"Frå korgfletting til storindustri"

- formidlingsopplegg tilpassa 5.-7.årssteg

Vi pakkar bilen full og reiser ut til skulane i distriktet. Våren 2008 besøkte vi alle skulane i Sykkylven kommune. Vi står klar til ny besøksrunde, til nye klasser og nye skular. Vi fortel om Sunnmøre si 100-årige møbelindustrihistorie, ein stor og viktig del av vår lokalhistorie. I bagasjen er bildeforteljing, eit utval gjenstandar, designstolar og umonterte pinnestolar. Opplegget er tilpassa kompetansemål i Kunnskapsløftet for 7. årssteg.

Peter Iverson Langlo starta det heile i 1908

Elevane får eit historisk tilbakesyn med illustrerande bilder, produksjonsverkty og gjenstander.

Pinnar vert stolar

Vi har med 5 byggesett av pinnestolar frå Sandvik Møbler AS. Elevane få prøve å sette saman desse. Kven er best i samarbeid?

Gruppestorleik og organisering
For å få alle aktivisert, er det mest ideelt med 10-20 elevar i gongen.

Krav til lokale

Klasserom med golvplass. Tilgang til lerret/vegg for bruk av videokanon.

Tidsbruk
Om lag ein klokketime.

Pris
Opplegget er gratis for skulane i Sykkylven, kr 20,- pr elev for skular i andre kommunar.

Opplegget kan også gjennomførast ved Møbelmuseet Norsk Møbelfaglig Senter. I designkroken kan mange spennande designmøblar studerast og prøvast.

Kompetansemål i Kunnskapsløftet (7.årssteg)
• Vurdere design og industriell produksjon av kjende bruksgjenstandar (kunst og handverk).
• Forklare samanhengar mellom naturressursar, næringar, busetnad og levevis (samfunnsfag)

Kontakt oss for meir informasjon/avtale om tidspunkt
E-post:
magnhild.vatne@mobelfagligsenter.no
Tlf: 970 45 640

Skjermbilde 2014-02-28 kl. 18.43.17

"Møbeleventyret om Peter"

- undervinsingsopplegg tilpassa 1.-4.årssteg

 Opplegget foregår i senteret sine utstillingslokaler. Med store papirbilder, rare materialer, verkty, gamle og nye møblar fortel vi korleis Peter I. Langlo starta å lage møblar i 1908. Med enkelt rollespel får barna ta del i historia fram til dagens møbelproduksjon. I designkroken har vi mange kjende men også rare stolar. Kanskje nokre som barna også kjenner godt til? Opplegget er tilpassa kompetansemåla i Kunnskapsløftet for 2. og 4. årssteg.

Lokalhistorie

"Møbeleventyret om Peter" kan godt nyttast både av småskulesteget og barnehagar som arbeider med temaet lokalhistorie - t.d. "Sykkylven før og no".

Desigkroken

Her har vi eit utval stolar teikna av kjende møbeldesignarar som mellom anna Peter Opsvik ("Garden"), Terje Ekstrøm ("Ekstrem"), Per Øye ("Move") og Olav Edøy ("Peel"). Utvalet gir ein fin inspirasjon til etterarbeid innan design.

Gruppestorleik og organisering

På grunn av avgrensa plass i utstillingslokala er ideell gruppestoreik rundt 10 barn.

Tidsbruk

Om lag ein halv time.

Pris
I jubileumsåret 2008 er opplegget gratis for skulane i Sykkylven, kr 20,- pr barn/elev for grupper frå andre kommunar.

Tips til etterarbeid

Barna kan forme fantasi-stolar i modellkitt/plastillin, og lage eiga møbeldesignutstilling.

Kompetansemål i Kunnskapsløftet (2. og 4. årssteg)
• Gjennkjenne og beskrive enkle bruksgjenstandar (2. årssteg)
• korleis enkle bruksgjenstandar har fått si form, frå idè til produkt 
(4. årssteg)

Vi prøver så langt vi kan å tilpasse opplegg etter særskilte ønsker.

Kontakt oss for meir informasjon/avtale om tidspunkt.

E-post:
magnhild.vatne@mobelfagligsenter.no
Tlf: 70 25 30 04/97045640

Skjermbilde 2014-02-28 kl. 18.43.39