Om stolen Ekstrem

OM STOLEN EKSTREM OG ANDRE EKSTREMITETAR

Av Eldar Høidal

For ettertida har den fleirarma stolen Ekstrem blitt ståande igjen som eit symbol på dei noko lausslupne 1980-åra innan norsk møbeldesign. Stolen er designa av Terje Ekstrøm, den gongen ein ung og lovande designer frå hovudstaden. Ekstrøm hadde ein prototype av stolen ferdig allereie i 1972, men det skulle gå over 10 år til ein norsk møbelprodusent var viljug til å sette han i produksjon. Det var Hjellegjerde som først tok dette steget. Det skjedde i 1984. Men før dei kom så langt måtte det lagast støypeformer til produktet. For Ekstrem skulle produserast i formstøpt kaldskum.

Ekstrem.

Hovudbry

Det var Sandella i Sykkylven som fekk oppdraget, og ein kan trygt seie at det var den mest krevjande utfordringa sykkylvsbedrifta hadde fått så langt. Terje Ekstrøm, som kom til Sykkylven for å diskutere korleis ein kunne løyse utfordringane, opplevde ein viss skepsis frå fleire av Sandella sine folk. Men det var spesielt ein som var positivt innstilt til å gå i gang med dette prosjektet. Det var Johan Svindseth, som hadde arbeidd ved Sandella sidan 1971. Ekstrøm fortel at han fekk ein god dialog med Svindseth, som var modellør og formbyggar på skumplastbedrifta. Det var Svindseth som fekk fram formene til dei støypa som Sandella skulle produsere. – Vi designarar er avhengige av dyktige fagfolk som ikkje let seg stoppe av tekniske problem, men som ser på dei som spennande arbeidsoppgåver som kan løysast, seier Terje Ekstrøm.
– Eg tok fatt på denne oppgåva med ein sportsmann si innstilling, minnest Johan Svindseth. – Eg har vore aktiv fotballspelar og eg gjekk alltid på bana med håp om å vinne. Også kampen med denne stolen hadde eg lyst til å kome sigrande ut av.
Bedrifta gav produktutviklaren tid og rom, slik at han kunne kome i mål. Likevel vart arbeidsdagane for korte og Johan tok med seg tankane heim og utvikla dei vidare på kjøkkenbordet. Etter ein månad med fintenking, prøving og feiling, var modellen endeleg klar og produksjonen kunne starte.
Johan fortel at det største problemet var å få til ei form som kunna opnast utan at beina, som var i ulike vinklar, kolliderte og stengde for kvarandre. Han løyste problemet ved å lage tre separate former. Stoldelane vart då til slutt kopla saman ved hjelp stålrør i støypane. Det var Sykkylven Stålindustri som laga stålrøra og koplingsmekanismane som heldt dei saman i det ferdige produktet. Tor Skinnes var den oppfinnsame problemløysaren, seier Johan Svindseth.
Måten dei krevjande tekniske utfordringane vart løyst på i Sykkylven vekte oppsikt. I ei pressemelding, som vart laga til i samband med at stolen vart presentert ved møbelmessa i København, heitte det: «Johan Svindseth ved Sandella Fabrikker løste problemet, takket være stor erfaring med slikt formingsarbeide, og en kreativitet og uortodoks tenkning på linje med designeren. Han er antagelig en av de få i verden som kan løse en slik oppgave.»

Eit dynamisk tiår!

Ekstrem-stolen var ikkje det einaste eksperimentelle møbelet som gav farge og liv til 1980-åra i ein designmessig samanheng. Også andre bedrifter våga seg ut i ukjent farvatn og satsa på former som kjøparane tidlegare knapt hadde sett. Møremøblers Totemstol, design Torstein Nilsen, Peter Opsviks Hender for Cylindra og Garden for Stokke er døme på dette. Ekornes-konsernet var også mellom dei møbelbedriftene som gav spelerom for nye tankar. I ein periode midt i 1980-åra hadde Ekornes seks designerar i arbeid. Dei hadde som oppgåve å finne fram til produkt som kunne appellere til unge og designmedvitne forbrukarar. Det vart etablert samarbeid med klesprodusenten Bik Bok, som skulle sørgje for supplerande klede til samme målgruppa. Bik Bok Casa Design signerte mange banebrytande møblar; bokhyller som stod på skrå oppetter veggen, speglar med uvante vinklar og former, runde stolar og bord i glas, metall og plast – og sitjesekkar. Produkta vart lanserte i pastellfargar; mintgrønt, gult og rosa.
Kva var det då med 80-åra som gjorde dei til ein slik fruktbar periode for kreative designerar og fingernemme produktutviklarar? Kanskje må vi søkje etter både økonomiske og kulturelle faktorar for å finne svaret.
I midten av 1980-åra fekk vi den såkalla jappe-perioden. Den var mellom anna karakterisert ved at menneske med investeringslyst, idear og talegåver kunne stable på beina store formuar på kort tid. Det var mykje risikoviljug kapital i sirkulasjon. Det var ikkje berre børshaiane som fekk meir pengar mellom hendene. I midten av 1980-åra var det eit frislepp på kredittmarknaden som landet tidlegare ikkje hadde sett maken til. Etterspurnaden av varer og tenester auka og mykje av etterspurnadsauken var lånefinansiert. Det var mange forbrukarar som fekk råd til å kjøpe varer som dei tidlegare ikkje hadde kunna unne seg. Også unge menneske fekk meir pengar mellom hendene og delar av næringslivet tilpassa produkta sine til ein meir ungdommeleg forbrukargruppe.

Rørsle og variasjon

Heller ikkje møbelbransjen vart upåvirka av denne utviklinga. Tidlegare hadde det vore ei nøktern linje som prega møbeldesignen. Skulle eit møbel bli godteke av produsentane måtte det helst vere funksjonelt, lett å produsere og det måtte vere nyttig! Frå tidleg i 1980-åra skjedde det altså eit frislepp av kreativitet i møbelformgivinga som har ein parallell i det økonomiske frisleppet. For første gongen i nyare norsk møbelsoge blei det i noko større omfang laga møblar som ikkje berre var nyttige, men som i stor mon vart profilerte gjennom sine estetiske kvalitetar. Dei kulturelle føresetnadene for dette frisleppet låg eit par tiår tilbake i tid. Det hadde lenge vore ein misnøye mellom unge designarar mot dei avgrensingane den skandinaviske funksjonalismen la på møbelformgjevinga. Nyutdanna designarar ville finne sitt eige språk tilpassa ei ny tid, dei ville eksperimentere med materialar, former og uttrykk. Dei hadde gjennom utdanninga si fått den teoretiske ballasten dei trong for å ta eit brot. Ergonomien og fysiologien gav eit grunnlag for tankar om at det var andre måtar å sitje på enn den som dei Scandinavian design-inspirerte stolane og sofaene la til rette for. Det er dette Ekstrem-stolen i ytterleggåande forstand er eit uttrykk for. Terje Ekstrøm ville finne ein stol som gav støtte for brukaren i ulike sittestillingar, altså eit møbel som gav høve til rørsle og variasjon. Ungdomsopprøret til 68-generasjonen gav stemme til tidlegare utkantgrupper i samfunnet. I vår samanheng førde det til tankar om større variasjonsbreidde i møbelutvalet. Dei teknologiske vilkåra gjorde det også mogeleg å søkje nye vegar i møbelformgjevinga. Formstøypinga av skumplast vart ført vidare, det same galdt lamineringsteknologien. Det vart eksperimentert i yttergrensene til møbelmaterialane. Det vart nytta meir plast enn tidlegare i møbelproduksjonen. Så kom dei politiske signala om dynamikk og nytenking i næringslivet frå tidleg i 1980-åra då Høgre tok over regjeringsmakta. Det var danna eit økonomisk og kulturelt grunnlag for eksperimentering og variantbreidde.

Færre sjansesiglasar…

At nøkterne og jordnære bedrifter som Ekornes og Hjellegjerde var med på det oppbrotet frå vanetenkinga som hadde prega norsk møbelindustridesign i mange år, vart av mange sett på som ein styrke. Også utanlandske observatørar hadde merka at det skjedde spennande ting i den norske møbeldesignen. Terje Ekstrøm hugsar at det var til dei norske standane journalistane kom først då det var møbelmesser i 1970- og 1980-åra. Slik hadde det vore sidan Balans-konseptet vart lansert på Københavnmessa i 1971. Journalistane var spente på kva det norske møbeldesignmiljøet hadde kome opp med i år, og dei fann som oftast noko som veik av frå det vanlege. Men så stilna det av. Det er interessant å leggje merke til at eksperimentviljen til bedriftene spakna samstundes som det økonomiske tilbakeslaget kom i slutten av 1980-åra. Det var på denne tida Ekornes-konsernet låg nede for telling. Eitt av problema bedrifta hadde var nettopp at produksjonen var spreidd over for mange einingar og for mange ulike produkt. Produksjonen vart ikkje rasjonell nok og dermed var det ikkje råd å få til lønsam drift. Ekornes fann etter kvart ein trygg veg ut av uføret. Det gjekk heller ikkje lenge før Hjellegjerde slutta med produksjonen av Ekstrem og fann «heim til seg sjølv», med produksjon av salongar etter meir kjende former. Men Ekstrem-stolen overlevde, og den har sidan 1988/89 vore laga ved Stokke Fabrikker AS. Det vert produsert mellom 1000 og 1500 Ekstrem-stolar årleg.

1980-åra var ein fascinerande periode i den norske designhistoria. Den viser at argumentet mot møbelindustrien, at han ikkje er viljug til å satse på nyskapande design, ikkje heilt held vatn. Det har i aller høgste grad vorte satsa, og det har vorte satsa så friskt at somme bedrifter heldt på å knekke nakken. At dei i dag er noko meir tilbakehaldne med å hive seg ut i nye eksperiment er lett å forstå. Ein må likevel leggje til at utan nytenking kan møbelindustrien få vanskar med å hevde seg i konkurransen om nokre år. Møbelindustrien må heile tida vere på leit etter nye møblar som kan bli morgondagens storslagerar. I dette arbeidet er det heilt avgjerande at designerar får hjelp av produktutviklarar som kan sitt fag og som finn vegar der andre berre ser stengslar. Ein må også ha bedrifter som er viljuge til å ta sjansar. Men først må dei stå støtt på dei beina som ber. Om ein prøver å leve av eksperiment åleine, kan det bli mager kost.

Kjelder:

Samtalar med Terje Ekstrøm, Johan Svindseth, Tor Helge Aas og Arve Ekornes, 2001.
– Presentasjon av Hjellegjerde i samband med Scandinavian Furniture Fair i 1984.
– Presentasjon av Ekstrem ved Terje Ekstrøm, NMFS arkiv.
– Per Gaarder: Katalog «Kjernestykker».