Møtereferat 11.02.14

Årsmøte i Veneforeininga til Norsk Møbelfaglig Senter 11.02.2014
Til stades: Grethe Ø. Røyr, Astrid Hausvik, Ola Kvistad, Norvall Hjellegjerde, Ole-Petter Solnørdal, Eldar Høidal, Petter Kirkebø, Jarle Tusvik. Johan Svindseth, Petter Tormod Røyr og Kjetil Tandstad (ref).

Leiar Grethe Ø. Røyr orienterte om at årsmøtet var gjort kjent 21.1.2014 med annonse i Sykkylvsbladet. Grethe Ø. Røyr vart vald til ordstyrar. Jarle Tusvik og Ole-Petter Solnørdal vart valde til å skrive under protokollen. Kjetil Tandstad vart vald til referent.

1. Årsmeldinga for 2013 vart godkjent med mindre justeringar.
Styret for 2013 har vore samansett slik: Leiar: Grethe Østerhus Røyr
Styremedlemer: Petter Kirkebø, Ole Petter Solnørdal,
Norvald Hjellegjerde, Karl Johan Emdal.
Varamedlemer : Ola Kvistad, Ingjerd Asbjørnsen.
Valkomite: Eldar Høidal, Karen Elise Matheson, Johan Svindseth.
Revisor: Hallvard Sandvik.
Sekretær og kasserar utan stemmerett: Kjetil Tandstad.

Visse endringar av styret kom til. Karl Johan Emdal som hadde jobb i Oslo, bad seg friteken, det same gjorde Ingjerd Asbjørnsen på grunn av helsa. Jarle Tusvik vart spurd om å vere ein midlertidig støttespelar i styret, noko han sa ja til og som har fungert godt.

På årsmøtet i 2013 gjekk dåverande styre inn for endring av kontingenten, både for privatpersonar og bedrifter.

For privatpersonar:
frå kr. 100 til kr. 150.

For bedrifter, fylgjande satsar:
1 – 10 tilsette kr.200 (før kr.300),
11 – 20 tilsette kr. 300
21 – 100 tilsette kr.500 (som før),
101 – 200 tilsette kr.1000 (som før) Over 200:kr 5000.

Rekneskapet viser at der er dårleg samsvar mellom medlemstalet og betalande medlemer. Her har vi ein jobb å gjere! Vi må m.a. sjekke talet på tilsette ved dei ulike bedriftene og sende ut fakturaer med påskriven kontingent. Dette gjeld også privat personar.

På kulturkveldane blir det diverre nødvendig å ta kr. 50,00 i inngangsbillett, alternativt loddsal. Inngangsbilletten er tenkt betalt ved borda saman med kaffipengane, kr 30.
Styret har hatt tre styremøte i 2013, noko som indikerer redusert aktivitet, men vi håper å kome sterkare att i 2014.

Kulturaktivitetar I 2013.
Styret gjekk inn for å ha to kulturkveldar i året, ein på etterjulsvinteren og ein om hausten. Hausten 2013 arrangerte dessutan Venneforeninga i samarbeid med Norsk Møbelfagleg Senter ei industrivandring opp Grebstaddalen med Eldar Høidal som guide. Som møbelhistorikar kjenner Eldar industriutviklinga i Sykkylven betre enn dei fleste og veit at i Grebstadalen var der eingong møbelbedrifter i annankvar kjellar. Vêrgudane smilte ikkje denne dagen, men vandringa vart gjennomførd så godt det let seg gjere.

Første kulturkvelden i 2013vart arrangert på kulturhuset i begynnelsen av april. Temaet var ”Gründeren”, og det vart introdusert av Kjetil som den utolmodige sykkylvsgründaren som aldri tok ”nei” som eit svar. Gjennom dialogen mellom Eldar og Kjetil vart andre karaktertrekk belyste: Dette med å vere målretta, aldri gi opp, men vere sterk i trua, kreativ og hendig vart vel noko av konklusjonen. Dei opna i alle fall nokre dører til gründeren si kreative, fruktbare fantasiverd som har vore med og skapt betra livsvilkår for mange.

Ragnar Sandnes var den som skulle levandegjere og personifisere Gründeren. Som 14-åring kom han til Sykkylven for å arbeide på fabrikken Jarnes & Krokå Møbel og Trevarefabrikk. I 1971 starta han og kameraten, Jon Bjørgvik, opp si eiga møbelbedrift, Rajo Møbler. På kveldstid hadde dei då allereie ei tid arbeidd barnemøblar heime i kjellarane sine. Utan manuskript fortalde Ragnar Sandnes levande og detaljert om sitt travle og meiningsfylte liv som gründer, eit liv som fylgde godt opp den allereie omtala gründerkarakteristikken.

Gründaren som samfunnsbyggjar vart også trekt fram av Jarle Tusvik då han fortalde om gründarbedriftene på Sørstrandsida. Vi fekk ein begripeleg beskrivelse av det ubegripelege som desse gründerane greidde å utretta. Sonja Hjelle Røv gledde dei frammøtte med song til eigen gitar. Petter Kirkebø og Norvall Hjellegjerde stilte med skuffekaker. Kjetil og Eldar bidrog med bokgevinstar. Kaffistunda med skuffekaker, utlodding og god prat vart ei hyggestund der vi også verva nye medlemer.

I slutten av oktober inviterte Venneforeninga til kulturkveld på Hjellegjerde fabrikken der Furnia no har etablert seg. Då Jarle Tusvik fekk ordet og fortalde kjapt og poengtert om gründerar og møbelbedrifter som eingong var etablerte mellom Ørsneset og Aure, så var sjølvsagt dette ei vidareføring og utviding av temaet på Gründerkvelden i april, men også eit positivt etterord. Det blir slik at di større innsikt og kunnskap ein får om dette temaet, di meir imponert blir ein over menneska bak bedriftene, dei blir som kjemper i eit samfunn der det daglege slitet for føda er det maksimale eit menneske kan greie.

Odd Karstein Fløtre, tidlegare driftsingeniør ved Vestlandske Møbelfabrikk med ansvar for produksjonsprosessane, stod for det musikalske opplegget denne kvelden og leia kveldens allsong: ”Dei gamle fjell i syningom” Fjella står for det evig uforanderlege i ei verd med stadige endringar. Odd Karstein Fløtre er også musikar, og saman med fire brør har han spreidd glede både i heimbygda Lauvstad og i Sykkylven. Saman med bror sin gledde han oss med musikk og song, men helst ville han snakke om Sykkylven si fjerne fortid, om vikingtida og Gange- Rolv, son til Ragnvald Mørejarl på Giske. Ved hjelp av kart og fakta prøvde han å overbevise publikum om at Gange-Rolv ikkje berre har levd på Sunnmøre før han for til Frankrike og grunnla sitt vikingrike i Normandie, men at han faktisk kom frå Fauskebygda i Sykkylven. Kanskje vil historia ein gong bli skriven om? Som vanleg på kulturkveldane kunne Venneforeninga også denne gongen by på heimelaga skuffekaker til kaffien, både Ole Petter Solnørdal og Ola Kvistad ytte sitt bidrag ,saman med Astrid Hausvik og Elisabeth Hjellegjerde, begge medlemer av Venneforeninga. Der vart nok av alt, både kaker og gevinstar og folk er alltid flinke til å ta lodd, Venneforeninga er avhengig av støtte, om vi skal kunna gi vårt forventa bidrag til ei utvikling av Norsk Møbelfagleg Senter.

Kvelden vart avslutta ved at leiar av Furnia, Lars Urtegård, fortalde om bedrifta han har ansvaret for og ga samstundes ein situasjonsrapport omkring møbelindustrien, lokalt, nasjonalt og globalt. Det vart ei påminning om at ”gründerånda”, framtidsvyar, optimisme og pågangsmot trengs no som før også innan denne industrigreina. Vi vart godt mottekne av Lars Urtegård på Furnia, og vi kjem gjerne igjen.

På årsmøtet til Norsk Møbelfagleg Senter 24.juni 2013 gjekk styret inn for å avskaffe stiftelsesmodellen som eigarstyret for NMFS fordi det inneber kostnader i overkant av 20 000kr. Etter kvart som fondet har blitt brukt opp har utgiftene til stiftelsesavgift gått ned til under tusen kroner og styreleiar har avstått frå godtgjersle, men framleis er det krav om forretningsførar og revisor. Venneforeninga sa seg viljug til å overta ansvaret for eigedomane stiftelsen har. Ingenting vart avgjort der og då, men i desember kom Lotteri- og stiftelsetilsynet sitt avslag på søknaden frå NMFS. Der står saka i dag. Dette til orientering. Styret i Veneforeininga understrekar at dersom det kjem eit nytt spørsmål om å ta over ansvaret og eigedommane til stiftelsen skal saka behandlast på nytt i Venelagsstyret.

Venneforeninga ser med forventning fram mot nye utfordringar i 2014, og eg takkar for samarbeidet i 2013,det har vore så fint å lære å kjenne kvar ein av dykk i styret og Kjetil og Eldar frå NMFS.

Sykkylven 10. februar 2014.
Grethe Østerhus Røyr(leiar)

2. Rekneskap:
2013 fekk eit underskot på kr 7.444, dette var kr 6.656 dårlegare resultat enn året før. Ser ein utviklinga over tid, er resultatet mykje dårlegare enn for nokre år sidan. Årsmøtet la vekt på at det måtte gjerast ein innsats for å få større inntekter. Ein viktig måte er å følgje betre opp medlemsstokken og purre dei som ikkje betaler i første omgang. Rekneskapen vart samrøystes godkjent.

3. Endring av kontingenten.
Frå 1914 er kontingenten 150 kroner per personleg medlem og det er følgjande satsar for bedrifter:
Frå 1- 10 tilsette kr 200. (før 300) Frå 11-20 tilsette: 300 kr. Frå 21 – 100 tilsette: kr 500 (som før) 101-200 tilsette kr 1000. Over 200 tilsette: 5000 kroner.

4. Val: Følgjande vart valde:
Leiar: Grethe Østerhus Røyr (attval som leiar – ikkje på val som styremedlem)
Styremedlem: Astrid Hausvik (ny)
Styremedlem: Jarle Tusvik (ny)
Styremedlem/kasserar: Ole-Petter Solnørdal (attval)
Styremedlem: Norvall Hjellegjerde (ikkje på val)

Varamedlem: Ola Kvistad (attval)
Varamedlem: Johan Svindseth (ny)
Revisor: Halvard Sandvik, attval

Valkomite: Attval for Eldar Høidal (leiar) og Karen Elise Matheson.

Petter Kirkebø , som gjekk ut av styret,etter mange års innsats, vart heidra med bokgåve , blomster og klem av styreleiaren.