Tidlegare arrangement

Skjermbilde 2014-03-02 kl. 23.53.32

Lansering av møbelkart for Sykkylven
-søndag 26. april kl. 17.00, i kantina til Brunstad AS

Vestlandske 1953
Industrieventyret - møbelfabrikk i kvar kjellar

Veneforeininga til Norsk Møbelfaglig Senter har i vinter arbeidd med eit kart som presenterer alle møbelbedrifter som har vore i Sykkylven. Over 100 bedrifter vert omtala og kartfesta på den flotte trykksaken som skal presenterast under eit arrangement i april.

Veneforeininga har alliert seg med gode krefter, og disponerer kantina ved møbelfabrikken Brunstad AS til arrangementet. I tillegg til presentasjon av møbelkartet, vert det også ei god matykt og musikkinnslag ved Flåens orkester.

 Program
Industrieventyret - møbelfabrikk i kvar kjellar

• Bygda, næringsliv og folkeliv v/Mindor Hjellegjerde
• Presentasjon av møbelkartet v/Kjetil Tandstad og Magnhild Vatne NMFS
• Kaffipause med høve til innspel styrt av Karl Johan Emdal
• Livet på ein møbelfabrikk v/Petter Kirkebø
• Flåens orkester

Inngangspengar for ein person kr 100/familie kr 150 (inklusiv eitt møbelkart, kaker og kaffi).

Skjermbilde 2014-03-02 kl. 23.53.53

Fullt hus og god stemning på kulturkvelden til veneforeininga

Grethe Østerhus Røyr og Karl Johan Emdal takkar Tomas Tandstad (i midten) for gode historier.

Foto: Ragnhild Langeland, Sykkylvsbladet

Godt over 50 personar møtte opp på søndagens Kulturkveld som Veneforeininga til Norsk Møbelfaglig Senter arrangerte søndag 25.januar på Elvetun. Det vart mange gode historier frå møbelkulturen i Sykkylven i 1940-1960-åra denne ettermiddagen. Eit arrangement der kvardagslivets kultruminner så absolutt var i sentrum.

I samtale med Karl Johan Emdal fekk den 95-årige møbelveteranen Tomas Tandstad fram latteren og minna blant dei frammøtte. Historiene var både om fabrikkarbeidaren og -eigaren sine utfordringar i trange økonomiske tider. Dei som var på Elvetun denne kvelden ser nok framleis føre seg ein spektakulær material- og stoltransport på sykkel, som Tandstad så levande skildra.

Astrid Eik Roald kåserte om opplevingar frå barndomen sin under 2.verdskrig. Ho fekk med glimt frå både hus og heim, arbeid og høgtid, og hausta gjenkjennande nikk i salen.

Kjetil Tandstad, avdelingsleiar ved Norsk Møbelfaglig Senter, fortalde om Veneforeininga sitt nye prosjekt, "Møbelfabrikk i kvar kjellar". Dette er eit "møbelkart" der det så langt er kartfesta og omtala 110 møbelbedrifter i dei ulike bygdelaga i Sykkylven. Kartet skal vere ferdig og lanserast i april månad i år.

Elles vart det også tid til musikkinnslag med Kammerkvartetten (Øygunn Tandstad, Kjell Gunnar Overøye, Carolin Port og Per Svein Tandstad). Dei spela fleire vakre klassiske musikkstykke. Allsong, matykt og loddsal med trekning var også på programmet.

Leiaren i Veneforeininga, Grethe Østerhus Røyr, batt det heile saman slik det vart ein fin og triveleg kveld for alle.

 

 

Skjermbilde 2014-03-02 kl. 23.54.28

Kulturkveld søndag 25. Januar kl 16.00

Kvardagslivets kulturminne

Veneforeininga er tidleg ute i Kulturminneåret 2009, og inviterer til hyggeleg kulturkveld på Elvetun førstkomande søndag.

Astrid Eik Roald, Tomas Tandstad, Karl Johan Emdal m.fl. vil fortelje om møbelkulturen i Sykkylven i tida 1940-1960.

Kjetil Tandstad vil legge fram årets stor-prosjekt "Møbelfabrikk i kvar kjellar - eit informasjonskart der alle møbelfabrikkar i Sykkylven vert både kartfesta og omtala.

Kammerkvartetten syter for musikk, og det vert eige opplegg for barna. Magnhild Vatne vil ha forteljarstund og leik/aktivitetar på eige rom.

Det vert allsong, matykt og utlodning.

Inngangspengar kr 50,-. Barn under 15 år gratis.

Velkomen!