Nynorske møblar i hundre år

NYNORSKE MØBLAR I HUNDRE ÅR.
FRÅ AKANTUSRANKEN TIL KROPPSTILPASSA MØBLAR

Av Eldar Høidal

Det er i år hundre år sidan Ivar Aasen gjekk vekk, mannen som la grunnlaget for det nynorske skriftspråket. Kva har så Ivar Aasen å gjere i ein artikkel om norsk møbelproduksjon, kan ein spørje. Kanskje ikkje så mykje, bortsett frå at også han var forbrukar av sittereiskap, bokhyller og bordflater fylte med skrivesaker.
Men målreisning og møbel- og trevareproduksjon var for somme på Ivar Aasen si tid to sider av samme sak. Dette synet hadde mellom andre Lars Kinsarvik som verka som treskjerar og stolsnikkar i Volda tidleg i dette hundreåret. Som Ivar Aasen reiste rundt i landet for å samle prøver av bygdemåla, samla kunsthandverkarar som Lars Kinsarvik inn prøver på norsk folkeleg handverkskunst.

I Kinsarvikbiografien sin fortel Arnfinn Engen at Lars Kinsarvik fekk den store forløysinga etter at han hadde studert utskjeringane på dei norske stavkyrkjene og dyreornamentikken frå førkristen tid. (1) Han utvikla etter desse førebileta ein stil som han meinte var tilpassa ei ny tid. Av samtida vart stilen noko grovt kalla for drakestilen. Etter at han hadde fullført leitinga si i norsk folkeleg tradisjon, ein leit som altså førte han heilt attende til middelalderen, formulerte han det estetiske programmet sitt slik: «Min virksomhed paa træskjærerkunstens område er bygget paa en grunnidè, den nemlig at bringe tillive igjen, i noget forynget form, de ældre nordiske pryd-kunstformer. Jeg tror nemlig, at disse i dybeste forstand hører det norske folk til paa lignende maade som sagnet, eventyret og folkevisen – ja det norske maal ogsaa.» (2)

Den autoriserte tradisjonen
Tilsvarande programerklæringar vart på same tida utforma innanfor litteraturen, målarkunsten, musikken og altså i den nynorske språkvitskapen. Det var det norske sjølvbiletet som skulle byggast opp etter at landet i fleire hundre år hadde legje ope for det som vart kalla framand påverknad gjennom dansk og svensk embetsmannsstyre.
Denne leitinga etter ein særprega norsk identitet fekk mot slutten av hundreåret også næring av ein byrjande reaksjon mot det moderne og urbaniserte industrisamfunnet, slik det kjem til uttrykk i diktinga til mellom andre Sigbjørn Obstfelder og den unge Knut Hamsun. Industrisamfunnet med sin masseproduksjon valsa over individa og ville presse menneska inn i eit bestemt forbruksmønster, og fabrikklivet og bylivet med sin hektiske og rutineprega rytme verka framand og trugande for dei som prisa den individuelle fridomen og som ville kome til botnar i eige sjeleliv!
Nokre søkte i tradisjonen og andre søkte i eigen psyke. Begge kom på kant med det moderne industrisamfunnet, men dei kjempa lenge ein tapper motstandskamp. Ein viktig medspelar for dei som søkte attende i tradisjonane var dei nyskipa kunstindustrimusea.
Oslo fekk sitt kunstindustrimuseum i 1878. Konservator ved museet frå starten, og styrar frå 1894, Henrik Grosch, var ein svært aktiv rettleiar då Lars Kinsarvik famla etter gode førebilete for sin norske treskjerarkunst. Han åtvara sterkt mot samrøre med den nordiske stilretninga og trudde at den uforderva ungdomen frå landet berre ville ta skade av eit opphald i hovudstaden
! Kunstindustrimusea brukte historisk materiale aktivt, men det var samtidsproduksjonen som var hovudinteressa deira. Dietrichson, Grosch og dei andre leiarane ved kunstindustrimuseet i Oslo såg på innsamling av gamle gjenstandar i bygde-Noreg som eit middel i arbeidet for å odle samtidsproduksjonen.(3)
Frå 1886 fekk kunstindustrimusea statsstøtte for å hjelpe fram husflidsskulane på landsbygda. Her skulle talent frå bygde- Norge få hjelp til å skape seg eit utkome og samstundes sikre ei god nasjonal linje i husflidsproduksjonen. Lars Kinsarvik vart styrar ved ein av dei to treskjeraskulane som kunstindustrimuseet ville ha. Men framleis ville museet vake over at kursen vart den rette. I statuttane for treskjerarskulen kom det inn ei passus om at kunstindustrimuseet skulle avgjere kva for forteikningar og modellar som skulle brukast i produksjonen. (4)
Det låg altså klare føringar i den innsatsen som Lars Kinsarvik la ned for å utvikle det som vart kalla drakestilen i norsk møbelhandverk. Av somme observatørar i samtida vart stilen nedsettande kalla «turiststil», fortel kunsthistorikaren Anne Berit Skaug. Ein kulisse og forsiringstil som la meir vekt på møblar som utstillingsgjenstandar enn bruksgjenstandar i det daglege livet (5). Og det var også mindre souvenirartiklar Lars Kinsarvik starta med å skjere, slikt som papirknivar og drikkekrus med nissar på toppen.

Industriell historisme
Arkaiske stilmotiv som akantusranken og dyrefigurar kom til å bli staffasje på norske møblar langt inn i vårt århundre og det var også motiv i dei sunnmørske møbelfabrikantane sine produkt frå 1920-åra.
Sunnmørsprodusentane sitt bidrag dei første tiåra gjekk ikkje på ei stilmessig fornying og modernisering av møblane. Det var produksjonssida som her vart rasjonalisert. Formene var improvisasjonar og kopiar over gamle førebilete, gjerne med engelsk slektskap.
Lars Kinsarvik sin treskjerarskule i Hardanger fekk ein del elevar, og nokre av dei vart trufaste mot læremeisteren sine stilideal og verka seinare som kunstnarar og treskjerarar. Andre utvikla produksjonen i meir fabrikkmessig lei og byrja å lage spisestovemøblar og stolar i større seriar etter som det opna seg marknader då pengeøkonomien voks fram.
Dei største møbelprodusentane i Hardanger si fremste møbelkommune, Kvam, kan føre fara sine attende til treskjerakursa som Lars Kinsarvik heldt i heimbygda si. Det er vanskelegare å finne spor av industrielle innovatørar etter Kinsarvik sine år i Volda, sjølv om sonen hans, Arne, kom til å få treskjeringsarbeid for møbelfabrikkane i Volda. (6)
I nye industribygder som Ørsta, Sykkylven og Stranda brukte dei òg personar som kunne føre kniv med stø hand. Bernhard R. Tynes henta treskjeraren Daniel Hagerup til Sykkylven då han ville gje tyngde og soliditet til den nye møbelproduksjonen sin. (7) Framleis hadde historiske motiv appell hos breie kjøpargrupper, men etter kvart som lønsnivået til arbeidarane steig var det uråd å leggje så mykje handarbeid ned i møblane om dei skulle bli oppnåelege for forbrukarar flest.

Demokratisering og flatpakking
Ei anna av pionerverksemdene i Sykkylven reid også på restene av den nasjonale bølgja i 1930-åra. Designaren Ingmar Relling har fortalt at det første arbeidet han fekk var å skjere ut akantusranker som skulle vere prydnad på skapa til verksemda som seinare fekk namnet Vestlandske Møbler.
Ingmar Relling, som er rekna som nestoren i norsk industriell møbeldesign, hadde i utgangspunktet planar om å bli treskjerar. Hadde Lars Kinsarvik framleis helde skule hadde Ingmar Relling truleg blitt ein lærenem elev. Men Ingmar Relling gjekk ein annan veg og han kom til hovudstaden som skulle vere så full av farer for søkande ungdom! Han studerte ved lina for møbeldesign ved Statens Håndverks- og kunstindustriskule i Oslo og dermed tok livsleia hans ei heilt anna retning.
Ingmar Relling kan stå som ein representant for det avgjerande oppbrotet for den nasjonalhistoriske retninga i norsk møbelform og møbelprydnad. Ingmar Relling var driven av eit anna progam enn dei som ville attende til røtene for å reise ein ny nasjon. I 1950-åra, då Ingmar Relling fann plassen sin som ein produktiv og nyskapande industridesignar, var den norske nasjonsbygginga ført til endes.
Etter tilbakeslaget mellom 1940-og 1945 verka nasjonsgrensene tryggare enn på lenge og den norske eigenarten vart sjeldan problematisert, men rutinemessig stadfesta i nasjonale høgtidsdager og ein sosialdemokratisk velferdsmodell. I den nye framstegstrua sin arbeidsdag var dei demokratiske ideala sjølvsagte og gjerne uutalte føresetnader og dei praktiske oppgåvene det som fylte arbeidsdagane for både husmødre og designarar.

Ingmar Relling la bak seg akantusranken og ein av grunnane til at han såg på dei utskorne bladformene som ubrukelege i moderne møblar, var at dei var så tungvinte å halde reine. (8) Eit viktig moment i ei tid då det praktiske og lettvinte var stikkorda i det meste av forbrukarreklamen. – Det er så snerte, brukte farmora mi å seie, ho sette bu i mellomkrigsåra og passa vel på sitt eine barn. Frå respatex-kjøkkenet i husbankhuset frå 1960-åra, mintest ho ein oppvekst i ei overfolka husmannsstove på nedre Rotset i Volda tidleg i hundreåret.
Minst like viktig som reingjeringsaspektet var det for Ingmar Relling å gje form til møblar som alle kunne ta seg råd til. Dei historiske stilkopiane til Lars Kinsarvik kom sjeldan lenger enn til hotella og velstandsstovene. Under den siste kategorien må ein definere Arne Garborg sin heim på Labråten ved Oslo. Garborg, som var ein kampfelle av Aasen i målreisinga, hadde møblar i historisk stil og stol laga av Lars Kinsarvik som det passa seg ein mann som ville trenge inn i det særprega norske. Arne Garborg var ingen sneversynt nasjonalist, si vide internasjonale interesse synte han mellom anna gjennom omsetjing av indiske diktverk. Like lite av ein heimføding var Ingmar Relling. Gjennom stilstudiar av både kinesiske, amerikanske, tyske og nordiske former fann han plassen sin i det som nokså omtrentleg har vorte kalla Scandinavian design.

Ingmar Relling sin biograf, Fredrik Wildhagen, strekar sterkt under den demokratiske motiveringa som ei av dei viktigaste drivfjørene i Ingmar Relling si designkarriere. «Rellings serieproduserte, industriframstilte møbler representerer derfor alternativet til snekkermestrenes enkeltstykker…Hans møbelstykker er også tilpasset en rasjonell mekanisk produksjonsform og vurdert i forhold til transportkostnader som påvirker prisen. Målet var at stolen kunne være både god og billig og tilgjengelig for de mange i samfunnet, ikke bare beregnet for de få.»(9)

Med moderne teknikk kom ein i den situasjonen at ein kunne produsere store antal av same produkt. Gjennomslaget for industriprinsippa i møbelproduksjonen og -formgjevinga kom i 50- og 60-åra.
Relling og dei verksemdene han arbeidde for på Sunnmøre dei første åra kan ein med eit moderne ord kalle marknadsorienterte. I gjenreisingsåra såg dei eit salspotensiale i kombinasjonsmodellar, sofa om dagen og seng om natta. Dette var kombinasjonsmøblar som nevenyttige gardbrukarar hadde laga i hundrevis av år, men dei vart no serieproduserte i modulløysingar som kunne tilpassast trange husvere i rekkehus og blokkar, sjølveigarhus og hyblar i by og på land.
Den nasjonalromantiske historismen og dei psykologisk orienterte individualistane med sitt krav til sjelefred, albogerom og særpreg fekk tronge vilkår i femti- og sekstiåra. Designaren måtte ta med i si formvurdering om møbellinjene let seg behandle maskinelt og kunne gå uhindra gjennom produksjonsapparatet i store seriar. Omsynet til produksjonsflyten erstatta omsynet til individualiteten og særpreget, og møbelspråket vart internasjonalt slik det talte språket også i større grad vart det.

Den såkalla skandinaviske designen var prega av smekre og lette linjer. Dei kom fram som ein reaksjon mot dei såkalla elefantmøblane frå mellomkrigstida, krigsåra og dei første etterkrigsåra. Det var då marknaden svalde unna alt det som vart produsert av sitjereiskap, hyller, bord, soveromsmøblar og heile spisestovelandskap!
I femtiåra tetta konkurransen seg til. Det kom inn møblar frå utlandet og norske produsentar med vekstambisjonar vende seg utover med dei elegante og låge møblane som Skandinavia vart så kjend for i utlandet. Dei gjennomreflekterte produktutviklarane tenkte også på dei lange transportvegane når dei arbeidde med formgjeving og samanføying. Slik også med Ingmar Relling som med sine modellar Nordic (1954)og Siesta (1965) fekk fram møblar som var som skapt for flatpakking.

På spor av ei framtid?

Igjen kan vi knyte språk og møbelproduksjon saman. Frå midten av det førre hundreåret ville ein del språkfolk gje skapnad til ei heilnorsk skriftleg språkform som hadde rot i norsk talemål. På same tid reiste husflidsfolk og møbelsnikkarar rundt i landet og leita etter spora frå det rotnorske handverket slik dette kom til uttrykk mellom anna i stavkyrkjeornamentikken. Sidan har det norske skriftspåket blitt akta og odla av gåverike bondesøner på seminar og høgskular, medan dei utskorne trestolane med jamne mellomrom har blitt henta fram frå deponia til kunstindustrimusea rundt om i landet. Om ein skal setje det på spissen.

I etterkrigstida meiner mange at språket har blitt forflata, nett som møblane har blitt flatpakka. Slik vert det gjerne når produkt og idear skal fraktast over lange avstandar og gjerast tilgjengeleg for flest mogeleg. Då må produsenten få fram ei form som gjer at ålmenta kan nå produktet både i økonomisk og geografisk forstand.
Det høgreiste, avvikande, særprega og heilstøpte kjem kjelkete til i massedistribusjonen sin tidsalder. Vel kan det lagast og med litt møde også distribuerast, men det vert i så fall til dei få med lommebøker som har evne til å gape over slik ressursbruk. På same vis har det vel vorte med språket. Det er tiljamna, avslipt og har mista mykje av sin opphavelege presisjonsrikdom fordi meldingane som vert sendt gjennom eter og papir skal oppfattast raskt av flest mogeleg.
Ambisjonane om å nå flest mogeleg med produkta har òg leidd norske møbelprodusentar – mellom anna i Ivar Aasen si grend og nabogrender- til å profilere seg gjennom majoritetsspråket bokmål. Berre to bedrifter av dei 128 medlemene i Møbel- og Innredningsprodusentenes Landsforening står fram med nynorsk namn, og begge ligg i Hordaland.

Men soga om møblar og språk er ikkje ferdigsskriven med dette. Vi kjenner vel alle til ungdomsopprøret i 60- og 70-åra, då det kom ein seinromantisk reaksjon på industrisamfunnet si forflating og ressursøyding. 68-arane i møbelbransjen starta eigne handverkstader i gamle kjellarlokale i byane og dei laga møblar til seg sjølve og kvarandre og ein og annan velgjerande børsspekulant.
Fire unge kvinner som driv møbelverkstad i Lakkegata i Oslo kan stå som representantar for reaksjonen mot forflatinga og standardiseringa som industrialismen har ført med seg: «Vi vil ikke lage dataproduserte trapper, vi vil lage trapp med sjel…Vi blir kneblet av at alt skal være billig. Nå kommer det mer an på maskinene enn på mennesket. I dag er det viktigere å være effektiv enn å kunne faget. …de vil lage egne ting, helst tegne dem også, og følge dem hele veien til de er ferdige produkter. (10)

Opprøret mot dei rettlinja og avindividualiserte formene fann òg støtte i den teknologiske utviklinga. Møbelbransjen sine 68-arar sit i dag og samtalar med kundar via datamaskiner som kan skreddarsy produkta. (
Dei variable møblane vert leidde gjennom eit produksjonsapparat som ikkje lenger må ta berre store seriar av same slag for å vere rasjonell og industriell. Med hjelp av datastyrte maskiner og avanserte reguleringsmekanismar kan møblane føye seg etter den einskilde sine kroppsformer og smaksretningar.

«Menneskekroppen er skapt for rørsle» heiter det i reklamebrosjyrene til Stokke-fabrikkane i dag. «Folk er forskjellige» har vore eit motto for designmiljø i møbelsenteret Sykkylven. (12)
Dei tradisjonelle møbelformene er oppløyste av dei nye designarane og dei har utvikla fleksible møblar for heimar og offentlege miljø. Møblane skal no tene menneska og ta omsyn til ymse signal frå kroppen og ikkje tilpassast ei eller anna stilretning, heiter det i programerklæringane.

Kan vi sjå den same utviklinga innafor språkpolitikken, vert det også der opna for variasjonsrikdom og individtilpassing? Ein må langt på veg kunne seie det med språkrådet sin store vilje til å ta opp i seg forskjellige nyovringar også i det nynorske språket.
«Tal dialekt og skriv nynorsk» var slagordet til målungdomen for ei tid tilbake. Dei ville la det språklege mangfaldet få utfalde seg nokså fritt. Med folkeflytting, auka reiseverksemd, påverknad frå andre kulturar og språkgrupper, sosial og økonomisk mobilitet vil det munnlege språket etter kvart ta mange og unormerte retningar. Men folk er gjerne slik laga at dei har behov for å få definert sin eigen ståstad, få vite kor dei kjem i frå. Det er vel noko av bakgrunnen for at nokre i ein språkleg oppløysingssituasjon har følt behovet for å opprette eit senter for odling og formidling av det målreisingsarbeidet som Ivar Aasen var det fremste talsmannen for.
Sjølv om eit språk vert aldri så fleksibelt og individtilpassa må ein gjerne kjenne rammeverket det skal passast til. Tilsvarande tankar har vidsynte målsmenn for møbelbransjen hatt gjennom arbeidet med å byggje opp det møbelfaglege senteret i Sykkylven: har ein god kunnskap om det som har vore er ein tryggare på at dei stega ein tek går framover! Både Lars Kinsarvik sine læresveinar og Ingmar Relling har vist at med eit grunnlag i dei velprøvde historiske formene kan ein våge spranget inn i samtida for å gje form til det som ber ut til ålmenta i det store samfunnet i dag. Og held ein seg heile tida oppdatert vert det altså lettare å finne fram til det individtilpassa og originale.

Noter:

1. Arnfin Engen: Lars Kinsarvik. Skaparen av «den norske stilen» i nyare treskjerarkunst. Lillehammer 1996. s. 28.

2. Op. cit.

3. Anne-Berit Skaug: Mellom to stoler. Norske møbler i perioden 1890 – 1920. Artikkel i Tre og Møbler 4 b 1984. s. 18.

4. Engen s. 31

5. Skaug s. 19.

6. Jarle S. Rotevatn: Kinsarvik-kunstnarane- Lars Kinsarvik og Arne Kinsarvik. Volda 1990. s. 29.

7. Samtale med Bernhard R. Tynes 17.12.1987. I Norsk Møbelfaglig Senters arkiv.

8. Samtale med Ingmar Relling 15.11.1989. I Norsk Møbelfaglig Senters arkiv.

9. Fredrik Wildhagen: Møbeldesigneren Ingmar Relling i perspektiv. Sykkylven 1991. s 14.

10. Gunvor Gjessing: Møbeleventyret. Historien om en pionerbedrift i Nordland. Oslo 1995. s.166.

11. Intervju med designar Jahn Aamodt i Designpartnership, Sykkylven i Sykkylvsbladet september 1996.

12. Slagordet til designfellesskapen Asbjørnsen & Lade, Sykkylven i syttiåra var «People are different.»