde å setje søkjelys på  dei eineståande funna som er gjort på Aure og som no var i ferd med å gå i gløymeboka hos innbyggjarane.

 

NMFS har distribuert plakaten Kva skjer i sommar? i kommunen.

 

NMFS er med i prosjektet Furniture Guiding vil ein prøve å skipe turistar inn frå Ålesund med båt og vise dei møbelmuseet, Ekornes og Cylindra. Det har vore lite aktivitet i løpet av 2012. Det er Sykkylven Næringsutvikling i samarbeid med eit privat firma som står bak dette initiativet.

 

NMFS var vertskap for eit fellesarrangement med Sykkylven sogenemnd om presentasjon av Årbok for Sykkylven.

 

Norsk Møbelfaglig Senter blir ofte kontakta av personar som vil ha hjelp til å bestemme møbeltypar eller som vil ha hjelp til å finne litteratur om designarar, produsentar o.l. Etter beste evne hjelper vi til å klare opp i slike spørsmål. Har vi ikkje svar sjølve, viser vi til personar vi trur kan gi hjelp. Vi har eit godt nettverk av slike hjelparar, blant anna gjennom facebooksida Forum for møbelhistorie.

Vi hjelper også elevar og studentar som vil ha informasjon eller tilgang på litteratur. Som motyting får vi gjerne eit eksemplar av det ferdige arbeidet, noko som er med på å auke verdien av boksamlinga og arkivet vårt. Biblioteket er etter kvart det mest omfattande i landet når det gjeld møbelindustrihistorie.

 

Kjetil Tandstad er redaktør og Eldar Høidal medlem av redaksjonen av Årbok for Sykkylven, som blir gitt ut av sogenemnda i Sykkylven og som er ein viktig kanal for historisk stoff – blant anna også artiklar om møbelhistorie. Eldar Høidal og Kjetil Tandstad har også skrive 100 årssoga til ungdomslaget Vaarvon i Straumgjerde og omtalt den mangfaldige bruken av huset som også omfatta ein periode med møbelfabrikk i kjellarsalen.

 

Den kulturelle skulesekken: NMFS hadde ikkje opplegg i regi av Den kulturelle skulesekken i 2012.

 

2014-markeringa: NMFS har ingen eigne planar for 2014-markering.

 

Utstillingar: NMFS har ikkje hatt utstillingar utanom den faste utstillinga i 2012.

 

Digital formidling: NMFS har ei aktiv og goddt besøkt heimeside der stort og smått av aktivitetane blir omtalt både for førehand og i ettertid. Her ligg ein god del av det skriftlege materialet i form av intervju, artiklar, bibliotekoversikt tilgjengeleg for alle. NMFS er også representert på Facebook med sitt Forum for møbelhistorie. Ei ytterlegare utviding av materiale tilgjengeleg via  heimesidene sto på planen for 2012, men dette er gjennomført berre i mindre grad.

 

 

Marknadsføring: NMFS er med i Destinasjonsselskapet Ålesund – Sunnmøre, Olavsrosa og brukar også eigen nettstad til å informere og lage PR. Senteret har fått ein betre presentasjon på Wikipedia.

Ein vil gjerne annonsere alle arrangement også i regionale media. Dette har ikkje økonomien tillate.

 

Fornying. I løpet av 2012 gjorde Sykkylven kommunestyre vedtak om flytting av Sykkylven naturhistoriske museum til nye lokale vegg i vegg med NMFS. Det blir lagt opp til felles inngang, felles billettsal osv. Samlokaliseringa vil gi mange fordelar for drifta, både i form av ekstra merksemd og tyngde som opplevingstilbod. Det ligg også til rette for eit tett samarbeid om omvisingar/arrangement,

 

Samfunnsrolle: Norsk Møbelfaglig Senter tek sikte på å ta vare på historia til møbelindustrien gjennom å samle gjenstandar og dokumentere immaterielle kulturminne(kunnskap, historier, handlag).

Det ligg til industrien å vere meir interessert i framtida enn i fortida og det blir derfor eit viktig ansvar for NMFS å gjere dette spesielle industrimiljøet tilgjengeleg for nye generasjonar.

 

Deltaking i museumsnettverk: NMFS er med i museumsnettverk gjennom Stiftinga Sunnmøre Museum og MIMR (Musea i Møre og Romsdal). Det finst nettverk for industrimuseum som vi gjerne skulle ha knytt oss nærare til, men der reisebudsjettet avgrensar vår sjanse til å vere med.

 

Kulturelt mangfald: I 2012 har ikkje NMFS hatt prosjekt som direkte har retta seg mot kulturelt mangfald.

 

Immateriell kulturarv. Veneforeininga har ført vidare det sosiale forumet for (eldre) møbelarbeidarar ved Frivillighetssentralen/Fønix på laurdagar der minne frå møbelmiljøet blir friska opp. Det har vore eitt slikt treff i 2012 (Møbel-quiz)

 

Universell utforming: Utbygginga av NMFS sine lokale har gitt eit løft når det gjeld tilgjengelegheit. Vi har handikaptoalett, heis og elopplegg tilpassa rullestolbrukarar.

 

Likestilling: Selskapet har som mål å likestille kjønna ved tilsetjingar. Arbeidsforholda er lagt til rette for begge kjønn.

Med to mannlege stillingar og 0,3 kvinneleg er kjønnsbalansen i NMFS isolert sett ikkje god.  Heller ikkje eigarstyret (ei kvinne av seks) er utprega jamstelt. I veneforeininga er det ei kvinne og fire menn i styret).

 

Kommentar til rekneskapen: Underskotet på resultatreknskapen avspeglar at det meste av fondet i 2011 og 2012 er investert i utbygging av lokala i Storgata 18, slik styret har bestemt. Stiftelsen har for tida ingen inntekter..

 

Forsett drift: Styret finn at føresetnaden for drift framleis er til stades og avsluttar rekneskapen på dette grunnlaget.

 

Kjetil Tandstad

Avdelingsleiar NMFS

 

Sykkylven, 24.juni 2013

 

Otto- Magne Strømmegjerde (styreleiar)                     Steinar Myrseth ( nestleiar)

 

 

 

For Ole-Kristian Paulsen (styremedlem)  Nina Helland (varamedlem)

 

 

 

Gisle Johnsen (styremedlem)                                                     Jan Lade (styremedlem)

 

 

 

Grethe Østerhus Røyr (styremedlem)