2008

Styremøte i Venneforeininga, Næringens hus 21/10 2008

Til stades: Grethe Østerhus Røyr, og styremedlemmer Petter Kirkebø. Karl Johan Emdal, Mindor Hjellegjerde, Astrid Eik Roald.

Eldar Høidal og Kjetil Tandstad NMFS.

Sak 1:
Møbelkart. Arbeidsgruppa som har arbeidd med å førebu eit kart over møbelbedrifter i Sykkylven (Petter K, Mindor H, Kjetil T)  la fram eit forslag til korleis arbeidet skal leggjast opp. Ein tenkjer seg ein smal foldar med fem-seks utbrettar, i svart kvitt, der ein plottar inn møbelbedriftene på eitt stort kart og fleire småkart/luftfoto.

Brosjyren skal innehalde omtalar av alle bedriftene, gjerne også foto av husa utvendig og innvendig og av dei som arbeidde der. Foto finst blant anna i Lyshol-arkivet og i familiealbum. Flyfoto finst på heimesida til Per Arne Aursnes frå 1949 og 1961 – 62. Det er også bilde å finne etter Sunnmørspostens reportasjeraid i 1946-47 og 1955-56.

Brosjyren skal ha ei spalte med opplysningar om Norsk Møbelfaglig Senter og møbelmuseet og ha korttekster på engelsk og tysk. Kjetil Tandstad blir redaktør for brosjyren og skal stå for det praktiske arbeidet med manus og stoffinnsamling. Eldar Høidals Industrisoge for Sykkylven har det aller meste med.

Eldar Tandstads firma EldArt skal få i oppdrag å hente inn prisar på ein brosjyren som skal ha eit opplag på 5000. Til neste møte 25/11vil venneforeininga ha pristilbod på bordet. Planen er at brosjyren skal vere klar til påske slik at ho kan takast i bruk til neste turistsesong.

Inntektsbringande tiltak:
Brosjyren blir eit nytt løft for Veneforeininga og ein ser for seg at ein del av kostnadene må dekkjast inn gjennom sponsorinntekter. Det vil også bli søkt om pengar frå ulike fond. (Holm-stiftelsen, Unifondet, Sparebanken Møre, Gjensidige) Styret vurderer å gi tilbod om medlemskap i vennelaget som julegåve.

Sak 2. Undersøkingar i jærstolmiljøet.
Grethe Østerhus Røyr har hatt samtalar med representantar frå jærstolmiljøet. Ho snakka blant anne med Njål Hetlelid i Vormedalen og Lise Hansson. Møbelmiljøet på Jæren er i tilbakegang, er inntrykket, men det er stor interesse blant bl. Andre Lise Hansson om å ha kontakt med Norsk Møbelfaglig Senter.

Sak 3. Eventuelt.
Det blir teke sikte på to programkveldar: Den første 25. januar på Elvetun. Eit møte med veteranar: Fridtjof Drabløs, Tomas Tandstad, Jon Kurseth, Johan Svindseth, Olav Hole, Leif Drotninghaug). Gevinstar til tombola: Inge Langlo-bok, Stokke-boka, industrisoga, cd-ar med Blue Horn og andre musikarar med møbeltilknyting. Det er også planar om ein større programkveld på kulturhuset i april. Blant folk som kan spørjast om å stille med innslag er Helge Søvik (tidlegare journalist i Sunnmørsposten og Sunnmøringen og møbeljournalist gjennom mange år),  Hilde Louise Asbjørnsen og museumspedagog Magnhild Vatne NMFS, som har eit program for barn som gjeld møbelgrunderane.

Neste møte: Tysdag 25. november klokka 18:00

Ref: Kjetil T.