Det sunnm. møbeleventyret

Utstilling åpnet i oktober 2005
Gjennom denne utstillinga vil vi prøve å gje svar på det spørsmålet mange har stilt seg når det gjeld møbelindustrien på Sunnmøre: Korleis kan det ha seg at det nett her, langt frå både dei store marknadene og dei fleste råvarene, har vakse fram ein livskraftig møbelindustri? Ja, ikkje berre vaks industrien fram. Han beit seg fast, trivdest og ekspanderte på nes, ved fjøresteinar og under berghamrar og vann nye marknader i inn- og utland, samtidig som andre industrigreiner måtte flagge ut. Ei slik historie kan med rette kallast eit eventyr – og eventyret held fram…

Korgfletting
– Det erblitt reine fabrikken oppe i Pål, sa dei på Stranda då kjerrelassa med korgvarer frå unge Peter I. Langlo si kjellarbedrift i Pålgarden på Langlo vart både fleire og større. Det starta med eit kurs i korgfletting i 1908. Mange ville ha dei rimelege korgvarene og flettastolane frå Stranda og etter eit par tiår var dette ei av dei største møbelbedriftene i landet. Møbeleventyret hadde starta.

Stoppamøblar på trerammer
– Det er møbelbedrift i annan kvar kjellar! Frå P.I. Langlo si bedrift på Stranda spreidde møbelproduksjonen seg som ringar i vatnet til nabokommunane på Sunnmøre. Det gjekk frå korgvarer til framstilling av stoppamøblar på trerammer. Dei lærte seg snart teknikkane og konkurrerte ut handverkarane i byane gjennom ein effektiv serieproduksjon.

Granneskapseffekten
– Kvifor vart det så mange møbelbedrifter på Sunnmøre? Ja, det er grunn til å spørje om det, for sunnmøringane var langt vekke både frå marknader og de fleste råvarer då dei byrja å produsere møblar. Men det var lettare å ta til når ein nabo allereie hadde starta og lukkast bra med møbelproduksjonen. – Kvifor skal ikkje også eg få det til? var det stadig fleire som spurde. Dei heiv seg ut i det, og mange lukkast. Det er dette vi kallar granneskapseffekten.

Som bilar, så møblar
Det som gjorde at møblane frå dei nye møbelfabrikkane på Sunnmøre vart billegare enn møblane frå dei etablerte handverksbedriftene i byane var arbeidsdelinga. I møbelfabrikkane spesialiserte arbeidarane seg på avgrensa oppgåver i møbelframstillinga. Ideen hadde dei fått frå samlebandsproduksjonen i bilindustrien i USA. Resultatet vart enkle og rimelege møblar som folk flest kunne ha råd til, også dei som tidlegare ikkje hadde hatt råd til å skaffe seg kjøpemøblar.

Fiskelukt av møblane?
Handverkarane i Oslo vart truga av konkurransen frå dei nye møbelfabrikantane på landsbygda, mellom anna på Sunnmøre. For å vise kor dårleg kvalitet det var i fabrikkmøblane frå Sunnmøre gjennomførte ein handverkar i Oslo ein aksjon der han stilte ut ein demontert sunnmørsstol i eit butikkvindauge. Det vart hevda at treverket var henta frå gamle fiskekasser! Aksjonen verka mot si hensikt. Sunnmørsfabrikantane skjerpa kvalitetskrava og fleire forbrukarar vart merksame på dei rimelege møblane.

Krigsår og kreativitet
Det vart starta mange møbelverkstader i landkommunane på Sunnmøre under krigen. Ein hovudgrunn til det var at sunnmørsprodusentane hadde tilgang på ettertrakta landbruksvarer som dei kunne bytte i råvarer til møbelproduksjonen. Kjøt, smør, egg og grønsaker vart omgjort til metallfjører, møbelstopning og møbelstoff. Dei nytta også ut lokale råvarer og fann fram til erstatningsmaterialar som resulterte i enkle, men funksjonelle møblar. I løpet av krigsåra, og dei første åra etter krigen, vart tyngdepunktet i den norske møbelindustrien flytta til Vestlandet. Det var særleg i fylka Rogaland, Hordaland og Møre og Romsdal det vaks fram sterke møbelmiljø.

Kokelag (1930 – 1950-åra)
Til møbelindustrimiljøa på Sunnmøre kom det tilflyttande arbeidstakarar frå store delar av landet. Det var oftast einslege, unge gutar som kom. Den første tida budde dei gjerne på hyblar i privathus. Det var ikkje uvanleg at det budde både tre og fire arbeidarar i privathusvere i Sykkylven. Enkelte fabrikkar bygde også hybelhus. I tilknyting til desse vart det skipa eigne kokelag.

Kvinner frå lokalmiljøet fekk arbeidet med å lage til middagar til dei som budde i hybelhusa eller i husvere i nærmiljøet. Også denne innsatsen var ein viktig del av verdiskapinga i den lokale industrien. Det er fare for at næringsinntaket ville ha vore mindre allsidig – og kraftgjevande – om dei unge karane skulle hatt ansvaret for matlaginga sjølve…

Møre-tariffen
– Ein hovudgrunn til at møbelindustrien på Vestlandet fekk ein oppsving frå 1930-åra og framover, var den industrielle produksjonsmåten. Det spesialiserte industriarbeidet var normalt ikkje så høgt lønna som arbeidet til handverkarane i byane. Elles låg lønningane på landsbygda til vanleg noko lågare enn lønningane i byane. Dette resulterte i at det i møbelindustrien i Norge utvikla seg tre ulike tariff-område: Austlandet, Vestlandet og Møre. Tariffen på Møre var den lågaste, tariffen på Austlandet høgast. Etter ein streik i møbelindustrien i 1949 vart denne lønnsmessige diskrimineringa fjerna, og det vart berre ein tariff, felles for heile landet.

Frå handarbeid til industri
– Sjølv om møbelbedriftene på Stranda, i Sykkylven og i dei andre nye møbelkommunane produserte møblar effektiv, var det mykje handarbeid i møbelproduksjonen heilt fram til 1950-åra. Då kom nye maskiner inn i bedriftene. Ofte var det kombinertmaskiner som tok fleire operasjonar. Etter kvart forsvann kjellarbedriftene. Dei som overlevde var dei som våga å gjere investeringar i nye anlegg, teknologi og det mest moderne av produksjonsutstyr. Sykkylvingen Otto Hjellegjerde var ein av dei. Ein gong midt i 1950-åra tok han ein stein i handa og kasta ut i sjøen frå fabrikkkaia. ”Dit skal vi fylle stein for å få plass til neste byggjesteg, sa han!

Menn i kvite frakkar
– Eg likte ikkje å bli kika over skuldra når eg arbeidde! Det mange arbeidstakarar hugsar frå arbeidslivet frå midten av 1950-åra er at tempoet i bedriftene auka. Det meir kostbare produksjonsutstyret måtte nyttast effektivt. Daudtid og lediggang var dyrt. Difor henta bedriftsleiarane inn såkalla tidsstudiefolk som tok tida på kvar arbeidsoperasjon for å sjå om det var mogeleg å leggje arbeidet meir rasjonelt opp. Desse tidsstudieekspertane var ikkje alltid like velsedde mellom arbeidarane, men dei kunne likevel vere nyttige medhjelparar for å gjere produksjonen enklare og meir lønsam.

Scandinavian Design
Dei første møblane frå sunnmørsfabrikkane var tradisjonelle i uttrykket og formmessig lite nyskapande. Etter siste verdenskrigen vart forbrukarane meir internasjonalt orienterte når det gjaldt stilretningar. Med enkle og reine møbelformer trefte norske møbelprodusentar desse stilimpulsane. Profesjonelle designarar vart i aukande grad nytta av heimlege møbelfabrikantar, også dei på Sunnmøre. Scandinavian Design skaffa norske møblar nye kundegrupper i utlandet.

Revolusjonerande materialar: Laminat
Sunnmørske møbelprodusentar var blant pionerane i den norske møbelindustrien når det gjaldt å nytte ut lamineringsteknologien. Gjennom å presse saman lag på lag med tynne finerark kunne produsentane forme møbeldelane nesten slik dei ville. Med dette fekk møbelarkitektane friare spelerom for sine idear og forbrukarane fekk meir spenstige møbeluttrykk. Skumgummi Med matter av skumgummi og skumplast vart den tidkrevjande stopninga med metallfjører, alfa, krøllhår og shoddy eit tilbakelagt stadium. Tidlegare tok det timar å byggje opp eit stolsete. Med dei nye mattene tok det sekund!

Møbel-nettverket på Sunnmøre
Ein av dei viktigaste grunnane til at møbelbedriftene på Sunnmøre lukkast så godt som dei gjorde var at det vaks fram eit nettverk av underlevendørar som kunne forsyne dei med delar og tenester som dei trong. Det gjaldt mellom anna skumplastputer, trelaminat, beslag og andre metalldelar, symaskiner, dataløysingar og tenester innanfor design, marknadsføring og sal. Møbelclusteret vert dette nettverket kalla.

Ei framtid i møbel
– Frå 1980-åra har det blitt gjeve yrkesutdanning for møbelindustrien på Sunnmøre, i første rekkje i Ålesund og i Sykkylven. Utdanninga er forma i eit nært samarbeid mellom skule og næringsliv, og gjennom å opprette lærlingplassar har møbelindustrien uttrykt at den vil vere med å konkurrere om den utdanningssøkjande arbeidskrafta. Så seint som i 1983 var det berre 3 % av arbeidstakarane i den norske møbel- og trevareindustrien som hadde fagbrev. I 2005 var det 30 %.

Kjerringa mot straumen
Industriproduksjonen i Noreg nådde toppunktet i 1973 når det gjaldt antal sysselsette. Etter det gjekk talet på årsverk i industrien nedover. Dette gjaldt industrien på landsbasis. Innan møbelindustrien på Sunnmøre var biletet annleis. Her gjekk talet på tilsette og produksjonsmengda stadig oppover heilt fram til slutten av 1990-åra. Suksessen til den sunnmørske møbelindustrien kom dels av ei målmedviten satsing på produktutvikling og design, og dels av ei vellukka rasjonalisering av produksjonen som førte til at meir av det rutineprega arbeidet vart teke over av maskiner og robotar.

Utflagging – ikkje svart/kvitt
– Skal vi leve av å klippe kvarandre her i Noreg? Det er lett å ta til mismotet når ein ser statistikken over nedlagde og utflagga arbeidsplassar i den norske industrien. Møbelindustrien har heller ikkje gått klar dei siste åra. Fleire norske møbelbedrifter har oppretta produksjonsavdelingar i lavkostland, og ein aukande del av møblane som vert selde i butikkane kjem frå produsentar i slike land. Det treng ikkje vere noko anten eller. Når norske bedrifter får arbeidskrevjande oppgåver utført i andre land, kan dette styrke den heimlege produksjonen og vere med å sikre norske arbeidsplassar.

Eg har så vondt i ryggen!
Ryggplager er i dag ein av dei største folkelidingane. Møbeldesignarar og møbelprodusentar prøver å rette opp skadane som kjem av for mykje stillesitting og feil arbeidsstillingar. Ergonomisk tilpassa stolar er eit av dei viktigste bidraga frå norsk møbelindustri til den globale møbelmarknaden. Møblar som legg til rette for variasjon og bevegelse vil vonleg bidra til å redusere talet på øydelagde ryggar i framtida. Kanskje du her finn ei stol som kan gjere godt for din rygg?

Ei næring for framtida
Møbelindustrien er ein av dei få fredigvareindustrier som har greid å halde oppe produksjonen i Noreg. Det er ingen grunn til å tru at det sunnmørske møbeleventyret skal ta til på det siste kapitlet med det aller første. Tvert om! Møblar må vi ha, for å finne støtte, kvile og avkopling. På Sunnmøre veit dei korleis nye tankar vert omforma til salbare produkt!