Ver så god, sitt!

Basisutstillinga: Ver så god og sitt!

Opna2014.

Utstillingsdesign: Jørn Stian Refsnes, Inventas Ålesund.

Utstillinga er bygd av sapDesign ved  Arve Grønmo og  Svein Asbjørnsen og Kjetil Tandstad, Møbelmuseet.

 

Tungt arbeid i landbruk og fiskeri lærte sunnmøringen verdien av å sitje godt når han endeleg kunne slenge seg nedpå.

Møbelbransjen har gjort skam på bedriftsøkonomiske teoriar om kor viktig det er med kapital og lett tilgang til råvarer og marknad. For det stod på ingen måte skrive i stjernene at desse brattlendte bygdene  i vest skulle bli eit tyngdepunkt for norsk møbelproduksjon.

Sunnmøre låg ikkje strategisk til: Råvarene måtte ofte hentast langvegs frå. Og det var også lang veg til forbrukarane i dei store byane og tettstadene. Her var stor tilgang på billig og viljug arbeidskraft. Dei små gardsbruka, som hadde gitt utkomme for folket opp gjennom hundreåra, kunne ikkje sysselsetje alle. Amerika hadde vore utvegen for mange. Mange emigrerte og kom aldri tilbake. Andre sleit nokre år i tømmercampen eller i gruve- og byggjeindustrien i USA og kom heim att med nye idear og kanskje startkapital.

Heimekjær.
Men depresjonen i USA førte til at det vart vanskelegare å sleppe inn også i Amerika. Dei harde trettiåra sette også sitt preg på Noreg. Dei nye industristadene og dei store byane var heller ikkje så forlokkande for dei fleste. Arbeidsløyse var det over alt. Sunnmøringen var dessutan heimekjær og patriotisk. Han ville opp og fram, men aller helst ville han skape sin eigen arbeidsplass i grenda der han voks opp.

Slikt er også ein komparativ fordel når ny industri skal etablerast. Vi kan seie at naud lærte pengelause bygdegutar å spinne madrassfjører og byggje møblar. Kapital hadde dei lite av, men med i arven heimanfrå, fanst både haugiansk trott og nøysemd og fiskarens kalkulerte risikovilje.

Her var dugnadsånd og praktisk sans. Felles innsats hadde alltid vore viktig når store prosjekt skulle gjennomførast i det gamle bondesamfunnet. Gardbrukarsønene kom frå eit miljø der ein knapt hadde råd til å kjøpe noko ferdig og dei var vane med å lage det meste sjølv.

Possement.
Dette var ei haldning dei tok med seg til møbelindustrien, slik Sigurd Ekornes gjorde då han hadde vanskar med å skaffe possementsnorer til møblane sine under krigen. Då var det naturleg for han å konstruere sin eigen possementssnormaskin. Han produserte pyntesnorer både til eige bruk og selde i tillegg til konkurrentane.

Gründerar tok utfordringane ei etter ei og søkte løysingar der dei var å finne. Dei eksperimenterte og kopierte, sparte og investerte, konkurrerte og samarbeidde. Møbelarbeidarane følgde lojalt opp. Dei visste dei var i same båt.

Det utvikla seg ein kultur for å setje dristige mål og få ting gjort. Både på sjefskontoret og på “gølvet” var haldninga: Det nyttar ikkje å gi seg. Møbelmarknaden er usikker som fiskelykka. Men det er alltid von i hengande snøre og ein god agent.

Møbelfolk er ikkje kjende for å sjå seg tilbake. Dei tenkjer framover, til neste sesong og neste møbelmesse. Denne utstillinga er eit forsøk på å late historia henge med. Vi har gjort nokre nedslag i ulike epokar i den meir enn hundre år lange møbel historie. Og når tiåra har gått og støvet har lagt seg, står det framleis ein del spesielt vellykka møbelprodukt att og har overlevd. Dei er dei norske møbelklassikarane, som vi også viser eit utval av her.

Velkomen til utstillinga! Og versågod! Det er lov å prøvesitje i utstillinga.

Kjetil Tandstad

avdelingsleiar

Norsk Møbelfaglig Senter

Dagens basisutstilling byggjer på utstillinga frå 2012:

Utstillingsdesign: Tone Anda.

Grafisk utforming EldArt.

 

Starten på det heile


Arnestaden for møbelindustrien var Stranda. Det byrja ved høvlebenken i kjellaren. Jordbruket hadde alltid vore hovudnæringa, men på dei små gardane i vest var attåtnæringar livsviktige. I tillegg til vinterfisket, gav heimeindustri ekstra inntekter. På Stranda, der det rundt 1900 fanst eit par hundre husstandar, var det meir enn 100 smier. Høvlebenkar var det minst ein av på kvar gard. Eit kurs i korgfletting, i regi av Norsk Husflids Venner i 1908, skulle bli eit vendepunkt for Stranda og bygdene rundt. 16-åringen Peter Ivarson Langlo var heldig og fekk plass på kurset. Han lærte fort og kvitterte med ein liten og forseggjort korgstol i peddig og pil.

Ikkje lenge etter var han og nokre kameratar i full sving med å lage korgmøblar heime i kjellaren i Pål-garden på Langlo. Etter tolv år kunne den veksande verksemda flytte inn i ein nedlagt tønnefabrikk ved fjorden. Etter fem nye år – i 1925 – var P.I. Langlo den største korgmøbelprodusenten i Norden.

Det var ein suksess som mange la merke til og ville ha del i. Mange av arbeidarane lærte kunsten hos P.I. Langlo og byrja seinare for seg sjølve.  Det var ei makelaus knoppskyting, som spreidde seg raskt til nabokommunar som Sykkylven og Ørsta. Korgmøbelproduksjon var arbeidsintensivt handarbeid – ein produksjon godt tilpassa eit samfunn med mange ledige hender og låge arbeidslønner.

Men tidene endra seg. Kundane ville ha mjukare og meir solide møblar. I 1929 gjekk P.I. Langlo i gang med å produsere overstoppa stolar. Dei var bygde på ei ramme av treverk på surra springfjører montert på ein botn av salgjord og stoppa lag på lag med alfa, vatt og shoddy. Dei nye produkta kravde ein større og dyrare maskinpark. P.I. Langlo hadde bygningar og pengar og skaffa seg eit forsprang. Men konkurrentane kom hakk i hæl.

Krigsåra skulle bli ei god tid for møbelprodusentane. Problemet for forbrukarane var ikkje først og fremst pengemangel, men at det var så lite å få kjøpt. Møbelprodusentane var kreative når dei skaffa seg råvarer. Dei henta treverk i eigen skog og brukte strie og møbelstoff som var laga av papir. I Sykkylven vevde Olav P. Eidems Striefabrikksurrogatstrie av papirtråd.

Utviklinga fann seg ulike vegar frå kommune til kommune. På Stranda kom veksten innanfor eit fåtal bedrifter. I nabokommunen Sykkylven kom veksten gjennom ein frodig flora av kjellarbedrifter i perioden 1938 – 1952. Men så forsvann kjellarbedriftene like fort som dei hadde kome. Krava til maskinpark, profesjonalisering og nye salsformer tvinga dei minste bedriftene til å leggje ned. Frå 1953 kom også skumplasten, som revolusjonerte den tradisjonelle måten å stoppe møblar på.

1. Korgstol frå tjueåra. Ukjent opphav.(NMFS)

2. Alfa-rivemaskin. Sjøgraset alfa, som vart brukt i stoppinga, kom i hardt samanpressa fletter som måtte rivast opp maskinelt.(NMFS)

3. Magnethammar. Møbeltapetsering er krevjande, fordi ein har minst ei hand for lite når ein skal halde hammar, stift og stoff på plass. Magneten gjorde det mogleg å fylle munnen med stift (tacks) og hente dei ut med hammaren.(NMFS)

4. Oppspretta lenestol viser den omfattande oppbygginga av ein overstoppa lenestol. Først salgjord av hampestrie, så surra spiralfjører, dernest lag på lag med strie, alfa, krøllhår, stampelo, lerretsstrekk og til slutt møbelstoff.(NMFS)

5. Possementsnormaskin. Under siste verdskrigen var det vanskeleg å få tak i possementssnorer som vart brukte som pyntekantar på møblar. Sigurd Ekornes utvikla denne maskinen og selde snorer til fleire produsentar.(NMFS)

6. Sofaseng frå Ekornes, 1950-åra.Beslagmekanismen til sofaen hadde Jens Ekornes med seg tilbake frå ei studiereise i USA i 1946. Beslaget vart brukt i mange sovesofamodellar frå Sunnmøre.(NMFS)

 7. Trekkspelseng/stol som var i bruk i ein heim på Arset i Vanylven fram til 1952.(NMFS)

Støv på hjernen
Folk flokka seg saman i blokkhusvære og småhus i byar og tettstader i tida rundt siste verdskrigen. Trass i at det var trongt om plassen, vart små stover ofte fylte opp med store og plasskrevjande salongar som berre skulle brukast til søndags. Utover femtitalet kom reaksjonen: Plassen måtte utnyttast effektivt. Møblar skulle vere lette og funksjonelle og helst dekkje fleire behov. Stolar og sofaer skulle kunne slåast ut og bli sengeplass om natta. Bestestova vart daglegstove. Heimeverande husmødrer i lettstelte og små husvære fekk støv på hjernen og var over alt med vaskebøtta og støvsugaren. Metodane frå industrien vart også brukt for å effektivisere husarbeidet: Tidsstudiar vart gjennomførte for å finne ut korleis husmora mest effektivt kunne få arbeidet unna.

Møbelprodusentane tok raskt signala: Swingbed frå Ekornes, som kom i 1948, var liten og lett og sengene kunne svingast frå kvarandre slik at ein lett kunne kome til understøvsuging og oppreiing. Modellen vart raskt den mest selde i landet. Lenestolen Nordic kunne slåast saman og stablast vekk når gjestene hadde gått. Den lette Flamingo-stolen frå Velledalen Møbelfabrikk og den stødige armstolen Blinken frå Hjellegjerde fekk plass i mange heimar. Combina-benken var seng om natta og sofa om dagen og kunne setjast saman som hjørne eller andre variantar. Eit skjult syskrin under sidebordet og plass til sengetøy i ein pose under madrassen var praktisk og sparte plass.

8. Swingbed. Denne populære dobbeltsenga frå J.E. Ekornes vart lansert i 1948. Senga kunne svingast ut når det skulle reiast opp eller ved reingjering og vart raskt ein bestseljar i Noreg.(NMFS)

9. Syskrin/puff i skai og tekstil.  Produsert hos Hove Møbelfabrikk, hos ”Puffe-Peder” i Stordal. (NMFS)

10. Flamingo nr. 1, prototype frå Velledalen Lenestolfabrikk 1952. Design: Jon Hjortdal og Fridtjof Drabløs. (NMFS)

11. Blinken, teikna av Adolf Relling, vart lansert i 1956. Ein lett supplementstol som vart ein stor salssuksess for Hjellegjerde Møbelfabrikk.(NMFS)

12. Combina. Ekornes tidleg i 1960-åra. Design: Haldor Vik og Ingmar Relling. Combina er basert på modulprinsippet som gir svært fleksible møbleringsløysinger. Combina var storseljaren før Siesta og Stressless og var med på å opne opp for norsk møbeleksport, mellom anna til  Tyskland. (NMFS)

13. Nordic. Lenestol frå 1954 som kunne leggjast saman. Design: Ingmar Relling. I desse åra byrja Vestlandske Møbelfabrikk og andre norske møbelfabrikkar å orientere seg mot eksportmarknadene. Nordic-stolen kunne flatpakkast og var ein av dei første stolane med skumplast. (NMFS)

Kople av/kople til
Idealet var lenge å kunne slenge seg nedpå i en stol som var mjuk og tilbakeleint. Då fjernsynet kom, vart heile familien sitjande i sofa og lenestolar i ein halvsirkel rundt apparatet. Livet hadde blitt makelegare. Muskelarbeid, trakk og tunge løft vart stadig større grad erstatta av maskinar. Fleire sat gjennom heile arbeidsdagen. Men slitasje- og belastningsskadane vart ikkje borte. Sakte trengte ei ny sanning seg fram: Det er ikkje berre det tunge slitet som gir folk ryggvondt og helseplager. Også stillesitting, statiske arbeidsstillingar og repeterande rørsler skulle vise seg å vere ei stor påkjenning for kroppen.

Designaren Peter Opsvik meinte kroppen hadde godt av å bli brukt. Han lanserte omgrepet aktiv sitting og spissformulerte: Den beste stillinga er alltid den neste. Han tok til å eksperimentere med ulike stoltypar som skulle få folk til å endre sitjestilling oftare. Ein ryttar i salen var eit ideal og eit utgangspunkt for Balans-serien som med sine meiar og setevinkel fremja rak rygg og aktiv sitting. Mennesket er ikkje skapt for å sitje stille, men for aktivitet, rørsle og leik, meiner Peter Opsvik. Den nye måten å tenkje stolar på, skulle bli ein naturleg del av norsk møbelproduksjon. Ideen om aktiv og variert sitting har fått særleg mykje å seie for utforminga av moderne kontor- og arbeidsstolar.

Her er omtale av den gjenstandar ørste utstillinga, Ver så god, sitt!! Utstillinga vart nyopna i utvida og oppgradert utgåve i 2014:

14. Stressless Original (1971). Design og produksjon: J. E. Ekornes.(NMFS)

15. Recliner (tidleg 1960-tal). Prototype, vart aldri sett i produksjon. Design: K. Emdal & Co. (NMFS)

16. Eva Design: Anderssen & Voll. Produsert og utlånt av L.K. Hjelle.

17. Variable balans (1979). Design: Peter Opsvik. Produsert av Variér. (NMFS)

18. Tandberg TV (tidleg 60-tal.) Det første fjernsynet i Sykkylven.(NMFS)

19. Savo Ikon. Design: Fredrik Torsteinsen og Svein Gusrud. Produsert og utlånt av EFG Hov + Dokka.

Tumleplass
Kong Frederik 6. av Danmark-Noreg hadde sin eigen barnestol då han voks opp som prins på 1770-talet. Det var han ganske åleine om. Den vakre dreia stolen med pute og fotbrett som vesle prins Frederik sat i, kan framleis sjåast utstilt på Rosenborg Slot i København. Men møblar tilpassa borns behov var den gongen eit sjeldan unntak. Ungar flest har måtta stå på kne i benken med nasen så vidt over bordkanten heilt fram til moderne tid. Rundt 1900 dukka det opp ein slitesterk modell av ein barnestol som har blitt produsert heilt opp til våre dagar: I oppreist tilstand var det ein stol høg nok til at barnet kunne sitje godt ved matbordet. Stolen var hengsla og kunne bli ein  låg stol med bord til. Dei mest forseggjorte modellane hadde også ei luke i setet. Når barnet skulle på potte, var det berre å fjerne lokket og skyve potta under.

Variantar av denne modellen heldt lenge stillinga også ei stund etter at suksessen Tripp Trapp kom i 1972. Tripp Trapp vart ein makelaus suksess for produsenten Stokke. Forma var ny og stolen kunne vekse med barnet. Denne bestseljaren har blitt utfordra blant anna frå Kiddo frå Sandvik og Stokkes eigen Sitti.  Men i den store internasjonale samanhengen er framleis Tripp Trapp ganske dominerande. I dag finst det eit vell av møblar for born på marknaden – for en stor del miniutgåver av stolar og bord for vaksne. Nokre av dei er veslevaksne utgåver av Arne Jacobsens Syveren og design-ikon signert Phillippe Starck og Verner Panton. Men dette er miniutgåver av vaksenstolar. Får ungane velje, vil dei heller ha variantar av sitjesekkar eller bean bags i ulike utgåver. Det er mjuke sekker fylte med tørka bønner eller kuler i PVC eller polystyren som borna både kan sitje, sove og leike i.

Marius-Tjukkasen er eitt av produkta, med heilnorsk dekor frå den kjende Mariusgenseren. Men den mest kjende her i landet er utan tvil Saccosekken, som har hatt sin faste plass i kjellarstova, på barnerom og framfor fjernsynet i mange tiår. Ekornes fekk sekken på kjøpet då dei kjøpte opp ein svensk møbelfabrikk tidleg på åttitalet. Den formlause sekken vart straks ein kjempesuksess. Tre italienske designarar, Piero Gatti, Cesare Paolini og Franco Teodoro, lanserte sitjesekken alt i 1968. Først tenkte dei at sekken skulle fyllast med vatn. Dei prøvde også ut ping pong-ballar før dei enda opp med dei små isoporkulene. Saccosekken skulle kome til å representere antidesign-bølgja i Italia og andre land og vart oppfatta som anten spennande eller smaklaus fordi den utfordra og leika med konvensjonane og den gode smak.

20. Marius Tjukkas. Sittesekk (bean bag) i mariusmønster. Barnevennlig pute til leik og avslapping. (Utlånt av bagofbeans.no)

21. Barnestol, truleg frå mellomkrigstida. Masseprodusert, kanskje import.(NMFS)

22. Kiddo. Barnestol frå Sandvik 2012. (Utlånt frå Sandvik)

23. Chairless. Sitt godt utan stol. Fest stroppa bak ryggen og over knea. Vitra Museum.(NMFS)

Norske møbelklassikarar
I 2011 gjekk representantar for Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design, kunsthøgskulane i Oslo og Bergen, Norsk Møbelfaglig Senter og organisasjonen til norske interiørarkitektar (NIL) saman i ein jury. Oppdrag: Å kåre dei beste norske designmøblane.

Den nyaste norske møbelkanonen er samansett av 43 norske stolar og ein sofa i slitesterk design. På denne utstillinga er det stilt ut nokre av dei.  Den eldste her er den lette og luftige spilestolen Scandia jr. frå 1957 (design: Hans Brattrud). Den nyaste er Copenhagen frå 2007 (design: Lars Tornøe).

Møblane dekkjer ei rekkje milepålar i norsk møbelindustri. Den nyskapande skalstolen Planet (design: Sven Ivar Dysthe) frå 1965 var eit vellykka formeksperiment. Siesta frå same år (design: Ingmar Relling) er også eit stilikon i tillegg til at den både utnytta den nye lamineringsteknikken og kunne flatpakkast.

Ecco (design: Møre Designteam) varsla ein leikande og uhøgtideleg trend i møbleringa då han vart lansert i 1970. Variable Balans-serien (design: Peter Opsvik, 1979) frå dei kreative syttiåra var bygd på ein heilt ny filosofi: Ideen om aktiv sitting.

På åttitalet eksperimenterte ein med ny bruk av laminert tre, til eksempel i Spring (design: Terje Hope 1984). Nittitalet er prega av ein kul og urban design, med vekt på lineføring og detaljar, her representert ved kvilestolen Contura (Svein Asbjørnsen 1994) og stablestolen Jazz Monk (Hindenes og Vikøren 1992).

Klassikarrekkja på utstillinga dokumenterer ei rivande utvikling både innan teknologi og design og gjenspeglar at design, industri og samfunn har vore i rask endring. Men møbelklassikarane illustrerer også at god form er tidlaus. Av dei 44 utvaldemøbelklassikarane frå meir enn sytti år, er halvparten i produksjon i dag.

24. Spring (1984). Design: Terje Hope. Produsert av Fora Form.(NMFS)

25. Optima (1988). Design: Ingmar Relling og Knut Relling. Produsert av Rybo. (NMFS)

26. Falcon (1971).Design: Sigurd Resell. Produsert av Rybo.(NMFS)

27. Contura (1994). Design: Svein Asbjørnsen. Produsert av Vad. Utlånt av Svein Asbjørnsen, sapDesign.

28. Vatne 711 (1960). Design: Fredrik Kayser. Produsert og utlånt av L.K. Hjelle.

29. Copenhagen (2007). Design: Lars Tornøe. Produsert av Fora Form.(NMFS)

30. Totem (1984). Design: Torstein Nilsen. (NMFS)

31. Scandia jr. (1957). Design: Hans Brattrud. Produsert av Fjordfiesta sidan 2003.(NMFS)

32. Ecco (1970)Design: Møre Designteam.(NMFS)

33. Jazz Monk (1992). Design: Steinar Hindenes og Dave Vikøren. Produsert og utlånt av Fora Form.

34. Planet (1965). Design: Sven Ivar Dysthe. Produsert av Fora Form sidan 2002.(NMFS)

35. Siesta (1965). Design: Ingmar Relling. Produsert av Rybo.(NMFS)

Utstillinger
På senteret er det jevnlig utstillinger om forskjellige tema innenfor møbelhistorien i Norge.

Basisutstilling
Ei ny fast utstilling i nye og utvida lokale opna 9. juni 2012. Utstillinga viser hovudtrekk i møbelhistoria sidan starten for møbelindustrien i 1908. Utstillinga blir i 2013 bygd om og utvida med fleire element og oppplevingar. Fram til det vil vår faste utstillingvere open frå klokka måndag- fredagar frå klokka 12 til 16. Fra basisutstillingen Møbeleventyret på Sunnmøre