Kontigentbrev

Kjære møbelvener – 2012
Møbelindustrien er ei veldig viktig næring i landet vårt i dag.

Norsk Møbelfaglig Senter (NMFS) er møbelbransjen sitt museum og dokumentasjonssenter. Senteret er ein kunnskapsformidlar og ressursbank for alle som er interessert i norsk møbelindustri i fortid og notid. NMFS sine aktivitetar er retta mot industrimiljøet, skule og utdanning, turisme og mot folket innan alle samfunnslag med interesse for norsk møbelproduksjon.

Venneforeininga for NMFS si oppgåve er å utøve ein støttefunksjon til senteret. Venneforeininga vil på ulike måtar vere med å løfte fram historia til møbelindustrien – ei historie som på mange måtar er eineståande. Ei sterk venneforeining betyr auka aktivitet rundt dei verdiane som er nedfelte i lokalsamfunna der møbelindustrien har vakse fram. Å få desse fram i dagen, for å minnast, men også for å bli inspirerte og imponert over det dei kunne få til, er ei viktig oppgåve for venneforeininga. I dette arbeidet ønskjer vi å få med oss flest mogleg frå møbelindustrien i dag, og elles personar som kjenner denne industien, og elles alle interesserte. Fint om du vil bli medlem og støttespelar.

Medlemsskap
Vi er veldig takksame til alle som kan støtte oss med sitt medlemsskap.

Medlemspengane for 2013 er:
Kr.    100  for personleg medlemsskap
”      300  for bedrifter med 1-10 tilsette
”      500  for bedrifter med 11-100 tilsette
”      1000 for bedrifter med  101-200 tilsette
»      2000 for bedrifter med 201 eller fleire tilsette

Bankkonto: Venneforeininga for NMFS 3910.31.62290

Med venleg helsing
for Venneforeininga for NMFS